– Det blir nesten for dumt. Det er heilt drygt, seier Jakob Ingebrigtsen etter sitt andre EM-gull på to dagar.
17-åringen tok føringa i front på finalefeltet på 5000-meteren. Ut på siste runden auka tenåringen frå Sandnes berre farten, og då kunne ingen halde følge.
– Vi spring dei i senk, og vi er i så god form begge to, seier Henrik Ingebrigtsen som tok sylvet bak veslebroren.
– Det her var dødskult. Ein draum som går i oppfylling for meg og Henrik, seier Jakob Ingebrigtsen.
Ein skadd Filip Ingebrigtsen sat på tribunen og såg brørne springe inn til dobbelt Ingebrigtsen.
– Det kan ikkje gjerast betre, det er så rått! Det var ei gåvepakke til begge to. Dei er i så god form, at det kostar ingenting. Dei andre går i si eiga felle, seier Filip Ingebrigtsen
– Dobbelt Gjert
Gjert Ingebrigtsen var i ekstase etter triumfen i Berlin.
– Det er dobbelt Gjert! Du veit at vi er ein eigen nasjon, seier pappa Ingebrigtsen med eit stort smil om munnen.
– Det er jo ingen andre som kan gjere det dei gjer. Dei hentar den tryggleiken hjå kvarandre og det er utruleg mykje verd, fortset han.
– Ei heil løpeverd lar seg forbløffe av Jakob Ingebrigtsen. Nå forstår vi kvifor. Dei leverer gong på gong, seier Jann Post.
– Det blir artig å halde på framover, seier Jakob Ingebrigtsen.
17-åringen vart med sine to EM-gull på eit døgn den fyrste som tek gull på både 1500 og 5000-meter i same EM.
Gjekk nesten på trynet
Undervegs i løpet vart farten auka og senka fleire gonger. Åtte minutt ut i 5000-meteren sette Belgiske Julien Wander fart. Då farten vart senka att ein runde etterpå gjekk det nesten gale for Henrik Ingebrigtsen.
– Eg heldt på å gå skikkeleg på trynet. Eg måtte hente meg inn att, for eg fekk syre i beina der, seier Henrik Ingebrigtsen.
Men Henrik Ingebrigtsen redda seg inn att, og sprang inn til sylv bak veslebroren.
– Skal dei springe meg i senk? Nei, eg trur ikkje det. Eg har jo beste tida på distansen i Europa i år, seier ein veldig glad Henrik Ingebrigtsen.
Tom for ord
Tidlegare verdsmeister på 1500 meter Steve Cram veit ikkje kva han skal seie om Jakob Ingebrigtsen.
– Eg er tom for ord. Eg veit faktisk ikkje kva eg skal seie. Det er ei av dei største historiene i friidrett.
– Han leikar seg inn til to gull i EM, sa NRKs ekspertkommentator Vebjørn Rodal.
- LES OGSÅ: Gjert tok helt av etter gullet til Jakob