Hopp til innhold

Samnanger vil oppretta gåvekonto for å betala Elden

Kommunen brukar fleire hundre tusen kroner for å finna ut om dei kan saksøka sin tidlegare barnevernsleiar. No vil dei starta kronerulling for å finansiera søksmålet.

Samnanger-ordfører Knut Harald Frøland

VIPPS: Ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) står bak forslaget som skal opp i det ekstraordinære kommunestyremøtet torsdag. Får han det som han vil, kan støttespelarar vippsa kommunen pengar i støtte til Samnanger si rettsforfølging av ein tidlegare tilsett.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Samnanger kommune vil opna ein eigen gåvekonto for å dekka utgiftene til dei moglege søksmåla mot den tidlegare barnevernsleiaren, fylkesnemnda og tingretten.

Bakgrunnen er at Samnanger kommune den siste tida har blitt kontakta av privatpersonar som ønskjer å støtta kommunen økonomisk, ifølge ordføraren.

Nedringt av støttespelarar

Nabokommunen til Bergen er blitt landskjent etter at ei gransking av tre saker på 2000-talet avdekte alvorlege manglar i den kommunale tenesta.

Forsøka på å gjera dei involverte personleg ansvarlege for feila, har seinare blitt både hylla og sterkt kritisert.

– Privatpersonar frå heile landet har kontakta meg med ønskje om å bidra med pengar. Me er ein kommune med avgrensa ressursar, og eg synest det er flott at dei ønskjer å støtta oss på denne måten, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista).

Han står bak det uvanlege forslaget, som kommunestyret skal ta stilling til i eit ekstraordinært kommunestyremøtet torsdag kveld.

I helga skreiv NRK at ordførar Frøland har kalla inn til møtet for å vurdera om kommunen skal avslutta barnevernsavtalen med Bergen kommune.

Støttespillere satt utenfor da kommunestyret i Samnanger vedtok å gå videre med søksmål
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Spesielt

Det vil også vera mogleg å bruka Vipps for å støtta kommunen økonomisk, skriv rådmannen i innstillinga.

I første omgang skal eventuelle pengar som kjem inn brukast til å dekka utgiftene til advokatfirmaet Elden. John Christian Elden har vurdert og gitt sitt klarsignal til eit regressøksmål mot dei ansvarlege partane i ei konkret barnevernssak.

Kommunestyret har samla løyvd 350.000 kroner til dette.

«På litt lenger sikt kan det vera aktuelt med pengegåver også til andre utgifter knytt til den politiske prosessen om barnevernssaker i Samnanger», heiter det i innstillinga.

Frøland understrekar at han ser som det mest tenleg at kommunen opprettar ein eigen konto for å ha kontroll over pengane som kjem inn. På den måten sikrar kommunen at pengane blir nytta til det føremålet dei var tenkt til.

– Det er mest ryddig at me sjølve har kontroll på kva som kjem inn og at me er opne om kva pengane blir brukt på, seier Frøland.

Ordføraren vedgår at pengerullinga er høgst uvanleg.

– Ja, dette er spesielt, men me har ikkje så mykje ressursar i Samnanger og skulle helst brukt desse pengane på andre ting. Då set me stor pris på støtta frå dei som vel å støtta oss.

Tysse i Samnanger kommune

SAMNANGER:

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

« ... kan stillast spørsmål ved om det er rett»

Så langt administrasjonen har klart å finna ut, har kommunen lov til å ta imot pengegåver frå personar som ønskjer å bidra med midlar til kommunen. I utgangspunktet kan midlane frå slike gåver brukast både til drift og investeringar, skriv rådmannen.

Men administrasjonen overlét til politikarane å vurdera kor vidt det er riktig av ein kommune å ta imot pengar frå privatpersonar for å finansiera eit mogleg søksmål.

«Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved om det vil vera rett av kommunen å ta imot pengegåver, eller det vil vera meir rett at kommunen dekker utgifter sjølv,» skriv rådmannen.

Samnanger i kommunestyret

KRITISK: Gruppeleiar Shirin Khadoor (Ap) er kritisk til forslaget.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Skeptisk til etikken

– Er du redd dette kan stå fram som ein tiggaraksjon?

– Nei, ikkje så lenge det er personar som har kome til oss og bede oss legga til rette for slike gåver. Hadde me som eigen kommune kome med initiativet, ville eg ikkje ha støtta det. For meg er det ein skilnad her.

Ap-politikar Shirin Khadoor støttar ikkje nødvendigvis den vurderinga.

– Eg er skeptisk til ei slik innsamling, for å seia det sånn.

No skal Ap, MDG og Høgre ha eit samla gruppemøte før morgondagens møte. Basert på fleirtalet i kommunestyremøtet i førre veke, ligg også dette forslaget an til å få fleirtal.

– Sjølv om noko er rett ut frå lovverket, spør eg meg sjølv om dette er etisk riktig. Å skulla finansiera eit mogleg søksmål på denne måten, er verdt å stilla spørsmål ved.

Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med den tidlegare barnevernsleiaren.