Hopp til innhold

Straumprisane gjev nytt liv til ideen om bølgjekraft: – Kan vere ein joker i energikrisa

Kraftmangel og høge straumprisar gjer at ein gamal visjon vert trekt opp av skuffen: Bølgjekraft.

Bølgekraft

RAUDEBERG: Måløy-selskapet Havkraft har satsa på å utvikle straum frå bølgjene i havet i fleire år.

Foto: Havkraft AS

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dette bølgjekraftanlegget vil avløyse energiinstallasjonane og energiskaparane vi har i dag.

Det sa dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen (KrF) då han opna bølgjekraftanlegget på Toftøyna i Øygarden utanfor Bergen i 1985.

Sidan har det gått nesten 40 år og vestlandske vinterstormar har herja med draumen om bølgjekraft.

Symbolisert ved at alt som er igjen av anlegget på Toftøyna er betongelement og rusta armeringsjern.

Og i mellomtida dukka nye energi-håp opp: havvind, bioenergi, geotermisk energi, solenergi og hydrogen.

Medan visjonen om bølgjekraft stilna.

No spør fleire seg om den anstrengde energisituasjonen i kombinasjon med ny teknologi tilseier at bølgjekraft-skissene bør opp att frå skrivebordsskuffen.

Ruinane av bølgekraftverk i Øygarden

To selskap prøvde forskjellige løysingar for å utnytta bølgekraft i Øygarden. Begge gongane havarerte anlegget.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Kan vere ein joker i energikrisa

I ein såkalla interpellasjon spør Venstre-representant Alfred Bjørlo kva statsråden og regjeringa vil gjere for at Noreg igjen skal bli ein leiande nasjon innan bølgjekraftteknologi.

Bølgjekraft kan vere ein joker i energikrisa vi no opplever, seier Bjørlo til NRK.

European Energy Forum har rekna ut at bølgjekraft kan levere 10 prosent av Europas elektriske kraftproduksjon innan 2050.

I Energimeldingen, som Stortinget handsama i juni, er bølgjekraft omtalt i positive ordelag, rett nok utan særleg forpliktande formuleringar.

Bjørlo legg til at det går føre seg ei rask teknologiutvikling, og at det berre eit spørsmål om tid før «koden blir knekt».

Onsdag denne veka reiser han til Svanøy utanfor Florø der Måløy-selskapet Havkraft byggjer eit pilotanlegg for bølgjekraft i samarbeid med oppdrettsbransjen.

Inntrykket mitt er at mange synest dette er bra i teorien, men at lite har skjedd i praksis. Kanskje pilotprosjektet i Florø kan gi oss betre og meir konkrete svar, seier Sofie Marhaug (Raudt) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Vi må tenkje mangfald i energimiksen

MDG-nettleiar Arild Hermstad er blant dei som har vitja pilotprosjektet i Florø.

Dette er eit småskala anlegg som sjølvsagt ikkje løyser heile energikrisa åleine, men ein av mange løysingar som bør vere med i ein mangfaldig miks av energikjelder.

Han legg til:

Regjeringa må sjå på moglegheitene til å stimulere til denne typen løysingar. Bølgjekraft er ingen quick fix, men vi må tenkje mangfald i energimiksen.

Svar frå Olje- og energidepartementet i faktaboks.

SINTEF Energi og SINTEF Ocean deltek no i eit nystarta europeisk samarbeidsprosjekt som vil demonstrere neste generasjons testmetodikk for bølgjekraftomformarar, også kalla Power Take Offs.

Til Fiskeribladet seier prosjektleiar i Sintef Energi, Hans Christian Bolstad, at bølgjekraft «grovt sett ligg 15 år etter havvind».

Bølgekraftgenerator

Dette er ein bølgekraftgenerator, utvikla av vestlandsbedrifta Havkraft. I to år har selskapet testa ut teknologien på Stadhavet.

Illustrasjon: Havkraft

Høgare kraftprisar og meir robuste løysingar kan gjere havkraft konkurransedyktig

Store bølgje- og tidsvassressursar gjer at Noreg har særlege føresetnader for å utvikle denne teknologien, seier direktør for fornybar energi i Energi Noreg, Eivind Heløe.

Han viser til at det grøne skiftet krev «ei heil rekkje nye fornybarteknologiar», og at «tidvasskraft truleg er éin av desse».

Dei fysiske påkjenningane anlegga blir utsette for gjer at teknologien ikkje har vore konkurransedyktige. Men høgare kraftprisar, kombinert med intensivert forskingsinnsats på feltet, vil truleg endre dette, seier han.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, seier mykje har skjedd sidan den skadeutsette «kilerenne-teknologien» frå 80-talet og at han har meir tru på nyare og «flytebøyebaserte tilnærmingar» (sjå bilete under).

Eg har framleis tru på at bølgjekraft kan bidra med verdifull energi, seier han.

Animasjon Ocean Energy

Selskapet Ocean Energy har utvikla ei stormbøye som søkkjer seg under overflata ved storm og dermed «rir vêret av» medan sjølve generatoren er plassert sikkert nede på havbotnen.

Vi har dårleg tid

Medlem i energi- og miljøkomiteen for Framstegspartiet, Marius Arion Nilsen, presiserer at føresetnaden for all offentleg satsing må vere at det er lønnsamt.

Rolla til politikarane er å leggje til rette for gode rammevilkår for utvikling av kraft, medan industrien har den teknologiske kompetansen til å drive utviklinga framover, seier han.

Leiar i miljøstiftinga Zero, Sigrun Aasland, seier til NRK at «ingen teknologiar bør sjåast bort frå», men at tida kallar for raske og kjende løysingar.

Det er mykje leiting etter kreative løysingar no. Men vi har dårleg tid og vi veit jo eigentleg kva vi må gjere: energieffektivisering og utbygging av sol-, vind- og vasskraft. Det kjem vi ikkje utanom, og det hastar.

Bølgjekraftbøye på Runde

– Bølgjekraft kan vere ein joker i energikrisa vi no opplever, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: Waves4Power