Hopp til innhold

Kommune vil saksøka tidlegare barnevernssjef: Barnevernstilsette fryktar for framtida

Tilsette i barnevernet vil bryta samarbeidet med kommunen som vurderer å gå til sak mot ein tidlegare barnevernsleiar. Bergen kommune kallar nabokommunen inn på teppet.

Ole Mikalsen, plasstillitsvalgt for Fellesorganisasjonen ved Åsane og Arna barnevernstjenester

OVERRASKA: Plasstillitsvald Ole Mikalsen i Fellesorganisasjonen representerer halvparten av dei barnevernstilsette som har ansvaret for Samnanger kommune. – Fleire seier at dei vil slutta dersom dette endar i eit søksmål.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I Samnanger blei det fatta eit historisk vedtak torsdag. For første gong vurderer ein kommune å reisa søksmål mot ein tilsett i sitt eige barnevern.

– Folk reagerer med vantru på dette vedtaket. Andre fryktar dette vil føra til at kollegaene våre sluttar, seier Ole Mikalsen.

Han er plasstillitsvald for Fellesorganisasjonen (FO) ved Åsane og Arna barnevernstenester i Bergen.

I dag er det tilsette på dette kontoret som behandlar barnevernssaker i nabokommunen Samnanger.

Årsaka er at Samnanger i 2016 valde å knytta seg til barnevernet i Bergen, etter protestaksjonar og konfliktar med barnevernsleiaren.

Støttespillere satt utenfor da kommunestyret i Samnanger vedtok å gå videre med søksmål

STØTTE: Rundt 30 tilreisande frå fleire stader i Sør-Noreg hadde reist til Samnanger for å få med seg kommunestyremøtet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Uforsvarleg

Dei rundt 50 tilsette på barnevernskontoret i Åsane fordeler barnevernssakene mellom seg. Dermed kan i praksis kven som helst enda opp med å behandla ei barnevernssak frå Samnanger.

– Me stiller oss uforståande til eit slikt vedtak, og synest ikkje det er forsvarleg. Folk seier dei ikkje vil orka jobben om dei heile vegen må kikka seg over skuldra, seier Mikalsen.

Han skildrar kva tankar barnevernstilsette har etter vedtaket:

«Gjer eg jobben bra nok? Vil dette bli godtatt i ein framtidig dom?»

– Det heng ikkje på greip, og mange uttrykker no frykt for eit slikt scenario, fortel Mikalsen.

– Vil Samnanger kommune koma med eit søksmål mot meg om 15 år, langt inn i pensjonisttida mi? spør Mikalsen retorisk.

Ber kommunen sparka ut Samnanger

No ber Fellesorganisasjonen Bergen kommune avslutta samarbeidet med Samnanger kommune – som ein direkte konsekvens av vedtaket torsdag.

– Ja, det stemmer. Mange håpar det vil skje i løpet av kort tid. Folk er nervøse. Arbeidsoppgåvene i barnevernet er så komplekse at eit slikt press vil gjera kvardagen vanskelegare. Ei avklaring må skje kjapt, seier Mikalsen.

Lubna Jaffery, sosialbyråd i Bergen kommune

KRITISK: Sosialbyråd Lubna Jaffery (Ap) seier Bergen kommune aldri ville vurdert å gå til sak mot eigen tilsett. – Å gå til privatrettsleg søksmål er ikkje ein utveg me vil støtta.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sosialbyråd Lubna Jaffery (Ap) i Bergen kjenner til at det over tid har vore ei bekymring blant dei tilsette for situasjonen i Samnanger.

– Eg er ikkje overraska over at enkelte av dei tilsette ønskjer å avslutta avtalen, men ingen har førebels hatt den samtalen med meg, seier ho.

Kallar Samnanger inn på teppet

Jaffery vil ikkje seia om Bergen kommune no vil avslutta avtalen med Samnanger.

– Eg kjem ikkje til å diskutera dette i media. Me må diskutera det med Samnanger kommune. Den inngåtte avtalen gjeld til ein av partane seier han opp, slår byråden fast

– Men det er klart at sivilt søksmål er ikkje ein veg Bergen kommune vil gå mot sine tilsette, legg Jaffery til.

No har byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) kalla inn ordførar i Samnanger Knut Harald Frøland (Bygdalista) til eit møte om barnevernet i Samnanger.

– Det er naturleg at dette vil bli drøfta då, seier Jaffery.

Ordførar Frøland seier Samnanger kommune har bede om ein agenda for møtet.

– Eg veit at barnevernet er tema for møtet og at ein eventuell regress vil bli tema i møtet. Utover det vil eg ikkje kommentera dette. Det som er Bergen kommune sitt offisielle syn, får me kjennskap til i møtet, seier Frøland.

Samnanger-ordfører Knut Harald Frøland

ORDFØRAR: Knut Harald Frøland i Samnanger.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Avgjerd i september

Samnanger kommune har blitt landskjend etter at ei gransking av tre saker på 2000-talet avdekte alvorlege manglar i den kommunale tenesta.

Deler av kritikken gjekk ut på at det var eit lite fagmiljø, der barnevernsleiaren mellom anna opptredde med to kommunale roller.

– Er du bekymra for at Samnanger kommune vil sitta igjen med eit lite og svekka fagmiljø dersom Bergen kommune avsluttar kontakten?

– Jo, det vil vera frykteleg uheldig. Men det er eigentleg ikkje vårt problem. Samnanger har bore ved til dette bålet. No får dei finna ut om dei vil tenna på, seier Mikalsen.

Sjokkert ordførar

Ordførar Frøland reagerer på kritikken frå Mikalsen.

– Det sjokkerer meg å sjå korleis denne sida av demokratiet utspelar seg, tidlegare med stor motstand frå Fylkesmannen og no eventuelt at Bergen kommune ikkje lenger vil vera vertskommune for Samnanger barnevern. Det som skjer stadfestar for meg kor riktig det Samnanger kommune no gjer er.

Han seier granskingsrapporten ikkje handlar om «ordinære feil».

– Den viser grove overtramp, ikkje normale feil me må akseptera at alle kan gjera. Me kan ikkje ha eit offentlig Noreg der grove overtramp feilaktig blir beskytta av arbeidsgjevaransvaret.

Advokat John Christian Elden vil først i september koma tilbake til formannskapet i Samnanger med eit endeleg svar på om han tilrår eit søksmål eller ikkje.