Hopp til innhold

Er utmatta og skremt av nedleggingsspøkelse

Lokalpolitikarane i fylket er utmatta og skremde av dei stadige sentraliseringstrugslane.

Sven Flo

SKUFFA: Stryneordførar Sven Flo er lei av at stadig fleire arbeidsplassar kan bli sentraliserte.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Onsdag fortalde NRK at også jordskifterettane i fylket kan bli lagde ned og sentraliserte. Det kjem etter at politidistriktet, lensmannskontora, Alarmsentralen og tollkontoret alle har opplevd trugsmålet.

No er leiar Sven Flo i Nordfjordrådet er mektig lei.

– Dette føyer seg inn i rekkja av eit sentraliseringsspøkelse i forhold til ein del av dei statlege arbeidsplassane vi har i regionen vår. Eg tykkjer ikkje særleg om det.

– Brukar for mykje tid på dette

For rekka av sentraliseringstruga tilbod i fylket vart akkurat litt lenger. Onsdag fortalde jordskifteleiar Vidar Otterstad i Sunnfjord at dei tre jordskifterettane i fylket kan bli lagde ned, eller slått saman.

Tidlegare har vi høyrt det same trugsmålet om politidistriktet, lensmannskontora, Alarmsentralen og tollkontoret. Stryneordførar Sven Flo har fleire på si liste.

– Eg blir veldig skuffa over igjen å måtte diskutere dette med sentralisering av viktige stillingar i Nordfjord og heile Sogn og Fjordane. Vi har vore gjennom ei rekkje kampar i forhold til politi, sjukehus, alarmsentral, forsvaret og tall.

– Korleis er det å vere lokalpolitikar i alle desse prosessane?

– Vi kunne tenkt oss å bruke tida på utvikling og skape positivitet i kommunane, regionen og fylket. Men vi må enormt mykje tid og krefter på å argument for og parere alle desse sakene som dukkar opp og som blir styrte langt over hovuda våre.

Høgre-ordføraren leiar også Nordfjordrådet. Dei har allereie samla seg i kamp for jordskifteretten. Akkurat som ulike konstellasjonar i fylket har samla seg om dei andre tilboda.

Krev ein heilskapleg plan

Alfred Bjørlo

VIL HA SAMANHENG: Venstreordførar Alfred Bjørlo krev ny strategi frå den nye regjeringa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Alfred Bjørlo har som Venstre-ordførar i Eid og som fylkespolitikar stilt seg bak ei rekkje opprop og protestar mot sentraliseringar. Men no krev han ein ny strategi frå dei som har innteke regjeringskontora.

– Vi må setje oss ned med regjeringa og få ein samanheng i det som blir gjort på statleg omstrukturering. Det må også setjast i samanheng med den kommunereforma vi no skal til på. Vi kan ikkje ha ein stat som heilt planlaust blir bygd ned bit for bit utan nokon overordna heilskapleg tanke bak slik det har vore dei siste åtte åra, seier Bjørlo.

Og som Høgre-mann kan ordførarkollega Sven Flo få ei nøkkelrolle framover.

– Vi må jobbe kvar einaste dag med dei aktuelle sakene som rører oss i Sogn og Fjordane. Det er å bruke dei kanalane og nettverket vi har. Vi må fortelje korleis den verkeleg verda er og der vil vi ha ei viktig rolle å spele i tida framover, seier Flo.