Skei Grande trekkjer seg

Trine Skei Grande går ut av norsk politikk. Ho trekkjer seg frå regjeringa og som Venstre-leiar. Ho varslar også at ho ikkje tek attval på Stortinget i 2021.

Pressetreff Venstre Gardemoen

Trine Skei Grande går av.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Grande kunngjer avgangen i eit intervju med VG onsdag ettermiddag.

Grande gir seg som leiar i Venstre samtidig som ho varslar at ho ikkje stiller til attval til Stortinget 2021.

– Det beste for partiet

Trine Skei Grande skriv følgjande i ei pressemelding onsdag ettermiddag:

– I dag er det blitt kjent at eg trekker meg som leiar av Venstre på landsmøtet. Det var ein tung avgjerd å ta, men eg meiner det er det beste for partiet.

I pressemeldinga skriv ho at ho ønskjer å fortsette som stortingspolitikar. Ho håper det at ho trekkjer seg som leiar får fokuset tilbake på dei politiske kampsakene til Venstre.

– Å sitte på Stortinget er den største tilliten ein politikar kan bli valt til. Eg gleder meg til å gå tilbake til vårt øvste folkevalde organ for å jobbe kvar dag med grøn og liberal politikk for framtida, skriv Grande.

Ut av regjering

I tillegg til å trekkje seg som partileiar går Grande også ut av regjeringa. Grande vart kunnskapsminister så seint som då Frp gjekk ut av regjeringa i januar i år.

– I løpet av helga har eg kome til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Venstre-leiaren til VG.

Sveinung Rotevatn og Abid Raja har vore rekna for å vere dei to mest sannsynlege kandidatane til leiarposisjonen dersom Grande skulle gå av.

Endringer i Solberg-regjeringen

Sveinung Rotevatn, Abid Raja og Trine Skei Grande på slottsplassen 24. januar i år etter å ha blitt utnemnd til statsrådar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Strid om leiarvalet

Det har vore mykje uro og diskusjon knytt til valet av leiar i det kriseråka partiet. Venstre skal velje leiar for to år på landsmøtet etter påske. Førebels er det ikkje endeleg avklart om landsmøtet blir arrangert. I likskap med mange andre politiske arrangement kan også Venstre-landsmøtet bli avlyst grunna koronasituasjonen.

NRK fortalde førre veke at valkomiteen hadde bede Grande om å trekkje seg. Diskusjonen tok endå meir fyr då TV 2 publiserte eit intervju med nestleiar Ola Elvestuen som meinte at Grande berre hadde tenkt på seg sjølv då ho tok leiarrivalane Sveinung Rotevatn og Abid Raja inn i regjering i januar.

Likevel enda valkomiteen med å innstille Grande samrøystes som partileiar då dei la fram sitt forslag til landsmøtet.

I går skreiv VG at Grande hadde bede Sveinung Rotevatn gje beskjed til Venstres valkomité om at han ikkje var kandidat til å overta partileiarposisjonen – elles ville han ikkje bli teken inn i regjeringa.

NRK veit at opplysningane i VG-saka har skapt sterke reaksjonar internt i Venstre.

Men i dag tek leiaren partiet på senga.

– No må valkomiteen lage ein ny plan, seier Trine Skei Grande til VG.

Totalt overraska

Leiaren i valkomiteen, Per A. Thorbjørnsen, seier til NRK:

Pressetreff Venstre Gardemoen

Leiar i valkomiteen i Venstre, Per A. Thorbjørnsen, då han la fram innstillinga.

Foto: Annika Byrde / NTB scanpix

– Dette kom veldig brutalt på. Eg fekk vite det eit par minutt før VGs pushvarsel. Eg er totalt uforberedt, og har ikkje ein gong kome gjennom til generalsekretæren vår enno for å få avklart den vidare prosessen reint formelt.

Men Thorbjørnsen seier han trur valkomiteen må samle seg på ny.

– Eg trur vi får ein ekstraomgang. Det arbeidet vi har gjort til no vil ligge til grunn for fortsettinga.

På spørsmål om valkomiteen no kjem til å gå for Raja eller Rotevatn svar Thorbjørnsen at valkomiteen «ikkje byrjar på scratch».

– Men eg har inga meining om akkurat korleis ei ny innstilling på partileiing kjem til å sjå ut no som den viktigaste i innstillinga vi leverte har trekt seg.

På Dagsnytt 18 onsdag kveld sa Thorbjørnsen at valkomiteen har planar om å diskutere den nye leiarkabalen i partiet i eit møte neste veke.

Rotevatn – Eg tok kanskje feil

Sveinung Rotevatn møtte pressen etter gruppemøtet i partiet onsdag ettermiddag.

– Kvifor sa du ikkje ja då valkomiteen gav deg tilbodet om å bli leiar?

– Eg tenkte at Trine kunne vere ein samlande leiar for partiet, no har reaksjonane som har vore den siste veka i partiet vist at eg kanskje tok feil.

Ønskjer du å overta leiarskapet i partiet?

– Dagen i dag er ikkje dagen for å lansere eit leiarkandidatur, seier Rotevatn.

Elvestuen

Ola Elvestuen, som framleis er nestleiar i partiet, men ikkje er innstilt som nestleiar til neste periode, skal ha fått beskjed om at Grande trakk seg som leiar gjennom media.

– Eg skjønner at det kan vere vanskeleg å få tak i folk, så det har eg ikkje noko spesiell kommentar til, det er slikt som skjer, svarar Elvestuen på spørsmål om han synest det er rart.

– Er du kandidat for å bli leiar i Venstre?

– Eg er ein del av dette og ein del av ein diskusjonen, svarar Elvestuen.

Raja: – Trist

Abid Raja kom rett til Venstres gruppemøte frå Jahn Teigens gravferd i Tønsberg.

– Eg synest det er veldig trist og veldig vemodig at Trine vel å gå av. Samtidig har eg stor forståing og respekt for at på eit tidspunkt er det nok, seier Raja og utdjupar:

– Det har vore enormt press på Trine over lang tid. Særleg etter den samrøystes innstillinga frå valkomiteen som vi bad fleire gongar om at folk skulle slutte opp om. Det har vore anonyme kjelder og jakt på Trine.

Abid Raja kommenterer at Trine Skei Grande har gitt beskjed om at ho trekkjer seg som leiar for Venstre.

Abid Raja kommenterer at Trine Skei Grande har gitt beskjed om at ho trekkjer seg som leiar for Venstre.

På spørsmål om han sjølv er leiarkandidat, svarar Raja at han står til disposisjon for valkomiteen, men at han seinast i dag har sagt til Grande at han støttar henne som partileiar.

Etter møtet stilte Raja igjen opp til intervju. Han oppmoda då folk i partiet til å roe konflikten og slutte å undergrave kvarandre gjennom å stå fram som anonyme kjelder i media.

– Eg meiner vi må ta ned konfliktnivået veldig mange hakk og samle partiet. Vi bør stille oss spørsmålet: «Om dette er måten partileiaren vert behandla på, kor mange vil ein då ha igjen som ønskjer å vere leiar i partiet?»

– Eg trur det er veldig viktig at alle tenker på det, og eg kjem til å bidra til å samle partiet, seier Raja.

Han har følgjande å seie om lekkasjane frå valkomiteen sitt arbeid med den nye leiargruppa i partiet:

– Vi må slutte med undergravingskulturen og det å vere anonyme kjelder i pressa.

Bjørlo vil ha Raja

Venstres mest profilerte distriktspolitikar er ordførar Alfred Bjørlo som har kontor på Nordfjordeid i nye Stad kommune. Trass i at dette er Sveinung Rotevatns heimkommune seier Bjørlo dette til NRK i dag:

– Både Sveinung Rotevatn og Abid Raja er strålande kandidatar som ny partileiar i Venstre. Av dei to vil eg peike på Abid Raja som den aller beste sett frå min ståstad, på grunn av hans ekstremt breie appell. Han snakkar eit enkelt språk som når mange, men begge to vil vere gode leiarar.

Respekt for å sette partiet først

– Dette seier litt om det presset ho har stått i, seier Venstre-nestleiar Terje Breivik på veg inn til møtet i stortingsgruppa.

– Eg har stor respekt for avgjerda hennar.

Næringsminister Iselin Nybø er no Venstres nummer ein i regjering fordi ho er den av Venstre sine statsrådar som har sete lengst. Ho har følgjande å seie etter gruppemøte i Stortingsgruppa til Venstre onsdag ettermiddag.

– Det er heilt avgjerande at dei som ser på seg sjølve som leiarkandidatar opptrer som leiarar og tar oppgåva på fullt alvor, og samlar partiet bak dei liberale verdiane sånn at vi kan gå ut av landsmøtet som eit samla team, men då må alle ville det, seier Nybø.

Kven meiner du ikkje har vore det?

– Vi har hatt nokre situasjonar i det siste med såkalla anonyme kjelder i media som ikkje er veldig bra for på partikulturen eller partiet vårt eller det å samle veljarar rundt dei liberale saka. Eg ser helst at vi ikkje har nokon fleire anonyme kjelder i media framover, seier Nybø.

– Du seier at du stiller deg til disposisjon, betyr det at du er ein leiarkandidat?

– Det betyr at eg har sagt til valkomiteen at eg stiller meg til disposisjon til det partiet trengjer meg til, svarar Nybø.

Ingen av dei tre i den noverande partileiinga sit lenger i regjering etter at Grande har trekt seg.

– Trine Skei Grande har gjort ein formidabel innsats gjennom ti år som partileiar, seier Iselin Nybø i samband med gruppemøtet i Venstre på Stortinget. – Eg har respekt og forståing for det valet ho no har teke. Dette viser kva slags dame dette er. Ho set partiet framfor seg sjølv.

Det same seier sentralstyremedlem Guri Melby.

– Det er trist at Trine no går av som partileiar, ho har gjort ein formidabel innsats både som leiar og som statsråd. Sjølv har eg sett stor pris på å samarbeide med henne, både som politikar og som menneske.

Også Melby meiner likevel Grande har teke det rette valet.

– Det er eit riktig val i den situasjonen partiet no er i, og eg vil rose henne for å sette omsynet til partiet først. Eg håpar dette no bidreg til ro i partiet.

Hallstein Bjercke som er ein av toppane i Oslo Venstre var ein av dei som kravde Grandes avgang i førre veke.

– Eg meiner ho ikkje var den rette, så sånn sett meiner eg ho har teke ei klok og riktig avgjerd i dag. Samtidig er det ei trist avgjerd, sidan ho i mange år har vore ein god leiar for Venstre, seier han til NRK.

Bjercke seier han ikkje vil spekulere i kven som bør overta som partileiar.

Ti år på toppen

I april ville Grande kunna markert 10 år som partileiar i Venstre. Ho har vore stortingsrepresentant sidan 2001 då ho først starta å møte som vararepresentant for Odd Einar Dørum som sat i regjering.

Grande har vore statsråd sidan Venstre gjekk inn i regjering saman med Høgre og Frp i januar 2018. Ho var først kulturminister før ho vart kunnskapsminister i år.

Saka vert oppdatert

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger