Hopp til innhold

Klimakutt set industribygd i skvis

Regjeringa varslar tiltak for å få fart på klimakutta. I Høyanger prøver bygdefolket å navigere mellom klimamål, naturvern og framtidshåp.

Høyanger kommune

DU BUR UNDER BERGFALL: Regjeringa, Hydro og vindkraftbransjen prøver å overtyde folk i Høyanger om at meir kraft er nøkkelen til deira framtid.

Foto: Eirik Brekke (BT)

CO₂ i atmosfæren
419 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02 °C
Les mer  om klima

Etterslep og kraftmangel «skal ikkje øydeleggje for klimamåla».

Det er bodskapen frå regjeringa, som måndag signerte ein avtale om «klimapartnarskap» med næringslivet.

Målet er å bidra til grøn omstilling i prosessindustrien og å etablere ei «felles forståing for kva som må til for å nå klimamåla».

– Tettare samspel er avgjerande for å lykkast med det grøne industriløftet, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Same ettermiddag, ein annan stad i landet, er samfunnshuset i Høyanger tettpakka av folk.

Så mange vil inn at arrangøren må ta i bruk eit ekstra rom for å få plass til alle.

Mange innlegg og spørsmål på folkemøte om vindkraft i Høyanger, Frode Hoff.

Frode Hoff var blant dei som tok ordet under folkemøtet i Høyanger måndag ettermiddag. NVE forventar ein auke i kraftforbruket i Noreg på 36 TWh fram mot 2040.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Arrangøren er vindkrafttrioen Hydro, Eviny og Zephyr, og dei inviterte er innbyggarane i kommunen.

Ei temperaturmåling i foajeen viser at dei frammøtte er sinte, forventingsfulle, uroa og håpefulle.

Og alt i mellom.

Kvifor? Fordi Hydro freistar med milliardinvesteringar og framtidshåp i byte mot ein vindkraftpark.

Frå hjørnesteinsbedrifta er meldinga klar: Vindkraftparken er nødvendig for å sikre nok kraft til aluminiumsverket etter 2030.

– Målet er å avkarbonisere alle aluminiumsverk. Tilgang på fornybar kraft er ein føresetnad for det, seier Ola Sæter i Hydro Aluminium.

Før jul annonserte selskapet at dei skal forsyne Mercedes-Benz med lågkarbon-aluminium for å redusere karbonavtrykket til den tyske bilprodusenten.

ordfører Petter Sortland (Ap) i Høyanger

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap), som tidlegare var ein profilert vindkraftmotstandar, har karakterisert dilemmaet som «ein helvetes spagat».

Foto: Hallgeir Vågenes / Hallgeir Vagenes (VG)

Regjeringa er ikkje i rute med klimakutt

– Vi har svært ambisiøse klimamål. For å nå desse må vi ha næringslivet med på laget, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Regjeringa ligg i dag bak sitt eige skjema om å kutte utsleppa med 55 prosent innan 2030. Målet omfattar også kvotepliktig sektor (olje og gass, industri og luftfart innan EØS).

NRK har tidlegare skrive at regjeringa også styrer mot for høge utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor (transport, landbruk, bygg og små industribedrifter).

Eg er i ein helvetes spagat, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap), som tidlegare har markert seg som ein aktiv vindkraft-motstandar.

No er han ikkje like sikker lenger.

Om ikkje presset var stort nok allereie, har også Høgre-leiar Erna Solberg tona flagg.

Tidlegare i januar la ho fram tolv konkrete forslag for å auke kraftproduksjonen fram mot 2030. Medrekna vindkraftparken i Høyanger.

– Tempoet må opp, og det raskt, forklarte ho.

Tysdag var det olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) sin tur til å kome til Høyanger.

Han kom direkte frå LOs olje- og gasskonferanse i Bergen, der han talte om «Noreg som ein viktig europeisk energileverandør».

Les også: Noreg klarer ikkje halvere CO₂-utsleppa innan 2030

North Sea Giant
North Sea Giant

Tidlegare i år sende han ut eit forslag om å endre energilova. Målet er å leggje til rette for meir utbygging av vindkraft – «for å styrkje kraftbalansen og nå dei nasjonale klimamåla».

– No flyttar vi makt til kommunane. Dette vil gi meir føreseielege rammar og bidra til å redusere konfliktnivået i vindkraftsaker, seier han.

Folkemøte i Høyanger

Hydro og Eviny freistar Høyanger-folket med milliardinvesteringar og framtidshåp i byte mot ein vindkraftpark.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Må droppe molbu-tiltaket som er elektrifisering av sokkelen

«Sludder», kontrar Einar Rysjedal, som er kommunestyrerepresentant for Raudt og nestleiar i Motvind Sunnfjord.

Tysdag møtte han energiministeren med banner og gul vest utanfor rådhuset i Høyanger.

Det handlar om å vise kva vi meiner. Vi forsvarar naturen og fjella våre kvar einaste gong høvet byr seg, seier han til NRK.

Regjeringa seier at meir kraft er ein føresetnad for å nå klimamåla. Kva del av det resonnementet er det du ikkje godtek?

Det med meir kraft. I staden for å produsere meir kraft, bør vi sjå kor vi kan spare. Det finst gode enøk-tiltak, og i tillegg kan vi droppe molbu-tiltaket som er elektrifisering av sokkelen.

Les også: Rapport: Elektrifisering av sokkelen har massiv klimaeffekt

Trollutslepet i 1996
Trollutslepet i 1996