På Hardangervidda lever det rundt 5500 villrein. Dei trivst i utgangspunktet godt på vidda der det er store område å bevege seg på.
Men også turistar trivst godt på Hardangervidda. Kvart år besøker tusenvis av folk hyttene til Den norske turistforeininga (DNT). Det har vist seg å påverke levekåra til reinsdyra.
No har dei fem DNT-foreiningane som har aktivitet på Hardangervidda gått saman om tiltak for å betre situasjonen for dyra som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å verne.
Dei har bestemt at alle hyttene deira i området skal stengast når villreinen har kalvingsperiode. Dette gjeld frå og med 1. mai til og med 10. juni 2022.
Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, fortel at dei har stor aktivitet på Hardangervidda.
Menneskeleg aktivitet på vidda verkar inn på leveområda til villreinen.
– Villreinen er eit dyr som treng store areal, og viss ferdsel gjer at villreinen blir forstyrra og bruken av områda blir mindre, så kan dette tiltaket saman med fleire andre grep, bidra til å gi villreinen betre levevilkår.
Han håpar no at dei har inspirert andre aktørar som har ferdsel på vidda, til å ta grep for å verne om villreinen.
– Det er mange aktørar som kan gå inn i seg sjølv og sjå om det er noko dei kan endre på eller samordne på ein betre måte, slik at leveområda blir betre skjerma.
Det var Hardanger Folkeblad som omtalte saka først.
Også vinterstengde hytter
Hyttene til DNT i Rondane har i mange år vore stengde i kalvingsperioden til villreinen. No har dei valt å gjere det same på Hardangervidda.
– Det gjeld alle sjølvbetente hytter sør for Riksveg 7 over Hardangervidda og ned til Haukeli, fortel eigedomssjef i DNT Oslo og omegn, Jan Erik Reiten.
DNT Oslo og omegn eig 10 av dei 17 hyttene som blir stengde på Hardangervidda.
I tillegg vil hyttene vera stengde frå og med 15. oktober til og med 1. mars 2023.
– Vinterstenginga er ei ordning som har vore i mange år, legg han til.
Viddareienen i «raud kategori»
Leier for villreinnemnda på Hardangervidda, Endre Lægreid, fortel at villreinen på Hardangervidda ikkje er i så god forfatning som han helst skulle vore i, og at noko må gjerast for å betre situasjonen til dyra.
– Alle dei 24 villreinbestandane i Noreg skal klassifiserast etter korleis dei har det, som del av arbeidet med Kvalitetsnorm for villrein. Då kjem viddareinen i det som kallast for raud kategori, seier Lægreid.
Det betyr at det må setjast i verk tiltak for å betre situasjonen for dyra.
Villreinnemnda har vore med på å setje i gang ein «dugnad for villreinen». At DNT svarer på initiativet og gjer tiltak for å betra situasjonen, er han glad for.
Likevel skulle han ønska at dei hadde stengt hyttene endå tidlegare om våren.
– Sett ifrå perspektivet til ein villrein så skulle vi nok ønskt at stenginga starta tidlegare. Det er enormt viktig at dei får mest mogleg fred i april, slik at dei får trekt til dei områda dei vil kalve, utan for mykje påverknad.
Han legg til at dei no ynskjer å måle effekten av dei ulike tiltaka som er sett i gang, slik at dei kan evaluere korleis dette påverkar situasjonen for villreinen.
– Det er fleire ting som påverkar situasjonen og områdebruket til villreinen. Regulering av ferdsel er eit av dei tiltaka vi menneske kan gjennomføra raskt og som vi meiner vil ha ein god effekt.