Hopp til innhold

Stortinget krev monopol for Statnett på framtidige utanlandskablar

Stortingsfleirtalet går inn for at alle framtidige utanlandskablar må eigast og drivast av Statnett. Det set i praksis ein stoppar for NorthConnect, meiner Ap.

Cruiseskip i Eidfjord, august 2019

STOPPAR: Ut denne fjorden i Eidfjord har NorthConnect lyst til å bygge ein undersjøisk kabel. No krev Stortinget monopol for Statnett.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Eit fleirtal beståande av alle parti på Stortinget utanom Frp stiller seg bak kravet.

Dei sju partia ber regjeringa om snarast å leggje fram forslag om endring i energilova som sikrar Statnett monopol på å eige og drive alle framtidige utanlandskablar.

– Summen av dette tyder at NorthConnect er umogleg, seier Aps energipolitiske talsperson Espen Barth Eide til NTB.

Mellom Hardanger og Skottland

Den 665 kilometer lange NorthConnect er ein 1.400 megawatt likestraumskabel som er planlagd mellom Simadalen inst i Hardangerfjorden og Peterhead i Skottland.

Den skal frakta straum frå norsk vasskraft vestover og sende straum frå skotsk vindkraft tilbake. Det er kraftprodusentane E-CO Energi, Vattenfall, Agder Energi og Lyse Produksjon som står bak prosjektselskapet NorthConnect.

– Vi må først setje oss ned og lese kva som står i innstillinga frå energi- og miljøkomiteen. Deretter vil vi saman med våre eigarar diskutere kva konsekvensar dette vil få for det vidare arbeidet med prosjektet, seier kommunikasjonssjef Lars Nermoen i NorthConnect til NRK.

For berre ei veke sidan melde regjeringa at dei sette ei avgjerd om prosjektet på vent.

– Olje- og energidepartementet har komme til at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg grunnlag for å kunne avgjera konsesjonssøknadane frå NorthConnect, slik energilova krev, sa olje- og energiminister Tina Bru.

Straumkabel frå Sima til Skottland

FRÅ HARDANGER TIL SKOTTLAND: NorthConnect har hatt planar om å bygge ein undersjøisk kabel frå Sima i Hardanger, ut fjorden og vidare over til Skottland.

Foto: NORTHCONNECT

Omstridd prosjekt

Det er likevel ikkje fleirtal for eit absolutt nei til konsesjonssøknaden frå NorthConnect, slik fleire opposisjonsparti hadde ønska.

Når Stortinget no går inn for at framtidige kraftkablar må vera i statleg eige, seier Arbeidarpartiet seg nøgd.

Bjørnar Moxnes (Raudt) ønska derimot eit tydeleg nei til kabelen frå Hardanger til Skottland.

– Uavhengig om det er statleg eller privateigde utenlandskablar, så er den ein trussel mot norsk industri, seier Moxnes til NRK.

Han meiner det burda ha vore eit endeleg punktum for kabelen i dag.

– Men det kjem truleg ikkje fordi Ap vil halda døra på gløtt for kabelen i framtida. Det er vi usamde i. Vi ønskjer ikkje fleire kablar, seier Moxnes.

Også SV, Senterpartiet og Framstegspartiet går inn for å seie klart nei til NorthConnect.

– Det er ingen vits i å pakke inn bodskapet i masse bomull slik nokre av dei andre forslaga gjer, seier Audun Lysbakken (SV) til NTB.