Hopp til innhold

Skal kartlegga motorferdsle på vidda. Brita (18) håpar villreinen skal få ro

Ein ny sti- og løypeplan skal styra ferdselen slik at den raudlista villreinen på Hardangervidda blir minst mogleg forstyrra.

Brita Buer

SKAL KARTLEGGA FERDSEL: Brita Buer (18) liker seg godt til fjells og på vidda. Ho trur det er viktig for villreinen på Hardangervidda at og motorferdsel blir kartlagt.

Foto: Sam Davies

– Dei fleste vi ser er litt skrale og ser tynne ut. Eg trur villreinen treng den freden dei kan få, seier Brita Buer (18).

Ho og familien frå Odda i Ullensvang har nytta Hardangervidda i mange år til turar og jakt.

Villreinen på Hardangervidda vart i fjor med på raudlista på grunn av sjukdomar og lite mat, og blir vurdert som «nær trua».

Skal laga ein ferdselsplan

Hardangerviddarådet er no i ferd med å laga ein felles sti- og løypeplan for ferdsel ved innfallsportane til nasjonalparken på Hardangervidda.

Målet er å styra ferdselen til tider og område der den forstyrrar villreinen minst mogleg.

– Det er eit viktig bidrag for å synleggjera og betra tilhøva for villrein, og korleis ein kan utvikla områda på Hardangervidda for den framtidige bruken, seier Anders Vatle som er nestleiar i Hardangerviddarådet og ordførar i Eidfjord kommune.

Ordfører i Eidfjord, Anders Vatle (Sp)

Nestleiar i Hardangerviddarådet, Anders Vatle meiner tida er forbi at ein ikkje kan gjera noko. – Noko må skje for å berga og betra tilhøva for villreinen, seier han.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kartlegga motorferdsel

Ein har god oversikt over ferdsel til fots, på ski, kiting og hundeslede. Men ein har ikkje hatt god oversikt over den motoriserte ferdselen, som bruk av til dømes skuter, traktor og helikopter.

Men i desse dagar skjer denne kartlegginga. Den skal betre oversikta over ferdselen, over når og kor den skjer.

Buer synest kartlegginga er bra med tanke på framtida til villreinen.

– Det er veldig nyttig at ein kan legga meir til rette for at villreinen skal få vera i fred og kan bli større og sterkare.

Ho vart glad for beskjeden for to veker sidan då det vart klart at det ikkje blir vinterjakt på villreinen på Hardangervidda i kampen mot skrantesjuka.

– Eg trur omtrent alle jegerane rundt Hardangervidda vart glade då vi fekk beskjed at det ikkje blir vinterjakt.

Les også Dropper vinterjakt på villrein

Villrein

Alle må bidra

Bjørn Arne Lindskog er leiar i tilsynsutvalet for Vestfold og Telemark, som gir løyve til motorisert ferdsel i Telemark sitt område. Det er også tilsynsutval for Vestland og Viken.

Eg synest det er bra at Hardangerviddarådet tek tak i motorferdselen, for den er blitt veldig stor dei seinare åra. Både i og utanfor nasjonalparken.

Lindskog seier det er ikkje berre private og turistforeiningane som st
år for motorferdselen. SNO, NINA og Mattilsynet står også for ein del av den.


Dei har jo meir motorferdsel til saman enn det dei tre tilsynsutvala for Hardangervidda gjev løyve til.

Både Lindskog og Buer meiner alle må bidra og redusera sin aktivitet for å få gjort noko med motorferdselen.

– Villreinen blir uroa nesten heile året. Den er blitt raudlista. Simler, kalvar og reinsdyrbukkar veg stadig mindre, seier Lindskog.

Les også DNT stenger alle hyttene på Hardangervidda for å verne villreinen i kalvingsperioden

Kalhovd turisthytte på Hardangervidda påsken 2018

Har møtt motstand

Tilsynsutvalet for Vestfold og Telemark meiner store område på Hardangervidda må sperrast av for ferdsel i dei tidene på året når villreinen er på trekk, til dømes vestover.

Vi er avhengig av å få villreinen til å beita på vestsida av Hardangervidda igjen, og kanskje kalve på vestsida der det er gode beite. No er villreinen pressa mot Vinje kvar einaste vår, og har kalva her i 15–20 år.

Men kartlegginga har møtt motstand. Fleire meiner det kan gripa inn i næring og fritidssyslar.

Nestleiaren i Hardangerviddarådet forstår at det kjem motstand når ein ser på endringar som kan påverka bruksretten som er styrt gjennom gamal hevd og som er juridisk sikra.

Men han meiner at noko må skje med bruken av sti- og løypenettet.

– Tida er forbi at ein ikkje kan gjera noko. Noko må skje for å berga og betra tilhøva for villreinen, seier Vatle.

Målet er at kartlegginga av motorferdselen skal vere ferdig til våren, og at sti- og løypeplanen skal ut på høyring på nyåret 2024.

Les også Raudt lys for seks av ti villreinområde

Villrein i Sysendalen

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker.

Send meg gjerne ein e-post.

Vil du lese fleire saker om villreinen? Eg har skrive om Anders (17) som frykta for framtida til villreinen –og ville boikotte vinterjakt på Hardangervidda. Og grunneigarar som vurderte søksmål for å stoppa vinterjakt på Hardangervidda.