Hopp til innhold

HAFS kan måtte få politihjelp frå Bergen eller Førde

– I verste fall kan HAFS-regionen stå utan lensmannskontor mellom Bergen og Førde. Det fryktar høgreordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen. Hans eiga regjering vil kutte i politidistrikta.

Ole Gunnar Krakhellen

REGION UTAN LENSMANNSKONTOR: - Det er skummelt dersom heile HAFS-regionen blir ståande utan lensmannskontor mellom Bergen og Førde, seier ordføraren i Solund, Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Vidar Gudvangen/MMS-foto / NRK

– Det er drastiske endringar, og nesten vel så drastisk så at talet på politidistrikt skal takast ned frå 27 til 6, seier leiaren i HAFS-regionråd og Solundordførar Ole Gunnar Krakhellen.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård har peikt på kva kontor som skal kuttast om ein brukar dei kriteria som ligg i politianalysen.

Det er Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Selje, Vanylven, Vik og Årdal.

Bergen eller Førde

– Eg ser for Solund sin del at og for HAFS sin del at det ikkje blir eit einaste lensmannskontor att i regionen. For Solund kan det i verste fall bety at vi ikkje har lensmannskontor mellom Førde og Bergen.

Krakhellen tippar at kommunen i eit val mellom dei to byane ville velgje å sokne til Førde der forholda er meir samanliknbare.

– Men det er jo eit tankekors at ein politianalyse med siktemål om å skaffe meir synleg og tilgjengeleg politi, utraderer lensmannskontora mellom Bergen og Førde.

Han er skeptisk til om Politidirektør Odd Reidar Humlegård vil lukkast med å få politifolka ut av kontora og ut på gata, ut på vegane for å vere tilgjengelege og synlege der folk faktisk er, slik mandatet til Politianalysen var.

– Det er ein god tanke, men spørsmålet er om det blir slik. Vår erfaring frå då vi vart slått saman med Masfjorden og Gulen er at vi ein dag i veka har politi i kommunen, mot fem dagar i veka og faste tilsette på kontoret i Solund. Så synlegheita er blitt mindre.

Nærleik er viktig

Han meiner at det fysiske lensmannskontoret signaliserer ei nærheit til folk. Og ved å ha faste folk som kjenner distriktet og vere meir tilstades i førebyggande arbeid i barnehage og skule.

– Ein vil her gje slepp på eit fortrinn i lensmannsetaten med den lokale kjennskapen.

Han vil dessutan gå gjennom modellen til politidirektøren med tanke på responstida for Solund som er ein øykommune dersom forslaget blir ein realitet.

Høgreregjering

I regjeringserklæringa frå Høgre og Frp er det klart at dei vil gjere endringar og omstruktureringar for å styrke politiet. Dei vil redusere talet på politidistrikt. Men noko tal på kor mange distrikt skal vere att er ikkje fastslått.

– Eg håpar at det er eit handlingsrom for å jobbe for ein fylkesmodell for politidistrikt, det og vil vere ein reduksjon av politidistrikt. Men det er klart at Høgre og FRP har sagt dei vil gjere endringar og det skal vi vere med å sjå på også lokalt kva som er mogleg.

Solund har vore gjennom fleire endringar tidlegare då dei også vart flytta frå Sogn og Fjordane politidistrikt til Hordaland, og er samanslått med Gulen og Masfjorden.

Kjempe for eit kontor

– Men vi er jo litt på vakt for endringar som kan bety ei stadig nedbygging av politiet sitt nærver i distriktskommunar som Solund. Og det skummelt å sjå at heile regionen HAFS kan bli ståande utan lensmannskontor.

LES OGSÅ: No vil fylkespolitikarane kjempe hardt for politidistriktet si framtid

Han er ikkje framand for å diskutere Arve Helle, ordførar i Fjaler, sitt forslag om å samle seg rundt eitt lensmannskontor, heller at alle skal kjempe for sitt eige.

– Eg trur at for HAFS-regionen er det viktig å ha eit lensmannskontor som har god beredskap på sjø, både med heile Solund sin befolkning og omlag tusen innbyggjarar i Askvoll som bur på øyer. Då er det noko vi må ha med ossi responstida og beredskapstenkinga.