Det er framleis ein del ting som må på plass, før NM-general Rolf Kjetil Egge kan ynskje velkomen til den nasjonale friidrettsfesten på Byrkjelo stadion.
Men etter eit friidretts-EM Norge ikkje har sett maken til på over 20 år, opplever han stor interesse.
– Det er ikkje noko minus å arrangere NM etter eit slikt EM, konstaterer Egge.
Kjendisfaktor
Sponsorplassane var selde ut i god tid før EM, så der har ikkje NM-arrangørane merka noko effekt. Men på gata har den menige mann og kvinne fått med seg bragdene i Berlin.
– Vanlegvis er det den vanlege friidrettsmenigheten som tek turen til NM, men no er det slik at folk som vanlegvis ikkje bryr seg om friidrett, er veldig opptekne av det, seier Egge.
– Warholm og Ingebrigtsen-brørne har ein kjendisfaktor som alle vil ha med seg, legg han til.
– Håpa på slike resultat
NESTOR: Knut Lunde har vore formann i Breimsbygda IL, og er ansvarleg for sitt fjerde NM. Det var også han som fekk trumfa gjennom spurtandekket, som har levert av dei raskaste tidene på ei norsk løpebane.
Foto: Harald Kolseth / NRKHeile den norske EM-troppen er påmelde til meisterskapen som startar fredag. Det betyr at medaljevinnarane Karoline Bjerkeli Grøvdal, Henrik Ingebrigtsen, Karsten Warholm og ikkje minst tidenes yngste EM-vinnar, Jakob Ingebrigtsen, kjem for å kjempe om Kongepokalen.
Einaste uvisse er Filip Ingebrigtsen. Han
.– Det var slike resultat vi håpa på, då vi fekk NM rett etter EM. Det er ein ny generasjon fantastisk gode friidrettsutøvarar. Etter eit EM med så mange gode plasseringar og medaljar, så er det ekstra stas å invitere til NM, seier Egge.
Håpar på EM-effekt for Byrkjelo
GLER SEG: Generalsekretær Kjetil Hildeskor håpar mange tek turen til Byrkjelo for å heie fram heltane frå Berlin. – Eg veit at nokre er på jakt etter Kongepokalen, så sjølv om EM er viktigare så heng eit NM ganske høgt, seier han.
Foto: Karl Kristian Langeland / NRKInteressa er stor i det norske folk. Over 1,4 millionar TV-sjåarar såg yngste blad Ingebrigtsen ta gull på 1.500 meter. Ifølgje Kampanje såg 1,1 millionar to av Ingebrigtsen-brørne ta dobbelt på 5.000 meter. NRK skal også sende frå Byrkjelo.
- Les også: Grøvdal skuffa etter EM-bronse
Generalsekretær i Friidrettsforbundet, Kjetil Hildeskor, trur NM-arrangørane vil merke ein EM-effekt.
– Vi har ein ny generasjon talentfulle friidrettsuøvarar som vil gi oss mykje å glede oss over i framtida. Då når du ut til mange. Vi såg det med Vebjørn Rodal, Steinar Hoen, Geir Moen, Trine Hattestad og Mette Bergmann på 90-talet, seier han.
Kongepokalen lokkar
NYMÅLA: Karolina og Kristina Hjelle viser fram det nyrestaurerte NM-måleriet på Byrkjelo stadion.
Foto: Harald Kolseth / NRK– Eg berre håpar at Byrkjelo-folket har vêrgudane med seg, legg Hildeskor til og uansett trur på gode resultat og spennande duellar i helga.
Det gjer også NM-general Egge.
– Det er profesjonelle utøvarar og ingen som kjem for å få dårlege resultat. Alle vil yte maksimalt, for Kongepokalen er gjæv. Den kan ingen surfe inn, seier Egge.
– Uansett om det er regn eller 25 grader og sol, så har Karsten Warholm like lyst på den Kongepokalen.