Oksekamp for fred

GRUDE, BOSNIA-HERCEGOVINA (NRK): Kamp mellom gigantoksar er ein eldgammal tradisjon i Bosnia. Og den bidreg til å skape i samhald i eit land som framleis er djupt splitta etter den blodige krigen på 90-talet.

Når NRK kjem inn på arenaen er førsteinntrykket at bosnisk oksekamp, eller «korida» som det heiter, er alt anna enn fredeleg.

Her barkar sveitte oksekroppar saman. Det er berre nokre laust samanspikra pallar som skil slåstkjempene som veg eit tonn kvar, og publikum.

Tidvis ser ein vaksne karar legge på sprang når oksane deiser inn i det provisoriske gjerdet.

Familietradisjon

NRK møter Ahmed Hukic og oksen Medonja like før ein kamp, medan kampoksen får favorittmaten sin, banan.

Hukic har brukt heile vinteren på å trene Medonja slik at han er godt rusta til koridasesongen. Hukic fortel at koridaoksane er spesialtrena til å slost.

– God kondisjon er nøkkelen til suksess i denne sporten. Medonja har vunne 25 av 30 kampar, fortel Hukic.

Og det kan ein sjå på arenaen. Oksane låser horna i kvarandre og pressar på gjerne i opp til tre timar før den svakaste gjev etter.

For Hukic er korida ein familietradisjon, sidan han var liten gut har faren lært han opp til å trene kampoksar:

– Eg brukar nesten all tida mi på denne oksen, han er den einaste eg trenar, og dette er noko du elskar sidan dagen du er fødd.

Kven er mest spent før kampen, du eller oksen?

– Det er ikkje råd å seie, viss du målte blodtrykket mitt før ein kamp ville det slå alle rekordar!

Lite skadar

Bosniske styresmakter har tidvis forsøkt å forby korida fordi dyrevernarar meiner det er dyreplageri.

Men alle oksetrenarar NRK snakkar med fortel at dei fleste kampoksar lever gode liv, dei blir gjerne 15 år og får døy ein naturleg død.

Horna på oksane blir pussa ned for å hindre stikkskadar, og kampane blir stoppa straks det er kåra ein vinnar.

Oksetrenarane liker ikkje å bli samanlikna med spansk dyrefekting, der det er mann mot dyr, og formålet er å drepe oksen. I bosnisk korida lar ein oksane leve ut sine naturlege konkurranseinstinkt, får NRK vite.

Medonja valsar ned motstandaren sin og kan innkassere sin 26 siger i sin 31 kamp. Publikum feirar med fyrverkeri og vaiande kroatiske flagg.

Det viser at nasjonalismen framleis står sterkt etter krigen som kosta over 100.000 menneske livet. Dei etniske skiljelinene som konflikten skapte er framleis tydelege.

Men sjølv om Hukic er bosnisk muslim fortel han at han er hjarteleg velkomen til å konkurrere her i den katolsk-kroatiske landsbyen Grude.

– Det kjem oksar frå heile Bosnia, ja frå Serbia og Kroatia også. Og det viktigaste for publikum er sporten, vi er vande til overraskingar, så ingen blir sure om nokon tapar, fortel Hukic.

Krigen er framleis friskt i minne

Srebrenica-massakren og beleiringa av hovudstaden Sarajevo er blant dei mørkaste kapitla i europeisk etterkrigshistorie.

19192430159353

Ei kvinne kviler ved kyrkjegarden i Srebrenica der 8.000 muslimske menn og gutar vart avretta.

Foto: Darko Bandic / Darko Bandic

Nasjonalistiske politikarar delte landet opp i tre etnisitetar, muslimske bosniakkar, katolske kroatar og ortodokse serbarar. Folk måtte velje side, eller flykte. Mange kom til Noreg.

APHS219670

SNIPER ALLEY: I 1994 måtte folk legge på sprang for å heilskinna krysse den lange hovudgata i Sarajevo. Snikskyttaralleen vart den kalla av lokale og FN-soldatar.

Foto: Enric F. Marti / Ap

Og Bosnia som før var ein framgangsrik republikk i føderasjonen Jugoslavia, sit no fast i ei hengemyr av politiske, økonomiske og sosiale problem. Det finst framleis etnisk delte skular, og det vil ta lang tid før alle sår har grodd.

Korida for fred og samhald

Koridafolket var blant dei første som byrja å snakke med kvarandre igjen etter krigen. Og det var kanskje dei som arrangerte dei første multietniske festivalane.

På denne måten blir korida ein arena for forsoning som spring ut av grasrota, det er ikkje noko dei får tredd nedover hovudet av utanlandske organisasjonar.

Og festivalen i Grude viser dette til fulle. Ja, det blir spelt nasjonalistiske kroatiske songar frå krigen, og «patriotane» dansar på bordet. Men samtidig sit veteranar frå alle sider i krigen rundt borda med øl i handa.

Drøset går ikkje om politikk, men om neste oksekamp. Få ynskjer å snakke om krigen, dei er her for å kose seg, fortel dei til NRK.

Ein eldre kar fleipar til NRK at vi ikkje kan filme han fordi han er etterlyst av krigsforbrytartribunalet i Haag. Eller er det fleip? I Bosnia kan ein aldri vere heilt sikker.

Ein annan fortel at det er det sosiale som er viktig på koridafestival.

Enorm interesse for korida

Da Bosnia var ein republikk i Jugoslavia vart det kanskje arrangert fem til ti koridaer i sesongen. Det var årets høgdepunkt, og det samla seg lett 150.000 tilskodarar.

Etter krigen har festivalane blitt meir kommersielle, og ein kan få inntrykk at det ikkje finst ein bosnisk landsby utan Korida.

Ahmed Hukic og faren fortel til NRK dei synest nokon av festivalane er blitt for useriøse, og at det hadde vore betre med større og færre arrangement.

Berre den helga NRK var på besøk gjekk fem koridafestivalar av stabelen i Bosnia, og det er over 1000 kjende kampoksar i landet. Dei aller mest berømte har eigen Facebook-profil der fansen kan dyrke sin favoritt.

Korida er ekte bygdekultur så her blir det spelt folkemusikk på høgt volum og konsumert store mengder grillmat.

Finalekampen

Så er det klart for kveldens hovudattraksjon Mirjana Frankovic med oksen Zujo. Mirjana er superstjerne, kvinneleg oksetrenar og oksen hennar er i den tyngste vektklassa.

Motstandaren har det beskrivande namnet «Grizzly», så alt tyder på at Zujo skal få noko å bryne seg på.

Kampen bølgjer fram og tilbake, så skjer det noko heilt uventa, begge oksane forsvinn ut av arenaen med publikum hakk i hel. På eit jorde bak arenaen held kampen fram, og publikum står i ring og heier. Det er tydeleg at testosteronen frå oksane har smitta over på publikum.

– Zujo, Zujo, Zujo, skrik fansen til Mirjana.

Det er tilløp til eit og anna karatespark, og det er like før det bryt ut eit realt bygdeslagsmål.

Så legg Zujo på sprang rett gjennom folkemengda. Ein mann er centimeter frå å bli trakka ned før trenarane får kontroll over oksane sine.

Grizzly har vunne, og nokre ungdommar beklagar seg og seier til NRK at det er svært sjeldan at oksekampane utartar slik. Dei påpeikar at korida skal vere verdig kappestrid inne på arenaen.

På mirakuløst vis blir ingen oksar eller menneske drepne i denne episoden, og festen kan halde fram i ølteltet med uforminska styrke.

Og for dei som aldri får nok korida, blir det selt DVD-ar med dei mest legendariske kampane på festivalmarknaden. Og ja, det er kanskje tryggast å oppleve denne sporten framfor fjernsynsskjermen.

Sjå heile reportasjen om Korida i Bosnia frå Dagsrevyen. Her barkar oksar på over 700 kilo saman.