Barnevernsbarn i Samnanger: – Hadde ikkje vore i live i dag utan barnevernet

Samnanger har betalt millionar i erstatning for grove barnvernsfeil. No takkar eitt av barna i saka barnevernet i kommunen for at dei redda livet hennar.

Barnevernsbarn i Samnanger

VIL STÅ FRAM: Nok eit barnevernsbarn frå Samnanger fortel si historie. Denne gongen er inntrykket av barnevernet eit heilt anna. Av omsyn til jenta sin familie har NRK vald å anonymisera henne.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tolv personar har fått utbetalt oppreising etter den knusande rapporten mot barnevernet i Samnanger.

NRK har tidlegare snakka med tre av dei; far Edvin og brørne Aleksander og Stian Bolstad.

I dag bur alle i ulike kommunar. Familien er oppløyst, og den yngste jenta i familien bur på institusjon. Ifølge rapporten blei ho fråteken barndomen under omsorga av det offentlege.

Barnevernet har øydelagd familien, meiner dei. Granskingsrapporten går langt i å gi dei rett i påstanden.

Men ikkje alle barnevernsbarna deler den oppfatninga. For første gong fortel eit av dei andre barnevernsbarna si historie.

Ho fortel at ho er glad for at barnevernet greip inn.

– Barnevernet påverka meg meir positivt enn negativt. Det eg frykta mest var å bli flytta tilbake til heimen, fortel tenåringsjenta.

Vald og overgrep

I den offentleggjorde rapporten står detaljar om korleis ho opplevde livet i huset i Samnanger.

Tenåringen stiller seg bak det som står i granskingsrapporten, men vil nyansera biletet som er teikna av barnevernstenesta i Samnanger.

– Det er ikkje tvil om at dei har gjort mange og grove feil, også i mi sak. Men dei har gjort mykje bra òg.

I rapporten står forteljingar om vald og overgrep.

Tenåringen ønskjer å stå fram med fullt namn og bilete, men av omsyn til dei andre involverte har NRK vald å anonymisera jenta.

Etter å ha verna om si historie i mange år, ønskjer ho no å fortelja.

– Det har vore vondt å lesa avisinnlegg og kommentarar når eg sjølv veit kva som skjedde. Svært få har visst kva som skjedde, men nokon har. Det er ekstra sårt.

I staden har NRK vald å omtala henne som Ane.

Barnevernsbarn i Samnanger

SPOR: Traumene frå barndomen har resultert i psykiske vanskar, har helsevesenet slått fast. Posttraumatisk stressyndrom er blant lidingane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Slått med fjernkontroll og knipen til blods

I dag bur ho i fosterfamilie ein annan stad i Hordaland.

– Eg er førebudd på at andre kan koma til å tenkja at «ja, det barnevernet gjorde mot deg var kanskje riktig, men ikkje mot dei andre». Det forstår eg, for dette er berre mi historie. Eg meiner også at barnevernet har gjort mykje feil. Eg har lese det som står om søstera til Bolstad-brørne, og eg tykkjer det er vondt, fortel tenåringen.

NRK møter henne i fosterheimen der ho har budd sidan 2013. Hit kom ho månader etter at ho i januar same året varsla skulen om det ho omtalar som slag, kniping og lugging.

Bak stod ei valdeleg mor, hevdar jenta.

– Det gjekk føre seg over mange år. Lugging og slag med gjenstandar, som til dømes fjernkontroll. Ein gong kneip ho meg så hardt i handa at eg byrja å blø. Det var rett før eg skulle gå til skulen, fortel ho.

Same dag som Ane varsla, fatta barnevernstenesta akuttvedtak. Ane og veslebroren blei sende i beredskapsheim. Også han blei utsett for valden, fortel ho.

Oppstanding i bygda

Eit akuttvedtak inneber å gripa inn og flytta barna ut av ein heim der det er «fare for at barn blir vesentlig skadelidende», slik det heiter i barnevernslova § 4-6.

Dette er vedtak som berre kan treffast når det ikkje er råd å sikra barnet på andre måtar.

Omplasseringa skapte oppstyr i det vesle Samnanger-samfunnet. Familie, vener og naboar gjekk i fakkeltog mot det dei meinte var forhasta vedtak i barnevernstenesta.

Ei veke etter at Ane gav beskjed til skulen blei akuttvedtaket stadfesta i fylkesnemnda.

Deretter gjorde tingretten det same i april same året.

– Eg var livredd for å bli flytta tilbake og blei letta då det ikkje lenger var aktuelt, fortel Ane.

Tysse i Samnanger kommune

SAMNANGER: Den vesle vestlandskommunen førebur eit søksmål mot kommunen sin tidlegare barnevernsleiar. Bakgrunnen er barnevernet sine inngrep i tre familiar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mora: – Oppdikta og usant

Ifølge tenåringen starta valden kort tid etter at jenta busette seg i Samnanger.

Mora var streng og brukte fysisk avstraffing dersom Ane ikkje gjorde som ho bad om, fortel tenåringen.

– Ein gong sat me oppe seint fordi eg skulle læra meg klokka. Då eg svarte feil på eit spørsmål, slo ho meg over nasen slik at eg byrja å blø. Det kom ein stor raud flekk i arbeidsboka, som læraren min spurte meg om neste dag. Eg sa hadde sølt saft.

Valden skal ha gått føre seg heilt fram til ho blei henta av barnevernet, ifølge Ane.

Ane hadde også to mindre søsken. Mora påla henne mykje av ansvaret med å stella tvillingane, slik at det gjekk utover skulearbeid.

I seinare tid har Ane fått påvist mellom anna posttraumatisk stressyndrom på bakgrunn av det ho har opplevd.

NRK har konfrontert mora med påstandane frå dottera. Ho avviser alle.

– Alle påstander er oppdikta og usanne, og fell på si eiga urimelegheit, skriv mora i ein e-post.

Les heile svaret til mora i boksen under:

Varsla læraren

Ane fekk hjelp av ei venninne då ho fortalde om valden. Dei gjekk til den same læraren som hadde spurt om blodflekken. Han gjekk til helsesøster, som igjen kontakta barnevernet.

To månader etter at Ane og broren blei akuttplasserte, avslutta mora forholdet med stefaren til Ane. Ho tok med seg tvillingane og flytta ut av landet.

Dermed var Ane å rekna som eit barn utan omsorg.

Den biologiske faren var død.

Dermed blei akuttvedtaket rettsleg forankra og Ane blei plassert i fosterheimen der ho bur i dag i juli 2013.

I granskingsrapporten får barnevernstenesta kritikk på fleire punkt (sjå faktaboks).

– Rapporten fortel situasjonen slik han er. For min del er eg glad for å ha blitt høyrd, og glad for at dette kjem fram.

Barnevernsbarn i Samnanger

TENÅRING: Ane var tolv år då ho fortalde fostermora om overgrepa. I dag er jenta i slutten av tenåra.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK Vestland

Får aldri vita kvifor dei blei splitta

Likevel er ho glad for at barnevernet henta henne frå det ho kallar ein valdeleg heim.

Sjølv om granskarane kritiserer barnevernet for ikkje å ha vurdert fosterheim i det nære nettverket i Samnanger, er Ane glad for at ho blei flytta vekk.

Ifølge granskingsrapporten uttrykte jenta heile vegen tydeleg at ho ikkje ville tilbake til det som var den biologiske familien til halvbroren.

Det ho er aller mest kritisk til, er at ho kjende seg oversett av barnevernet. Ho og broren ville bu i lag, men søskena blei splitta.

Det blei heller ikkje dokumentert kvifor barnevernstenesta vurderte som dei gjorde, ifølge granskingsrapporten.

– Eg synest det er utruleg dumt. Det er mitt liv, men det er ikkje dokumentert. Korleis skal eg få vita kvifor eg ikkje fekk bu med bror min? Det er kun dei som veit det.

Granskarane har ikkje funne noko skriftleg om kvifor dei to barna ikkje kunne bu saman. Det går heller ikkje fram i dokumentasjonen om Ane sitt uttalte ønske blei vurdert.

Det einaste skriftlege granskarane hevdar å ha funne er denne setninga. Det stod i ein tilsynsrapport frå eit besøk i beredskapsheimen i juni 2013.

«Søsknene blir også delt. Uvisst hvilke reaksjoner hun får p.g.a. det».

– Følte du at du fekk medverka på noko vis?

– Nei. Dei spurte meg aldri. Dei sa at eg ikkje kunne bu i lag med broren min. Svaret eg fekk var at me trong merksemd på ulike måtar.

Barnevernsbarn i Samnanger

VIL FORTELJA: Då NRK oppsøkte barnevernsbarnet var ho tydeleg på at tida var inne for å fortelja si historie. – No kan folk lesa rapporten. Dei ser kva som står der, og ser kva eg har vore gjennom. Det var det få som visste i 2013, seier Ane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fostermora: – Vanvitig tøft å høyra

I dag ser Ane og broren kvarandre ofte. Dei feirar bursdagar i lag og heng saman i skuleferiar.

I gamlehuset i Samnanger hadde dei soverom i kvar sine etasjar. Han hadde rom i kjellaren, vegg i vegg med mora sitt soverom.

Men så lenge som Ane kan hugsa, sov veslebroren i senga med ho.

– Eg veit ikkje kvifor det var slik, men han kom alltid opp til meg når me skulle sova.

Først etter eit år i sin nye fosterheim, klarte Ane å fortelja nokon om dei mørkaste minna frå barndomen.

Då fortalde ho fostermora om overgrep ho var blitt utsett for av andre familiemedlemer. Dette var forhold som ikkje var kjende for barnevernet då dei valde å ta henne og broren ut av heimen.

Sjølv i dag hugsar tenåringen nesten ordrett samtalen ved kjøkenbordet.

– Eg sa at eg ikkje hadde vore i live i dag utan barnevernet. Om eg ikkje hadde blitt henta av barnevernet, ville eg mest sannsynleg tatt mitt eige liv.

Kvifor sa du det?

– Alt hang saman. Valden og overgrepa. Det ville blitt for mykje. Eg veit ikkje om eg hadde klart å stå i det.

Då jenta opna seg for fostermora hadde ho knapt fylt tolv år. Då hadde fosterfamilien allereie brukt lang tid på å skapa ein trygg heim for Ane.

– Det var vanvitig tøft å høyra frå ein tolvåring år at ho ville vurdert å ta sitt eige liv, seier fostermora.

Barnevernstenesta blei kontakta, og dagen etter blei saka meld til politiet som mistanke om seksuelle overgrep.

NRK har konfrontert dei aktuelle familiemedlemene med påstandane om overgrep. Dei kallar påstandane for usanne og «heilt absurde».

Les heile svaret frå familiemedlemene i boksen under.

Politisak lagt bort

Ifølge politidokumenta, som NRK har lese, enda etterforskinga med at saka blei lagt bort på bevisets stilling. Då hadde politiet etterforska saka i over to år.

Vedtaket blei klaga inn, men avgjerda om å legga vekk saka blei opprettheldt av Riksadvokaten.

Mora blei også meldt til politiet. Politiet la bort saka, men i dette tilfellet valde Riksadvokaten å gjera om vedtaket.

Valdssaka mot mora enda i staden med påtaleunnlating i 2017. Det betyr at det ikkje blir reagert med straff sjølv om politiet meiner det har skjedd ein straffbar handling.

Påtaleunnlating vert ofte nytta i saker med mindre alvorleg karakter eller der den psikta ikkje har rulleblad. Rettsleg vert det rekna som ei åtvaring. Mora fekk to års prøvetid.

Mora ønskjer no å krevja politietterforskinga opna på nytt for å bevisa at dottera ikkje snakkar sant. Ho opplyser til NRK at ho vil hyra privatetterforskar for å «gå grundig til verks med undersøkelser i saken».

– Desse skuldingane har kome etter at dottera mi har vore i fosterheim ei tid, skriv mora i ein e-post.

Året etter blei Ane tildelt 250.000 kroner i erstatning for vald og overgrep som mora og andre familiemedlemer utsette henne for.

For å få utbetalt valdsoffererstatning må den straffbare handlinga vera klart sannsynleggjort, ifølge Kontoret for valdsoffererstatning.

Sjølv om beviskravet ikkje er like strengt som for domfelling i ei straffesak, må det ligga føre ein kvalifisert grad av sannsynsovervekt, heiter det i vilkåra:

  • «Etter fast praksis kreves det som regel bevismomenter utover en troverdig forklaring fra den skadelidte.»

I dokumenta som NRK har lese går det fram at Kontoret for valdsoffererstatning har henta inn sakkunnigrapportar og helsevurderingar som bakgrunn for vedtaket.

Fostermora har aldri tvilt på at Ane snakkar sant.

– Nei. Det tok eit heilt år før ho torde å snakka om overgrepa. Ho har fått ubetalt erstatning frå ei ordning der det ligg til grunn strenge beviskrav, seier fostermora.

Støttespillere satt utenfor da kommunestyret i Samnanger vedtok å gå videre med søksmål

STØTTEMARKERING: Folk kom frå heile Sør-Noreg då Samnanger som første norske kommune vedtok å førebu ei sak mot ein tidlegare leiar i barnevernet. For Ane har det vore spesielt å følga utviklinga i Samnanger-saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Reagerer på søksmålsplanar

Umiddelbart etter at Ane og broren blei henta starta opprøret i Samnanger.

Frå sidelinja har Ane lese lesarinnlegg, avisintervju og kommentarar utan at ho sjølve torde å ytra seg.

– Gjennom mange år har ho lese avisinnlegg og har hatt lyst å uttala seg, men me har vilja skjerma henne. No er granskingsrapporten ute. Han er offentleg og han støttar den forteljinga ho gir, seier fostermora.

Fostermora meiner det Ane fortel vil balansera inntrykket av barnevernssakene i Samnanger.

– Det er ikkje tvil om at barnevernet har gjort feil, til dømes i saka til familien Bolstad. Barnevernet gjer feil, men gjer også mykje riktig. I Ane si sak var det heilt naudsynt at barnevernet greip inn, meiner fostermora.

Tenåringen nærmar seg no myndig alder. Ho rosar Samnanger kommune for å ha gått grundig gjennom dei tre sakene.

Oppreisingssummen på 150.000 kroner kallar ho eit plaster på såret.

– Eg synest kommunen har gjort ein grundig jobb i denne runden. I første runde blei ikkje mi historie høyrt, men eg er glad for at dei tok ein ekstra runde. Eg føler at eg har blitt høyrt og at folk trur meg.

Men frå sidelinja er det ikkje alt kommunen har gjort seg som imponerer henne.

I løpet av sommaren skal advokatfirmaet Elden finna ut om Samnanger skal saksøka den tidlegare barnevernsleiaren.

– Eg forstår kritikken mot han. Likevel reagerer eg på at dei rettar saka mot ein einskildperson. Det er kommunen som eig barnevernet. Eg synest kritikken er litt urettferdig. Barnevernet har også gjort mykje bra, som i mitt tilfelle.

Den tidlegare barnevernsleiaren har formidla til NRK at han ikkje vil kommentera kritikken eller det planlagde søksmålet mot han.

Hei!

Har du noko på hjartet eller tips du meiner eg bør sjå nærare på?
Send meg ein e-post.

Les gjerne saka eg skreiv om familien som blei splitta av barnevernet, fagforeiningsmannen som ikkje ville jobba for Samnanger eller ordføraren som tar opp jakta på sin tidlegare toppleiar.