Hopp til innhold

Reagerer sterkt på «trugslar» – kommunen trekkjer seg frå barnevernssamarbeid

Ordføraren vil ikkje driva «barnevern» lenger. Meiner Samnanger må bryta samarbeidet med Bergen.

Samnangers ordfører Knut Harald Frøland

HAR FÅTT NOK: Ordførar Knut Harald Frøland meiner Samnanger bør erstatta barneverntilbodet med noko anna og betre, og bryta samarbeidet med Bergen kommune.

Foto: Even Norheim Johansen

– Eg frys på ryggen av det omgrepet og ønskjer ikkje å bruka det, slik situasjonen er blitt. Me må tenka heilt annleis for å hjelpa dei som treng ekstra omsorg. Familievern er eit mykje betre ord.

Det seier ordførar Knut Harald Frøland i Samnanger til NRK.

– Fellesskapet i Samnanger kommune har no høve til å bygga opp eit veldig godt støtteapparat for å gi ekstra hjelp og omsorg til dei i Samnanger som treng det. Det skal vera noko anna enn det som ligg i det som blir kalla barnevern. Eg kjenner meg trygg på at me i dette arbeidet vil få framifrå støtte frå gode folk.

Knusande granskingsrapport

Denne kommunen har blitt landskjend etter at ei gransking av tre barnevernssaker frå 2000-talet avdekte alvorlege manglar i den kommunale tenesta.

Torsdag fatta kommunestyret eit historisk vedtak: Dei vurderer å reisa søksmål mot ein tidlegare barnevernsleiar. Dette er første gong ein kommune vurderer eit slikt skritt mot ein tilsett i sitt eige barnevern.

Som følge av barnevernskonfliktane, har Samnanger tidlegare knytte seg til barnevernet i nabokommunen Bergen. Sidan 2016 har derfor barnevernskontoret i Arna bydel behandla barnevernssaker i Samnanger.

Men barnevernstilsette i Bergen reagerte på torsdagens kommunestyrevedtak og tok til orde for å bryta samarbeidet med Samnanger.

– Folk seier dei ikkje vil orka jobben om dei heile vegen må frykta å bli saksøkt av kommunen, sa Ole Mikalsen. Han er plasstillitsvald for Fellesorganisasjonen (FO) ved Åsane og Arna barnevernstenester i Bergen.

Line Emilie Lende frå Kongsberg, utanfor kommunestyremøtet i Samnanger

JUBEL MOT BARNEVERN: Folk frå ulike delar av landet møtte opp i Samnanger og feira det historiske vedtaket kommunestyret gjorde torsdag.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Inn på teppet

I tillegg har byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) kalla Samnanger-ordførar Frøland (Bygdalista) inn på teppet på tysdag. Temaet for møtet er granskingsrapporten og den pågåande diskusjonen knytt til barnevern i den vesle nabokommunen.

– Det er klart at sivilt søksmål er ikkje ein veg Bergen kommune vil gå mot sine tilsette, sa sosialbyråd Lubna Jaffery (Ap) til NRK.

Frøland reagerte fredag på utsegnene frå kommuneleiinga og barnevernstilsette i Bergen.

– Trugslane om at Bergen kommune ikkje lenger vil vera vertskommune for Samnanger barnevern stadfestar for meg kor riktig det me no gjer er. Me kan ikkje ha eit offentleg Noreg der grove overtramp feilaktig blir beskytta av arbeidsgjevaransvaret.

Samnanger slår tilbake

Laurdag fortel han NRK kva som blir Samnanger sin respons.

– Eg registrerer at tilsette i Bergen ikkje ønsker å jobba for barnevern i kommunen vår. Sett i lys av at barnevernet i Bergen kommune sjølv har fått kraftig kritikk i ein fersk granskingsrapport, tenker eg dette er eit fint tidspunkt for oss å avslutta samarbeidet med Bergen.

Ordføraren seier han har konferert med andre parti i kommunestyret.

– Møtet med Bergen kommune på tysdag blir avlyst. Og me kallar inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte på torsdag.

Der vil Samnanger-politikarane drøfta idéane om å bygga opp eit tilbod som ikkje skal vera eller likna på barnevern.

– Eg trur mange i kommunestyret kjenner på at dette er riktig å gjera, seier Frøland.