Hopp til innhold

Anders (17) fryktar for framtida til villreinen – vil boikotte vinterjakt på Hardangervidda

Mattilsynet og Miljødirektoratet har tilrådd vinterjakt på villrein i kampen mot skrantesjuka. Skjer det, seier fleire jegerar på Hardangervidda at dei vil boikotte jakta.

Anders Lee

17 år gamle Anders Lee fryktar for framtida til villreinstammen på Hardangervidda.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette står me sterkt imot. Me synest dette tiltaket blir for brutalt når me veit så lite, seier 17 år gamle reinjeger Anders Lee frå Skare i Ullensvang kommune.

Han fryktar for framtida til stammen på Hardangervidda viss det blir vinterjakt og at veslebrørne hans aldri får opplevd villreinen.

– Eg blir lei meg. Tenk om eg ikkje skal få sjå villreinen meir. Eg blir trist i heile meg av å tenke på det.

5000 dyr

Stammen på Hardangervidda er den største med om lag 5000 dyr, det er ein reduksjon på 2500 dyr sidan 2017. I fjor vart villreinen med på raudlista og vurdert som «nær trua».

Villrein i Sysendalen

Villreinflokk i Sysendalen.

Foto: Hardangervidda Villreinutvalg

Nyheita om at det var felt ein rein med skrantesjuke slo difor hardt ned i oktober i år. Dette er andre tilfelle av sjukdommen som er funne på Hardangervidda.

Difor har Miljødirektoratet og Mattilsynet no råda myndigheitene om å opne for såkalla ekstraordinær vinterjakt.

Målet å redusera talet på vaksne bukkar, som dei meiner er den største kjelda til smitte. Det kan bli aktuelt å nytte skuter og helikopter i jakta.

Les også Villreinen er kritisk truet: Myndighetene har ingen snarlig løsning

Villrein i Sysendalen

– Skrantesjuke er ein av dei mest alvorlege dyresjukdomane me har i Noreg. Sjukdomen har eit sikkert dødeleg utfall for dyra som blir smitta, det finst heller ingen vaksine. Det er veldig viktig at me motarbeider dette effektivt for å hindre at sjukdomen spreier seg vidare, seier Inge Erlend Næsset, direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet.

Villreinbukk med skrantesjuke på Hardangervidda, slakteplassen før Mattilsynet fjerna slakt og vegetasjon

Villreinbukk med skrantesjuke på Hardangervidda. Denne vart funnet september 2020.

Foto: Mattilsynet

– Belastande

I dag er det vanleg med jakt på hausten. Dette vil framleis vere det primære verkemiddelet mot skrantesjuke, seier Næsset.

– Men me har kome fram til at det er behov for å gjere ekstra uttak av bukk i den grad det ikkje gir uforholdsmessige negative konsekvensar for dyrevelferda, seier han.

Vinteren er rett nok den tøffaste perioden for villreinen.

Inge Erlend Næsset, direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet.

Inge Erlend Næsset, direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet, har forståing for engasjementet villreinen skaper.

Foto: Mattilsynet

– All jakt er form for belastning på dei dyra som blir jakta på, jakt på vinteren vil vere ekstra belastande. Men her må det vegast mot behovet for å få kontroll på ein veldig alvorleg dyresjukdom.

Også Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) støtter rådet om vinterjakt, som et nødvendig tiltak for å unngå andre og meir omfattande tiltak for å handtere sjukdommen.

Standpunktet har rett nok ført til at fleire har valt å melde seg ut av forbundet. NJFF opplyser at det er snakk om titals utmeldingar.

Vil boikotte jakta

For 17 år gamle Andreas betyr villreinen mykje. Å vere med på villreinjakt er ein av dei største naturopplevingane han har hatt.

– Eg har så lyst til å få jakte villrein i mange år framover.

– Men kva om dette er tiltaket som må til for at villreinen overlever?

– Det må vise seg når den tid kjem. Men me meiner det blir for brutalt å skyte på vinteren når ein kan vente til hausten. Då er dyra friske, spreke og raske.

Anders Lee og Lars Lee ser på reinsdyrbilder

Anders Lee (til venstre) er jeger og engasjert i framtida til villreinen. Han håper myndigheitene ikkje går inn for vinterjakt. Her med veslebror Lars Lee.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me er ei gruppe jegerar som har bestemt oss for å boikotte vinterjakt viss det blir noko av. Om dei held fram slik vil me ikkje gå på jakt og hjelpe dei å få talet på dyr ned neste sesong, forklarar han.

Han får støtte frå professor Eigil Reimers hjå institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo.

– Vinterjakt vil skje med snøskuterar og helikopter. Berre lyden av det vil trigge frykt og flukt hjå dyra.

Å gå inn for vinterjakt, vil vere ein overreaksjon, meiner Reimers.

– Eg vil kjempe mot vinterjakt som best eg kan, ut frå biologiske prinsipp. Sjukdommar i naturen kjem og går, dyra sjølv ryddar opp – eller så gjer naturen det.

– Må bygge opp stammen

Reimers meiner me heller må begynne å bygge stammen opp att og halde fram med prøvetaking og ordinær jakt. Han viser til døme frå Nord-Amerika, som også har hatt skrantesjuke på villrein.

– I Nord-Amerika har sjukdomen vore til stades på hjortedyr sidan 1968. Der lev dei med sjukdomen og gjer så godt dei kan med å handtere det.

Han har ein klar oppmoding til politikarane som skal ta den endelege avgjerda.

– Ikkje gjer noko overvilt. Me har god tid. Sjukdomen har sein utvikling, det er snakk om år, kanskje tiår, der me kan følgje opp utviklinga med vanleg jakt på hausten.

Flere nyheter fra NRK Buskerud