Difor må Vedum «vri seg» når spørsmålet om SV kjem opp

Onsdag var Trygve Slagsvold Vedum heime hos Jonas Gahr Støre, men Sp-leiaren vil ikkje seie om han kan samarbeide med SV.

Kommune- og fylkesvalget 2019. Partilederdebatten på Stortinget.

PÅ VILKÅR: Sp-leiaren er «taktisk unnvikande» for å signalisere at partiet ikkje vil inn i regjering for kvar ein pris, seier ekspertar til NRK.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

«Ein Senterparti-/Ap-basert regjering er den beste plattforma» slo landsmøtet til Senterpartiet fast i juni.

Implikasjonen var klar: partiet vil helst ha ei regjering utan SV.

Slik dei også uttrykte det på landsmøtet i 2017, og gjentok i 2019 då SV-leiar Audun Lysbakken inviterte opposisjonen til å lage «ei felles, raudgrøn plattform».

Då tok det berre nokre timar før Marit Arnstad avviste invitasjonen:

– Dei ulike partia bør konsentrere seg om eigne partiprogram, sa ho.

I Adresseavisen denne veka gjekk Sp-nestleiar Ola Borten Moe endå lenger i avvise eit forpliktande regjeringssamarbeid med SV.

– Sit du i regjering saman, må du vere samd om absolutt alt, forklarte han.

I 2009 skreiv han ein mykje omtala kronikk – «Nei til SV-staten».

– Livet skal ikkje arte seg som ein offentleg regulert og obligatorisk verneplikt for staten, skreiv han, med ein «daudfødt» SV-politikk som adressat.

Leiar i partiet, Trygve Slagsvold Vedum, har stort sett kvittert med å kalle det «ei avsporing» når han har fått spørsmål om SV og regjeringssamarbeid.

Eller han har svart på noko anna. Onsdag var Trygve Slagsvold Vedum heime hos Jonas Gahr Støre, men Sp-leiaren vil ikkje seie om han kan samarbeide med SV.

Støre, Vedum og Lysbakken.

DET ER GREITT: Onsdag publiserte Nationen ei undersøking som viser at langt fleire Sp-ordførarar enn tidlegare ønsker å ha med SV i ei fleirtalsregjering, og at dei ikkje oppfattar at avstanden til SV er for stor.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Vedum må vri seg

– Han er nøydd til å vri seg kvar gong spørsmålet om SV og regjeringssamarbeid kjem opp, seier Yngve Flo, som er professor i politisk historie ved Universitetet i Bergen.

Han seier det er to grunnar til at Vedum «vrir seg».

Den fyrste er av indremedisinske grunnar og handlar om spenningar mellom «den borgarlege fløya», representert ved nemnde Ola Borten Moe, og «den raudgrøne fløya».

– Desse spenningane er større i dag enn i 2005, då Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete kaste seg inn i regjering med SV med stor entusiasme.

Den andre grunnen handlar om å «gjere seg kostbar før forhandlingane», seier han.

– Det er allment kjent at Senterpartiet er best i landet til å forhandle. Eg les ikkje-svara frå Vedum som eit taktisk spel for å signalisere at partiet ikkje går inn i regjering for kvar ein pris.

Det same seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen.

– Det er taktisk gunstig for Sp å vise at dei «ofrar noko» ved å gå inn i forhandlingar med SV. Eit «offer» dei i sin tur kan omsette i goodwill og gjennomslag for eigen politikk, seier han.

Anne Ekornholmen er politisk redaktør i Nationen.

– Det finst reelle spenningar innanfor Senterpartiet, der nokon tenker langsiktig mot å kunne samarbeide med Høgre i framtida og derfor vil ha SV på ein armlengdes avstand, seier ho.

Onsdag publiserte Nationen ei undersøking som viser at langt fleire Sp-ordførarar enn tidlegare ønsker å ha med SV i ei fleirtalsregjering.

– Djupast sett dreier det seg om kva slags parti Sp skal vere. Pragmatisk grunneigar og næringsparti eller litt meir idealistisk grønt offentleg velferdsparti, seier politisk kommentator i Morgenbladet, Aslak Bonde.

LES OGSÅ: Derfor har ikkje Borten Moe kontakta Navarsete om den grove meldinga

Senterpartiet spelar for galleriet

I ei sak i Dagbladet 31. mai, hevda anonyme kjelder i Sp at partiet ville forlate eventuelle regjeringsforhandlingar om Arbeidarpartiet inviterte med SV.

Redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim, meiner Senterpartiet spelar for galleriet.

– Å låse døra for SV har lav støtte i Senterpartiet. Dette er eit forhandlingskort. Nordmenn har brukt stemmesetelen og sagt frå om at de vil ha ei fleirtalsregjering. Om Senterpartiet stiller seg i vegen for det, tek dei ein stor risiko.

Også SV-leiar Audun Lysbakken tek med seg ris bak spegelen inn i forhandlingane med Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre.

På landsmøtet i april vedtok SV at ei potensiell regjeringsplattform må godtas gjennom ein digital uravstemming der alle 16.400 medlemmer i partiet får seie sitt.

– Dette har dei gjort hos vårt søsterparti i Finland, og dette er noko sosialdemokratar i Tyskland har gjort. Dette er for å vite at vi har den støtta vi treng for å gå inn i regjering, seier SVs nestleiar Kirsti Bergstø til Dagsavisen.

Støre, Vedum og Lysbakken.

SPEL: – Vedum driv med eit taktisk spel for å signalisere at partiet ikkje går inn i regjering for kvar ein pris, seier Yngve Flo.

Foto: Terje Pedersen

– Dei har pragmatiske politikarar i leiinga

Trygve Svensson er leiar for Tankesmien Agenda, som er plassert i sentrum-venstre av norsk politikk. Eit parti utan spenningar er eit dødt parti, seier han.

– Det er eit kinesisk ordtak som seier at eit menneske utan konfliktar er ikkje eit levande menneske.

Han meiner veljarane har gitt «enormt kraftig beskjed» om ein ny retning for landet.

– Dei raud-grøne partia har pragmatiske politikarar i leiinga, så det vil vere veldig merkeleg om dei ikkje klarer å finne ein løysing på det.