Hopp til innhold

Trebeint ultimatum: Dette krev Vedum av Støre

Ein hardt pressa statsminister møter i dag eigne partifellar. I kofferten har han eit trebeint ultimatum frå Senterpartiet.

Trygve Slagsvold Vedum

ULTIMATUM: Om Arbeidarpartiet ønsker å få Senterpartiet til forhandlingsbordet, må Støre først vise anger og levere på fire krav, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ei snau veke etter at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fekk budsjettforslaget frå Støre-regjeringa i hende og mista det i ein spontan reaksjon i vandrehallen, har Senterpartiet samla seg om eit trebeint ultimatum.

Om Arbeidarpartiet ønsker å få Senterpartiet til forhandlingsbordet, må Støre først vise anger og levere på følgande:

  1. Gratis ferje på utvalde samband i Distrikts-Noreg
  2. «Gjenoppretting» av studielån-slettinga i kommunane med nest høgast «provins-skår»
  3. At tidsavgrensinga på gjeldssletteordninga (tre år) blir fjerna

Det er eit utvitydig ultimatum. Det blir ikkje nokon forhandlingar før dette er retta opp i, seier Vedum.

Den politiske logikken bak krava handlar om at partiet ikkje «bruker opp» forhandlingskort om dei innkasserer desse sigrane allereie før partane set seg ved forhandlingsbordet.

en person som står foran en gruppe mennesker

Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum forlater stortingssalen under finansminister Jens Stoltenbergs tale.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Senterpartiet skal ikkje bruke politisk kapital på å tvinge Arbeidarpartiet tilbake til eit standpunkt dei sjølv gjekk til val på, seier Leidulf Gloppestad, nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.

I tillegg til at statsministeren må rette opp i tre «synder», føreskriv Vedum følgande botsøving til Jonas Gahr Støre:

Ei offentleg orsaking til veljarane for å ha «tjuvlånt» kleda til Senterpartiet under valkampen.

Les også Ap-ordførarar: – Vi har loge til veljarane

en mann som står ved en vannmasse med et fjell i bakgrunnen

Statsministeren skal sjølvsagt beklage

Jonas Gahr Støre har allereie bede om unnskyldning for ein konkret uttale til avisa Øyposten der han garanterer for at ordninga med gratisferje vil halde fram med han ved roret.

Intervjuet blei gjort fleire dagar etter at statsbudsjettet for 2026 blei vedtatt på ein regjeringskonferanse med alle statsrådane til stades (21. august).

Det nye er at Vedum vil ha ei unnskyldning som er retta til veljarane.

Statsministeren skal sjølvsagt beklage, seier Vedum.

et nærbilde av en manns ansikt

Vedum meiner det er ironisk at regjeringa i sommar lanserte ein kampanje for å hindre «desinformasjon som kan svekkje den offentlege samtalen og undergrave tilliten i det norske samfunnet».

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Ifølge fleire i Senterpartiet har regjeringspartiet segla under eit (altfor) distriktsvennleg flagg i valkampen, og forsynt seg av Senterpartiet sitt grunnfjell.

Vedum meiner det er ironisk at regjeringa i sommar lanserte ein kampanje for å hindre «desinformasjon som kan svekkje den offentlege samtalen og undergrave tilliten i det norske samfunnet».

Men enda viktigare er det at han held ord og ryddar opp. Da kan han igjen sjå folk i auga.

  • Statssekretær Aleksander Øren Heen.
    CECILIE BERGAN STUEDAL

    Aleksander Øren Heen, Senterpartiet

    Ap sitt kutt i alt av distriktspolitiske satsingar er eit hån mot oss som bur i distrikta, og langt ifrå bodskapen om trygg og føreseieleg styring. I valkampen var det ikkje måte på kor stolte Ap-representantane var over sletting av studiegjeld og billigare ferjer. Eg trur alle no ser at det var lånte klede dei flotta seg i.

  • fylkesvaraordfører i Trøndelag i 2023
    Tariq Alisubh

    Tomas Iver Hallem (Sp), fylkesordførar i Trøndelag

    Når Ap gjer så fiendtlege handlingar, kan vi gå i dialog med dei andre partia for å sjå om det er mogleg å få støtte i viktige saker. Sp står på eigne bein og bør ta dei nødvendige stega bort frå regjeringa Støre. Kanskje det vil bidra til at mindretalsregjeringa frå Ap skjønner sårbarheita si.

  • Ein mann med grått hår og mørk dress.
    Mats Rønning / NRK

    Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister

    Vi har sagt ting i valkampen som ikkje stemmer med budsjettet. Det har eg funne nødvendig å beklage. Vi har ikkje ønska å føre nokon bak lyset.

  • Trond Giske snakkar med reporterar
    Mats Rønning / NRK

    Trond Giske, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet

    – Når vi gav så klare løfter i valkampen, må vi innfri dei i budsjettet.

    – Korleis vil du beskrive det som har skjedd? Er det løftebrot, løgn eller berre ein feil?

    – Eg har ikkje noko behov for å karakterisere. Det viktigaste er at vi held løfta frå valkampen. Det gir oss truverd også når vi skal inn i nye valkampar,

  • ein kvinne som står framfor et raudt gjerdeIngrid Ovidie Rangønes
    Marius André Jenssen Stenberg / NRK

    Ingrid Ovidie Rangønes (Ap), ordførar i Averøy

    Vi er valt inn av folket. Det er folket som er vår arbeidsgivar. Vi skal ikkje bløffe eller lyge til våre veljarar. Det er så enkelt som det. Så dette syntest eg ikkje kledde Arbeidarpartiet i det hele tatt.

  • Ordførar Andreas Wiese i Luster.
    Ingeborg Grindheim Slinde

    Andreas Wiese (Sp), ordførar i Luster

    Eg stiller meg fullt og heilt bak det Gloppestad seier. Senterpartiet skal ikkje bruke politisk kapital på å tvinge Arbeidarpartiet tilbake til eit standpunkt dei sjølv gjekk til val på.

  • Erna Solberg med halskjede
    Gorm Kallestad / NRK

    Erna Solberg, leiar i Høgre

    Eg har alltid vegra meg for å ta i bruk ordet «løgn» om noko andre politikarar har sagt, men i dette tilfellet er det einaste rette ord.

  • en kvinne som sitter ved et skrivebord med en bærbar datamaskin
    Tale Hauso

    Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), ordførar i Etne

    Eg støttar Vedum i dette. Dette har vore heilt tydeleg frå Ap si side at dei støtta, og dei har faktisk sjølv brukt det som argument i valkampen. Det å få unge til å busetje seg i distriktskommunar er avgjerande for livskraftige kommunar i heile landet, studielån-slettinga er avgjerande for dette.

Stygt og uakseptabelt i norsk politikk

Bak Sp-leiaren er andre stemmer i partiet om mogleg enda meir uforsonlege.

Ifølge fylkesordførar i Trøndelag, Tomas Iver Hallem (Sp), har handteringa av studielån-saka gjort uoppretteleg skade på forholdet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

«Nå har tida kommen til å gå vidare», skriv han i eit lesarbrev som står på trykk i Trønder-Avisa og Adresseavisen:

Å først love gratis ferje og nedskriving av studiegjeld i valkampen – og på dette grunnlaget tiltrekke seg veljarar – for deretter å planlegge kutt i dei same løfta, er både stygt og uakseptabelt i norsk politikk. Det er unorsk, fortset han.

Senterpartiet har historisk sett hatt ein fot på verdikonservativ side, og blei prøvd lokka over midtstreken i slutten av september.

– Eg meiner Senterpartiet tilhøyrer den borgarlege fløya, basert på grunnverdiane deira, sa Mahmoud Farahmand (H) til NRK.

Les også Høyre-politikere flørter med Senterpartiet på Stortinget

en person som sitter i en stol

Ap-nestleiar Jan Christian Vestre sa til NRK søndag at dei tar tilbakemeldingane frå både Ap-ordførarar og Senterpartiet på alvor – og at dei ønsker å finne ei løysing på sakene i (ikkje før, jou. anm.) budsjettforhandlingane.

Les også Vestre: Villig til å gjøre endringer i kutt på studielån og fergesatser

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Helseminister Jan Christian Vestre besøker Sykehuset Østfold på Kalnes.

Måndag formiddag gjentar Støre det same – at eventuelle innrømmingar høyrer heime i budsjettforhandlingane, ikkje i forkant:

– Vi har lagt fram eit budsjett vi meiner viser situasjonen Noreg står i. No ligg det i Stortinget. Vi skal møte dei andre partia med respekt. vi forhandlar ikkje med eitt og eitt parti i forkant. Slik er ein ansvarleg budsjettprosess, og der kan vi finne løysingar.

Presisering: I den første publiserte utgåva av denne saka heitte det at Vedum fremja eit «firebeint ultimatum». Etter publisering presiserte Sp at unnskyldningskravet ikkje er absolutt på linje med dei tre andre krava, og at unnskyldninga er meir for eit tilleggsønske å rekne. Firebeint ultimatum blei derfor justert til trebeint ultimatum.

Sylvi Listhaug og medarbeidere sitter i et rom

Støre og Vestre meiner at eventuelle innrømmingar høyrer heime i budsjettforhandlingane, ikkje i forkant.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Les også Støre: – Vi har gjort ein feil

en mann med et rett ansikt

Les også Vedum frir til ferjefolket

Trygve Slagsvold Vedum på ferjefrieri i valkampen.

Les også Sp-høvding saknar partiet sitt

Svein Sundsbø