Hopp til innhold

Vurderer søksmål for å stoppa vinterjakt på Hardangervidda

Grunneigarar protesterer etter forslag om vinterjakt på den raudlista villreinen i kampen mot skrantesjuka. Advokat trur søksmål mot staten har store moglegheiter for å vinna fram.

Stein Hartvik Flaata

Faren til Stein Hartvik Flaata (57) dreiv med tamrein på Hardangervidda under krigen og fortalde om funn av «slevedyr» allereie då.

Foto: PRIVAT

– Vi høyrde historier frå krigen om såkalla «slevedyr», seier Stein Hartvik Flaata (57).

Faren dreiv med tamrein på Hardangervidda under krigen. Då vart det funne reinsdyr som sikla frå kjeften og som var i dårleg forfatning.

Slike dyr fann han òg blant villrein då han var jaktpoliti på 60 og 70-talet.

– Dei dyra vart avliva og gravne ned i ei steinur. Det var ikkje mykje av det, men det fanst, fortel Flaata.

Han og sonen Hauk Flaata (26) driv med sal av jaktkort og utleige av hytter som er ei viktig inntektskjelde på Øvre Flaata Fjellgård i Uvdal.

Dei er uroa over forslaget til Mattilsynet om vinterjakt i kampen mot skrantesjuka.

Stein Hartvik Flaata og Hauk Flaata på Øvre Flaata Fjellgård i Uvdal.

Hauk Flaata (t.h.) har nyleg overteke Øvre Flaata Fjellgård i Uvdal frå faren Stein Hartvik Flaata. Det er ei familiebedrift som driv med utleige av hytter, jakt og fiske.

Foto: Privat

Saknar informasjon

Far og son undrar seg no over kvifor Mattilsynet ikkje veit kor smitten kjem ifrå og når han har oppstått.

Det er veldig mange års erfaring med reinjakt inne på Hardangervidda, men Mattilsynet tek skylappar på og tviheld på det prinsippfaste forskingsprosjektet sitt med sviktande grunnlag, seier Hauk Flaata.

Dei meiner tiltaka som er foreslått er alt for drastiske.

Les også Anders (17) fryktar for framtida til villreinen – vil boikotte vinterjakt på Hardangervidda

Anders Lee

Råda om vinterjakt

Ifølgje Hjorteviltportalen er det tatt 6980 prøver for skrantesjuke på Hardangervidda sidan 2016, og det er her gjort funn av to reinsdyr som er smitta.

Difor rår Miljødirektoratet og Mattilsynet no myndigheitene om å opna for såkalla ekstraordinær vinterjakt.

Målet er å redusera talet på eldre bukkar, som dei meiner er den største kjelda til smitte.

– Vi veit ikkje korleis skrantesjukesmitten kom til Noreg, og det er ikkje sikkert vi nokon gong får vite det. Men dette kan ikkje hindra oss i å handtera sjukdommen, seier seksjonssjef i dyrehelse, Anne Marie Jahr i Mattilsynet.

Mattilsynet trur det er sannsynleg at skrantesjukefunnet på Hardangervidda har ein samanheng med smitten i Nordfjella sone 1.

– Vi veit at skrantesjuke er ein alvorleg smittsam sjukdom og vi veit nok til å kunne anbefala enkelte tiltak. Vi veit at vi må handla raskt for å få best mogleg effekt.

Jahr legg til at tiltaka er basert på forsking, vitskapelege anbefalingar, erfaringar frå andre land og erfaringar i Noreg.

Protestbrev til departementa

Men nesten alle private grunneigarar og statsallmenningar på Hardangervidda motset seg no forslaget om vinterjakt og har sendt protestbrev til departementa.

Advokat og dagleg leiar av Hardangervidda Nasjonalparksenter, Per Lykke, representerer fleire hundre store og små grunneigarar som meiner den raudlista villreinen må få vera i fred.

– Reinsdyrbukkane er jo nesten borte. Og dei har ein viktig funksjon for å grava fram mat til simlene og kalvane om vinteren.

Lykke meiner det er slått fast at skrantesjuka på villrein ikkje kjem frå Amerika, slik ein først trudde.

Fleire grunneigarar vurderer no å gå til søksmål for å stoppa vinterjakt, dersom departementa bestemmer seg for det.

Villrein

Stammen på Hardangervidda er den største med om lag 5000 dyr, det har vore ein reduksjon på 2500 dyr sidan 2017. I fjor vart villreinen raudlista og vurdert som «nær truga».

Foto: Runar Tufto

Trur dei kan vinne fram

Advokat Johan Henrik Frøstrup meiner eit søksmål mot staten for å hindra vinterjakt har store moglegheiter for å vinna fram, fordi dyrevelferdslova skal hindra at dyr lir.

– Dei veit ikkje korleis smitten har oppstått, og dei veit ikkje om tiltaket hjelper.

Han viser til at det er Mattilsynet, som i utgangspunktet skal ta vare på dyrevelferda, som vil skyta dei største og sterkaste reinsdyrbukkane.

– Det er desse bukkane skal ta vare på villreinstammen i framtida, seier Frøstrup.

Anne Marie Jahr i Mattilsynet seier at dyrvelferda alltid blir vurdert. Ho meiner gevinstane av å handtere sjukdommen og avgrense smittespreiinga vil vere store, og sannsynlegvis større, enn dei negative effektane.

– Det er viktig å hindre smittespreiing og liding i flokken, og samtidig sikre ein berekraftig villreinstamme på Hardangervidda for generasjonane som kjem etter oss.

Vil ha meir forsking

Maarfjell Sameige, som er Hardangervidda sin største private eigedom, protesterer og vil ikkje godkjenna bruk av deira areal til vinterjakt.

Dei meiner at det offentlege bør prioritera ressursar til forsking på skrantesjuke framfor ekstraordinære uttak av dyr.

– Dette kan fremja kunnskapen og gjera oss betre skodd for å handtera liknande situasjonar, seier Stein Olav Rue i Maarfjell Sameige.

Les også Villrein blir sjuke av parasittar frå sau

Villrein på saltplassar for sau i Knutshø villreinområde

Ordførarar mot vinterjakt

Dei åtte ordførarane kring Hardangervidda står òg samla i kampen mot vinterjakt.

– Vi kan ikkje akseptera vinterjakt. Det er uforsvarleg og eit tiltak som ikkje står i forhold til konsekvensane, seier ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap).

No står avgjerda på Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Dei skal etter planen ta ei avgjerd før jul om det blir vinterjakt eller ikkje.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune

Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, seier at dei åtte ordførarane rundt Hardangervidda er imot vinterjakt.

Foto: Tale Hauso / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark