Hopp til innhold

Europa vil heller ha atomkraftverk enn russisk gass

Ukraina-invasjonen kastar om på europeisk energipolitikk. – Trist at det måtte ein krig til for å synleggjere at kjernekraft er løysinga, seier Frp-representant.

Olkiluoto 3

PÅ MOTEN ATT: Ukraina-krigen gjer at Tyskland og Belgia vurderer å snu i spørsmålet om kjernekraft. På bilete: kjernekraftverket Olkiluoto 3 i Finland, som vart ferdigstilt i desember.

Foto: Hannu Huovila / TVO

Krigen i Ukraina gjer at fleire europeiske toppolitikarar tek til orde for å forlenge levetida på atomkraftverka sine.

Motivasjonen er å rive seg laus frå avhengigheita av russisk gass. I dag kjem opp mot 40 prosent av gassen som vert nytta i Europa frå Russland.

EU har difor førebudd ein kriseplan for gassforsyningar i tilfelle Russland på kort varsel struper forsyningane.

Blant dei som er mindre kategoriske med omsyn til kjernekraft er den tyske klima- og økonomiministeren Robert Habeck. På direkte spørsmål svarte han at han vurderer å annullere planen om å fase ut dei tyske kjernekraftverka:

– Eg vil ikkje avvise det på ideologisk grunnlag, men våre undersøkingar viser at det ikkje vil hjelpe, sa han.

Angela Merkel vedtok i 2011 å avvikle all atomkraft innan 2022, men tre kjernekraftverk i Tyskland er framleis aktive.

Tilsvarande signal kjem frå fleire tyske parlamentarikarar og frå den belgiske energiministeren Tinne Van der Straeten:

Dagens situasjon gjer at eg må vurdere å endre agenda, seier han.

Så seint som i desember vedtok Belgia at dei vil stenge alle atomreaktorar innan 2025.

Dei nye signala vert positivt motteke av norske kjernekraftentusiastar.

SLUTT: Angela Merkel vedtok i 2011 å avvikle all atomkraft innan 2022, men tre kjernekraftverk i Tyskland er framleis aktive.

– Fornuftig om som forventa

Det er sjølvsagt trist at det skal ein krig til for å synleggjere kor viktig kjernekraft er for å sikre nok kraft i Europa, seier Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet.

For 19 år sidan føreslo han å byggje kjernekraftverk ytst i Sognefjorden.

Det som den gong var eit radikalt (og latterleggjort) forslag er no «mainstream», hevdar han, og viser til at fleire ser at «kjernekraft er eitt viktig bidrag i kraftmiksen».

«Fornuftig og som forventa», seier Kristin Linnerud om dei nye energisignala på kontinentet. Ho er professor i fornybar energi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Så vil nok trugslane om bruk av atomvåpen i Ukraina skape fornya fokus på skyggesidene. Men alt i alt er tysk og belgisk interesse for kjernekraft positivt, seier ho.

regjeringsplattform Tyskland

NYE TONAR: Den tyske regjeringa vurderer å annullere planen om å fase ut dei tyske kjernekraftverka. Frå venstre: Christian Lindner, Olaf Scholz og Robert Habeck.

Foto: Bernd Von Jutrczenka / AP

Halvparten ønsker kjernekraft velkommen

I Noreg vart tanken om straum frå kjernekraft skrinlagt av Stortinget i 1975, og har sidan vore eit ikkje-tema. Iallfall fram til no.

I ein spørjeundersøking gjort av Norstat svarar nær halvparten av nordmenn under 40 år at dei ønsker kjernekraft velkommen.

Det er heilt nødvendig at Europa venner seg av med russisk gass for å losne Putins grep om europeisk politikk, seier Ane Breivik, leiar i Unge Venstre.

I desember starta Finland opp sin første nye atomreaktor på 40 år.

Olkiluoto 3 kjem i full drift seinare i år, og vil auke den finske elektrisitetsproduksjonen med 13 Twh kvart år. Det er om lag same kraftmengde som det vil ta å elektrifisere den norske sokkelen.

FILE PHOTO: NATO Alliance summit in Watford

GISSEL: Tidlegare president Donald Trump har uttala at «Tyskland er blitt Russlands gissel» med referanse til all gassen dei importerer frå Russland.

Foto: Christian Hartmann / Reuters

Naivt og uklokt av Tyskland

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad, seier til NRK at partiet «stiller seg bak Tyskland og Belgia sine ønske om å utvide levetida til sine atomkraftverk».

Avgjerda frå Merkel om å stenge ned kjernekraftverka, samtidig som Tyskland gjorde seg meir avhengig av gass frå Russland, var rett og slett naiv og uklok. Europeiske land må no ta i bruk alle dei verktøya som finst for å gjere oss uavhengige av russisk energi, utan å auke klimagassutsleppa, seier han.

Det same seier Nils Morten Huseby. Han er administrerande direktør ved Institutt for energiteknikk (IFE), som tidlegare dreiv atomreaktoren i Halden, som berre vart nytta til forsking.

– Etter invasjonen av Ukraina meiner eg det er rett å vurdere om utfasinga av kjernekraft i Tyskland og Belgia kan utsettast, seier han.

Forbundskanslar Olaf Scholz sa i førre veke at Tyskland ikkje lenger vil samarbeide med Russland om gassrøyrleidninga Nord Stream 2.

Les også Russland og Ukraina er samde om å ivareta atomreaktoren i Tsjernobyl

Rivne atomkraftverk i Ukraina.

Vil ikkje hjelpe på energiforsyninga med det fyrste

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, minner om at det å utsette utfasinga av kjernekraft ikkje vil hjelpe på den europeiske energiforsyninga neste vinter.

Forklaringa er at nedtrappinga alt er undervegs, og at det tek lang tid å reversere denne.

Det viktigaste på kort sikt er massiv innsats for energisparing, og at Noreg klarer å levere så mykje fossilgass som mogeleg. Eg reknar dessverre med at også kolkraftverk vil bli starta opp på nytt. Om det blir ei varig endring, er det svært ille for klimaet. Men som akutt-tiltak på kort sikt under krigshandlingane er det sjølvsagt forståeleg og sannsynlegvis eit sikrare grep enn å tøye grensene for det som alt er svært gamle kjernekraftverk, seier han.