Hopp til innhold

Barnevernssjef: Forelder og barnevernsbarn i Samnanger reagerer på granskingsrapporten

Ein forelder, fosterforeldre og barn i sakene som blei granska i Samnanger kjenner seg ikkje igjen i granskingsrapporten, ifølgje barnevernet. Kommunen vurderer no høyring.

Ordfører Knut Harald Frøland i Samnanger kommune

HØYRING: Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland vil no ha høyring etter at barn, ein forelder og fosterforeldre skal ha reagert på granskingsrapporten.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Tolv personar i tre familiar er tildelt oppreising etter at ein knusande granskingsrapport gav barnevernstenesta i Samnanger kommune hard medfart.

Kommunestyret i Samnanger valde å offentleggjera rapporten, som Fylkesmannen forsøkte å stansa.

NRK har fortald historia til Edvin, Aleksander og Stian Bolstad i éin av dei tre familiane. Dei har rosa granskinga og takka kommunen for grepa som er gjort.

Reagerer på besøk frå granskar

Men ikkje alle dei involverte stiller seg bak det som kjem fram i rapporten, ifølgje ein e-post send til kommuneleinga i Samnanger.

I e-posten sendt torsdag seier barnevernsleiaren i Arna i Bergen at ein forelder, fosterforeldre og barnevernsbarn omtalt i rapporten fortel at dei «ikke kjenner seg og sin historie igjen i granskingsrapporten».

Bakgrunnen for e-posten er tilbakemeldingar til barnevernstenesta i Arna. Rapportane skal ifølgje barnevernsleiaren koma frå involverte i to av dei tre sakene.

  • Ei mor og den eldste sonen i den eine saka skal ha opplevd eit utilbørleg press i samband med at granskarane ønskte samtykke til å offentleggjera rapporten.
  • Den aktuelle sonen skal ha fått sterke reaksjonar etter at ein av granskarane skal ha besøkt familien gjentatte gongar.
  • Også ei av kvinna sine døtrer har reagert på offentleggjeringa og korleis informasjon blir framstilt. Dette skal ha blitt formidla til granskarane, utan at vedkomande opplevde å bli høyrt.

– Dette er ei vidareformidling av ei uromelding som har kome til oss via våre kontaktpersonar i barnevernet. Tilbakemeldingane har kome over tid, men er blitt forsterka dei siste to vekene. Då såg me det som naturleg å ta det vidare til Samnanger kommune, som er vår oppdragsgjevar i dette tilfellet, seier kommunaldirektør i Bergen kommune Tommy Johansen.

Tommy Johansen i Nav

KOMMUNALDIREKTØR: Tommy Johansen i Bergen kommune.

Foto: Christian Lura / NRK

«De fleste» kjenner seg ikkje att

Det kjem ikkje fram kor mange som har varsla barnevernstenesta. Det går heller ikkje fram kva som gjer at dei ikkje kjenner seg att i det som er omtalt i rapporten.

I e-posten står det:

  • «Langt de fleste av foreldre, fosterforeldre og barn granskningen omfatter, forteller at de ikke kjenner seg og sin historie igjen i granskningsrapporten»

– Kor mange personar har meldt frå til barnevernstenesta at dei har denne opplevinga?

– Det er fleire som har uttrykt dette, ikkje ein eller nokre enkeltpersonar, seier Johansen, som seier at han ikkje kan talfesta talet.

Ifølgje uromeldinga sendt frå barnevernsleiaren i Arna har minst éi mor og to barn tatt kontakt med denne bekymringa.

Det er advokatane Geir Kjell Andersland og Thea Totland som står bak rapporten.

Advokat reagerer

Advokat Totland reagerer på at mailen frå barnevernsleiaren i Arna kom like før Samnanger sitt kommunestyremøte i førre veke. E-posten blei sendt rådmannen like før kl. 13 torsdag. Seks timar seinare starta kommunestyremøtet.

– Det verkar underleg og uforståeleg at reaksjonen kjem no og ikkje då rapporten blei publisert, seier Totland.

– Kvifor skulle ein i Bergen kommune framsette påstandar som ikkje stemmer?

– For å underminera rapporten med tanke på det mogelege søksmålet, tenkjer eg. Det har vore sterke reaksjonar på søksmålet og rapporten, mellom anna frå enkelte i barnevernstenesta.

Totland seier vidare at dei før rapporten blei publisert fekk reaksjonar frå ein familie på nokon detaljar. Då blei det gjennomført eit møte med familien som det no blir hevda at ikkje kjenner seg att i rapporten.

– Då endra vi på dei detaljane dei hadde innvendingar mot, utan at det fekk konsekvensar for konklusjonen, seier ho.

Tommy Johansen i Nav

KOMMUNALDIREKTØR: Tommy Johansen i Bergen kommune.

Foto: Christian Lura / NRK

Ordførar: – Festar ikkje lit til dette

– Eg festar ikkje lit til dei påstandane, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) om mailen frå barnevernsleiaren i Arna.

Han reagerer på at dette er informasjon som kjem til kommunen no. Kommunestyret har på bakgrunn av rapporten vedtatt å betala oppreising på til saman 1,8 millionar kroner til fleire av dei involverte.

I tillegg har kommunen vedtatt å bruka fleire hundre tusen kroner på å undersøka om dei ansvarlege kan forfølgast rettsleg.

Den siste utviklinga skjedde etter at plasstillitsvald i Arna og Åsane barnevernsteneste kravde at Bergen kommune sa opp avtalen med Samnanger.

I staden kalla Frøland inn til ekstraordinært kommunestyremøte og fekk avslutta avtalen sjølv.

– Det står ikkje til truande at det først no kjem fram at dei involverte ikkje kjenner seg att.

Varslar høyring

Frøland har måndag vore i kontakt med barnevernsleiaren i Arna. Han ønskjer å vita spesifikt kva påstandar i granskingsrapporten kritikken gjeld.

Mellom anna skal granskarane ha forsøkt å pressa dei involverte til å gi samtykke til å offentleggjera rapporten.

Frøland ser utspelet i lys av ei rekke hendingar han meiner har som mål å underkjenna rapporten.

– Eg ser på dette som eit ledd i ein kampanje mot det Samnanger kommune no prøver på. Eg har full tillit til rapporten og det som er gjort.

Granskarane stiller seg uforståande til påstandane.

Partileiarar og gruppeleiarar i kommunestyret er måndag informert om utviklinga. Ifølge Frøland kan det no bli vurdert å kalla inn til ei høyring i saka.

I så fall blir i første omgang granskarane Geir Kjell Andersland og Thea Totland og barnevernstenesta i Arna kalla inn.

– Det må me vurdera for å koma til botns i dette.

Beklagar

Kommunaldirektør Johansen seier etaten i lenger tid vurderte korleis dei best kunne formidle informasjonen til Samnanger kommune. No beklagar han at det blir oppfatta som at Bergen kommune forsøkte å påverka politikarane i Samnanger.

Uansett blei ikkje e-posten ein del av sakskartet. Ordføraren var ikkje klar over e-posten før i helga.

Johansen hevdar han ikkje kjente til det ekstraordinærere kommunestyremøtet. Det var ikkje tema før e-posten blei sendt, seier han.

– Me har tydelegvis ikkje lukkast å finna ein måte å formidla dette på som er korrekt. Det må me stå for. Eg beklagar at det blir tillagd ei meining som me ikkje har. Eg undrar meg likevel over at ordføraren nyttar ord som «kampanje». Dette beror på ei misforståing og ei tolking som ikkje er tilsikta.