Ingebrigtsen var storfavoritt til å ta EM-gull på 1500-meter og var også ein heit kandidat på 5000-meter. No reiser ein svært skuffa 25-åring tomhendt heim frå Berlin.
På ein pressekonferanse laurdag føremiddag kom nemleg Filip Ingebrigtsen med beskjeden mange frykta: Han kan ikkje delta i finalen på 5000-meter i kveld.
– Det er veldig dumt og kjedeleg. EM var jo det store målet i år. Eg var veldig godt førebudd til denne europameisteren, seier ein tydeleg skuffa Ingebrigtsen.
Pusteproblem
Det er ein sannsynleg brest i ribbeinet som gjer at Ingebrigtsen får vondt når han skal puste. Og då ser han ingen grunn til å stille opp i finalen fredag kveld.
– Det er nok ein brest i ribbeinet, trur vi. Eg håpte det berre var snakk om smerter og at det skulle bli betre, men slik gjekk det ikkje, sa Ingebrigtsen på pressekonferansen – litt over eit halvt døgn etter at denne skaden spolerte sjansen hans til å kopiere EM-gullet frå 2016.
No blir det opp til storebror Henrik og veslebror Jakob å forsvare Norge si ære på 5000-meter i kveld.
– Eg trur dei har gode sjansar til å kjempe om medaljar. Det blir spennande å følgje frå sidelinja. Både Henrik og Jakob var mest gira på 5000-meter før meisterskapen starta. Det var der dei hadde størst håp om medaljar, seier Filip Ingebrigtsen.
Måtte sy
Det var i semifinalen på 1500-meter onsdag regjerande europameister Filip Ingebrigtsen fall 600 meter før mål. På imponerande vis klarte han å reise seg og ta seg vidare til finalen.
Etter fallet måtte Filip sy fleire sting på høgre legg. Han fekk også ein smell i brystkassa og skraper forskjellige plassar på kroppen. Det var likevel aldri nokon tvil om at Filip Ingebrigtsen skulle starte fredagens 1500-meterfinale.
– Det vil ikkje prege han i det heile, sa lege Ove Talsnes torsdag.
Laurdag seier Talsnes til NRK at dei ikkje visste om bresten i ribbeinet før fredagens finale på 1500-meter.
– Vi var redde for at det kunne ha skjedd, men det var mykje meir tydeleg då vi undersøkte Filip etter løpet fredag, seier Talsnes.
– Veit ikkje kvifor
Men det viste seg at Filip var meir prega av fallet enn først venta. Trass i at han ei stund låg i front saman med brørne Henrik og Jakob, skuffa 25-åringen og vart nummer 12.
Europameisteren frå 2016 var då usikker på kva som hadde skjedd.
– Eg kjende etter ein og ein halve runde at det var heilt håplaust. Eg veit ikkje heilt kvifor. Eg greidde nesten ikkje å løfte føtene. Det var overraskande, for treningane fram mot finalen har gått bra, sa Ingebrigtsen fredag kveld.
Laurdag føremiddag vart det altså endeleg klart at han ikkje stiller på startstreken.
– Det er mykje igjen av sesongen. Så eg får prøve å fokusere på det, seier Filip Ingebrigtsen.