Hopp til innhold

Politikarane i Samnanger vedtok å førebu søksmål mot eks-barnevernssjef

BJØRKHEIM (NRK): Historisk vedtak i den vanskelege barnevernssaka i Samnanger. Utanfor sat barnevernskritikarar som hadde reist 300 kilometer for å visa si støtte.

Line Emilie Lende frå Kongsberg, utanfor kommunestyremøtet i Samnanger

JUBEL: Line Emilie Lende frå Kongsberg møtte opp og kunne feira etter det historiske vedtaket i Samnanger torsdag ettermiddag.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Jaaaaaa! utbraut barnevernskritikarane utanfor då kommunestyret vedtok å gå vidare med søksmål.

Folk frå ulike stader i landet hadde benka seg i bubilar og campingstolar i forkant av det historiske kommunestyremøtet torsdag.

- Takk til ordføraren og takk til Sammanger. Dette er unikt, og kan ha stor betydning utover kommunegrensene. Ordføraren tar ei kamp me andre ikkje har sjans til å ta, seier Line Emilie Lende.

Ein nedslåande granskingsrapport om den kommunale barnevernstenesta har utløyst millionoppreising til tolv barn og vaksne.

NRK har tidlegare fortald historia til Edvin Bolstad, som mista omsorga for tre av barna. To av barnevernsbarna har også for første gang gått ut med sin versjon.

Med knappast mogleg margin vedtok formannskapet i mai å stilla den tidlegare barnevernsleiaren ansvarleg for feila som blei gjort på 2000-talet.

Advokat John Christian Elden, som hadde blitt bedt om å vurdera eit søksmål, slo fast at det kan vera grunnlag for eit regressøksmål i spesielt ei av sakene.

I dag sa kommunestyret ja til å gå vidare med saka, med 13 mot 8 stemmer. Vedtaket betyr at Elden skal førebu grunnlaget for ei historisk sak.

For utgifter dei har hatt med barnevernssaka til familien Bolstad, vil Samnanger kommune krevja erstatning frå barnevernsleiaren og frå staten ved fylkesnemnda og tingretten som var involverte i saka.

NRK har dei siste månadene forsøkt å få ein kommentar frå den tidlegare barnevernsleiaren, utan hell.

Støttespillere på plass i Samnanger for å markere sin støtte til forslag om å saksøke tidligere barnevernsleder

OVERNATTA: Søstrene Helga Solli (t.v.), Eva Amin og Inger Løvetann Krogh reiste frå Stavanger og overnatta i Samnanger.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Barnevernsbarn: – Dette betyr mykje

– Det betyr mykje at dei vedtar dette, både for meg personleg og familien, sa Aleksander Bolstad på parkeringsplassen utanfor folkebiblioteket på Bjørkheim.

Der var han omkransa av rundt 30 tilreisande frå Bergen, Stavanger, Arendal, Kongsberg og Tønsberg. Felles for alle er at dei er medlem av Facebookgruppa «Heia Ordfører Knut Harald Frøland».

Støttegruppa nådde 4000 medlemer i løpet av halvannan veke.

– Me er her i dag for å støtta det unike initiativet Samnanger kommune og ordføraren no tar. Dette kan skapa presedens for liknande saker i kommunar over heile landet, seier talsperson Inger Løvetann Krogh.

Onsdag kveld planta medlemer eit tre i parken på Bjørkheim. Treet er ei gåve til kommunen og eit resultat av ein innsamlingsaksjon.

– Treet skal representera det frøet som blir sådd her i dag, seier Krogh.

Donert epletre på Bjørkheim i Samnanger

DONASJON: Dette epletreet blei planta av støttespelarane som takk til Samnanger kommune.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fryktar kostnadssmell

Etter ein lengre debatt i kommunestyret, blei innstillinga frå formannskapet banka gjennom med ei stemme overvekt.

– Kor mykje pengar vil dette kosta oss? Og kva vurderer Elden når han går gjennom heile saka, og ikkje berre granskingsrapporten? spurde Jon Magne Bogevik (Arbeidarpartiet) i møtet.

Barnevernssakene har splitta kommunen og versert i kommunestyret i ei årrekkje. Opposisjonen fryktar dyre rundar i rettsvesenet og omdømetap som arbeidsgjevar.

– Eg synest denne problemstillinga er karikert. Om dette skremmer vekk nokon frå å søka jobb i Samnanger, skal me kanskje vera glade for at vedkomande ikkje søkjer jobb hos oss, sa varaordførar Øyvind Røen frå talarstolen.

Då høyrdest det jubel frå dei tilreisande som sat på utsida og følgde direktestrøyminga frå møtet.

– Kommunestyret har tatt sitt ansvar ved å gi oppreising. No er det på tide å plassera ansvaret der det høyrer heime, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) til NRK røystinga.

Samnanger-ordfører Knut Harald Frøland

ORDFØRAR: Knut Harald Frøland i kommunestyremøtet i Samnanger.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Kjenslestyrt populisme

LO-advokat Herdis Helle slaktar vedtaket. Advokaten er hyra inn av Fellesorganisasjonen (FO) for å vurdera korleis eit søksmål kan påverka dei barnevernstilsette.

Ho kallar eit søksmål uansvarleg og leivde saka få sjansar i rettsapparatet.

– Dette er ein kjenslestyrt form for populisme og manglande rasjonalitet hjå deler av politikarane i Samnanger, seier Helle, og legg til at tilsette i barnevernet som Samnanger soknar til vurderer å slutta i jobben.

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt har tidlegare uttalt at han er skeptisk til søksmålet Samnanger førebur. Ei stemning mot staten ser han på som heilt usannsynleg.

Vedtaket betyr at advokat John Christian Elden no kan gå vidare med si vurdering av saka. Det er i første omgang saka til familien Bolstad det blir teke utgangspunkt i.

– Eg er svært takknemleg for at dei meiner vår sak er verdt å sjå på, har Edvin Bolstad tidlegare uttalt til NRK.

Det vil medføra ei grundigare gjennomgang av alle dokument i saka, før Elden leverer si tilbakemleding til formannskapet i september.