Hopp til innhold

Ber politikarane vente med nedlegging

Lensmann i Hyllestad, Egil Husabø, meiner det er heilt feil å leggje ned lensmannskontor før ein veit korleis kommunekartet i Norge skal sjå ut i framtida.

Lensmann Egil Olav Husabø

VENT: Lensmann Egil Husabø i Hyllestad meiner politikarane bør vente med nedlegging av lensmannskontor til dei veit korleis kommunekartet i Norge skal sjå ut.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Den påtroppande blåblå-regjeringa har varsla ei stor kommunereform, og det er på ingen måte sikkert at Sogn og Fjordane vil bestå av 26 kommunar i framtida.

Samtidig legg den såkalla politianalysen opp til å leggje ned opptil 14 av lensmannskontora i fylket.

Husabø meiner desse to sakene må sjåast i samanheng.

– Politidirektoratet og Justisdepartementet og dei andre som snakkar om nedlegging av lensmannskontor som ei isolert sak, dei skulle ha roa seg ned og først sett på kva som skjer med kommunestrukturen i landet, er den klare oppmodinga frå lensmannen.

14 lensmannskontor på kuttlista

Husabø er fullt klar over at kontoret hans kan bli ein saga blott i framtida. Lensmannskontoret i Hyllestad står saman med 13 andre kontor i Sogn og Fjordane politidistrikt på kuttlista i den såkalla Politianalysen.

I analysen blir det lagt opp til å redusere talet politidistrikt frå 17 til seks, og det blir også lagt opp til drastiske kutt i talet politistasjonar og lensmannskontor. Medan det i dag er 354 kontor kan det i framtida berre bli 203.

I Sogn og Fjordane står Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Selje, Vanylven, Vik og Årdal på lista over kontor som bør leggjast ned.

Samtidig har den påtroppande borgarlege regjeringa varsla at kommunestrukturen kan stå for fall. Dei ser for seg ei stor reform der kommunekartet kan bli drastisk endra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Mjømen

KAN TA TID: Seier fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre om kommunereforma. Difor vil han ikkje vente med politireforma.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil ikkje setje politireform på vent

Husebø meiner det er heilt naturleg at sakene blir sett i samanheng, og ber politikarane vente med ei avgjerd om nedlegging av lensmannskontor.

– Då vil vi få ei sanering av lensmannskontora i samsvar med kommunestrukturen, seier Husabø.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, er skeptisk til argumentasjonen. Han varslar at kommunereforma vil ta tid, og vil ikkje setje ein politireform på vent.

– Ei endring av kommunestrukturen er ikkje gjort på veldig kort tid. Det kan ta både fire og åtte år, så eg trur ikkje dette med å gjere det samtidig med kommunestrukturendringa er det beste argumentet, seier Mjømen.

Meiner kvar kommune bør ha lensmannskontor

Husabø på si side vil ha fart på samanslåinga av kommunar.

– Eg synest dei burde prøve å få litt meir fart på prosessen med kommunane.

– Om ikkje, så meiner eg at om kommunen er der, så bør det i utgangspunktet vere eit lensmannskontor der, seier Husabø.

NRK har tidlegare fortalt at det er store skilnader på kor mange lovbrot lensmannskontora i Sogn og Fjordane handterer i løpet av eit år. I Hyllestad hadde lensmannen ni lovbrot i heile 2012, medan kollegaen i Førde hadde 566.