Hopp til innhold

Seks saker du truleg ikkje har fått med deg under koronakrisa

DNA-testing av innvandrarar, avliving av jerv og meir oljeleiting. Fleire viktige politiske vedtak har gått under radaren for dei fleste denne våren.

au pair

AU PAIR-FORBOD: Visste du at det no er mogleg å få livsvarig forbod mot å ha au pair?

Foto: Luca Kleve-Ruud / samfoto

Det er no over tre veker sidan statsminister Erna Solberg (H) slo fast at koronakrisa ville ramma folkehelsa og økonomien i Noreg hardt.

Sjølv om Stortinget behandlar langt færre saker enn elles, er det fleire nasjonale politiske saker med konfliktpotensiale som har fått lite eller inga merksemd.

Politisk kommentator Lars Nehru Sand i NRK har sett fleire saker gå stille forbi dei siste vekene. Men han trur ikkje det har vore kontroversielle avgjerder som har blitt vedteke i det stille.

– Nei, ikkje som eg har fått med meg. Men det er uansett mange politiske debattar som ikkje blir tatt.

Her er noko av det som hamna i «koronaskuggen» (med lenker til regjeringen.no):

1. Avliving av jerv

Jervekull og tispe tatt ut i Suldal april 2018

JERVESPRØYTE: Miljøministeren meinte det hasta med å lempa på krava.

Foto: Statens naturoppsyn

Regjeringa opna 10. mars opp for at Statens naturoppsyn får bedøva jerv utan at veterinær er til stades, sjølv om Statens legemiddelverk hadde sett eit slikt vilkår. Dagen før vart dei første nordmenn sjukehusinnlagt med koronasmitte.

Før ein avlivar ei jervetispe, må ho bedøvast for å fastsetja om ho har ungar som ikkje kan bli overlatne til seg sjølve.

– Det har vore viktig å finna ei rask løysing i denne saka. Etter ein nærare dialog mellom dei departementa det gjeld, er problemstillinga no avklart, forklarte miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Om Stortinget kunne ha ønska å vera med i dialogen, kommenterte han ikkje.

Neste dag gjekk Trine Skei Grande av som Venstreleiar og statsråd, og den første nordmannen døydde av koronasmitte.

Dagen etter annonserte statsminister Erna Solberg dei mest omfattande krisetiltaka Noreg har hatt i fredstid.

2. Meir olje og gass

West Hercules

OLJELEITING: Energiministeren oppmuntra med nye leiteløyve under koronakrisa.

Foto: Equinor / Ole Jørgen Bratland

Regjeringa har føreslått å gi løyve til leiting etter olje og gass på 36 nye blokker i Norskehavet.

– I krevjande tider er det viktig å planlegga for framtida. Regjeringa legg med dette til rette for lønsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv, skreiv olje- og energiminister Tina Bru (H).

Ho har til no fått stå uimotsagt. Mykje tyder vel på at det ikkje er full semje i Noreg om at meir petroleumsutvinning er rett medisin, men media har knapt omtalt forslaget sidan det kom 27. mars.

3. Noregs forsvarsevne

Rekrutter ved GSV på øvelse.

FEKK KARAKTERAR: Kva syns Nato om det norske forsvaret?

Foto: Edvin Wiggen Dahl / Forsvaret

Dagen før, altså same dag som mulla Krekar vart utlevert til koronalandet Italia, presenterte Forsvarsdepartementet ein europeisk forskingsrapport om korleis NATO-allierte vurderer Noregs forsvarsevne.

Den skildrar «ulike scenarier for alliert nærvær i fredstid og forsterkninger i krise og konflikt, og skisserer også noen handlingsalternativer for hvordan Norge kan styrke avskrekking og forsvar i nord».

Kva karakterar USA, Frankrike eller Tyskland har gitt det norske forsvaret, kunne vore spennande å høyra.

Men det står att å sjå om nokon utanfor departementet har lese rapporten og funne noko interessant.

4. Ingen soldatar til Mali

Soldatene i den norske Mali-kontingenten har trent på de fleste situasjoner som kan inntreffe.

NEI TAKK: I fjor hadde Noreg 60 soldatar i Mali, men no seier regjeringa nei til å bidra militært der.

Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret

Noreg sender ikkje soldatar til ein fleirnasjonal Takuba-styrke i Mali, melde regjeringa 23. mars.

Frankrike og Mali har bede Noreg og fleire andre europeiske land bidra til å styrka den maliske hærens evne til å handtera den aukande terrortrusselen i området.

– Me er uroa for den forverra situasjonen i Sahel og forstår godt behovet for denne styrken. Men me manglar støtte i Stortinget og er kome fram til at Noreg ikkje skal delta no, skreiv forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Dermed fekk mindretalet på Stortinget uansett ikkje presentert sitt syn på saka, og du skulle leita svært godt for å finna ei notis i norsk media.

5. Livsvarig au pair-forbod

Medan mange nordmenn sit i 14 dagars koronakarantene, har det kome eit anna drastisk karanteneframlegg frå regjeringa.

Vertsfamiliar som utnyttar au pairen, skal få varig karantene og aldri meir få lov til å ha au pair.

– Det er ingen grunn til at vertsfamiliar som gjer seg skuldige i svært grove brot på au pair-ordninga eller svært alvorlege straffbare forhold mot au pairen, skal få ha au pair igjen, uttalte justisminister Monica Mæland (H) 6. mars.

Med berre ei handfull små medieoppslag fekk ho førebels siste ordet om den saka.

6. DNA-testing av innvandrarar

DNA

FRIVILLIG TVANG: Justisministeren vil berre gi familiegjenforeining viss du godtar DNA-test.

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Same dag leverte regjeringa eit lovforslag om at i familieinnvandringssaker skal søkarar og deira næraste bli pålagde DNA-testing for å kunna fastslå familierelasjonen. Til no har det vore frivillig.

– Me skal ikkje tvinga nokon, men i dei fleste tilfella vil søknaden bli avslått viss ein nektar å avlegga DNA-test. Dette er eit viktig bidrag til at berre folk som har krav på opphald får det, skreiv justisministeren.

Forgjengaren hennar føreslo det same for eitt år sidan. Det kom nokre få medieoppslag, men stort sett vart saka overskygga av fokus på koronatesting.

– Under radaren

Ap-leiar Jonas Gahr Støre er delvis uroa for den politiske debatten i situasjonen Noreg er i no.

– Saker som bør bli debattert breitt, går heilt under radaren, seier han.

Støre meiner at konfrontasjonar om andre saker kan gjera folk usikre i ei tid då ein må gjera alt ein kan for å skapa tryggleik.

– Derfor har eg oppmoda statsministeren om å utsetja saker med mykje usemje.

Sjølv saker som har nådd media og offentlegheita har gått relativt stille forbi. Som utviklinga i striden om straumkabelen mellom Hardanger og Skottland.

– Men at stortingsfleirtalet stoppa bygginga av NorthConnect-kabelen ville nok fått meir merksemd under normale omstende, seier Sand.

Vil du lese om fleire vedtak som har skjedd denne våren? Her er ei liste over fleire: