Hiwad

Hiwad har blitt banka opp og fått mobiltelefonen knust, fortel han. Likevel prøver han å krysse grensa igjen og igjen.

Foto: Nicola Zini / NRK

Hiwad har prøvd å snike seg inn i EU meir enn tretti gongar

BIHAC, BOSNIA (NRK): Medan vanleg ungdom «gamer», driv Hiwad og kompisane hans eit heilt anna spel. På natta jaktar dei neste nivå, å lure seg forbi grensevaktene og inn i EU. Tapar dei, kan dei miste alt dei har.

Tre uferdige bustadhus står på ein bakketopp i Bosnia, berre tre kilometer frå grensa til Kroatia. Inne er det slått opp telt og ei barnevogn er parkert langs veggen.

Ei provisorisk leidning er kopla til det kommunale straumnettet slik at afghanske Hiwad og kameratane hans kan lade mobiltelefonane sine.

Han viser fram ein knust telefon.

– Telefonane er det første politiet øydelegg, seier han.

– Politiet veit kor viktige dei er for oss.

Spelar spelet

Dei nyttar google maps på telefonane for å navigere når dei snik seg over grensa, eller «spelar spelet», som han kallar det.

– Vi kallar det eit spel fordi vi dreg til grensa der blir vi sendt tilbake. Neste dag prøvar vi igjen.

Sjølv har han forsøkt å krysse grensa over tretti gongar. Kvar gong har han blitt arrestert og sendt tilbake.

Fleire gongar har han fått juling, fortel han, og viser oss ein video på telefonen der han har blåmerke. Ifølgje han står kroatisk politi bak valden.

Medan vi står der kjem ein familie med små born gåande. Dei hadde byrja gå mot grensa på morgonkvisten, men har raskt blitt stoppa og deportert.

På grensa

Ein familie er sendt tilbake frå grensa og dei andre afghanarane i huset kjem ut for å høyre kva det var som gjekk gale denne gangen.

Foto: Nicola Zini / NRK

Hiwad ler litt oppgitt, det er berre ein vanleg dag på grensa til EU. Han beskriv det heile som litt absurd.

– Eg trur til og med grensepolitiet synest det, men likevel bør dei behandle oss som menneskje, ikkje som dyr.

Vi går bort til det andre huset og møter ei jente med bandasjert arm. Familien hennar fortel at politiet av og til bruker køller.

– Dei slår mot armar og bein. Av og til så hardt at det kan knekke eit bein, seier dei.

Hiwad fortel at kvar gong han kryssar grensa så risikerer han å miste alle eigedelane sine. Det vere buksa han har på seg eller skoa han går med. Nokre gonger tek politiet frå han pengar viss han går med dette. Dei tek alt som kan vere eit hjelpemiddel for å krysse grensa og ta seg til neste.

Slik blir dette eit slags spel mellom asylsøkar og grensepoliti.

The Game

NRK intervjuar Hiwad og ein kamerat ved grensa til Kroatia.

Foto: Nicola Zini / NRK

Skulda for valdsbruk

Småbyen Bihać ligg heilt nordaust i Bosnia på grensa til EU-medlem Kroatia.

Framleis kan ein sjå kulehol i bygningane frå den brutale krigen på 90-talet. Økonomien er skral og situasjonen blir ikkje betre av at byen druknar i flyktningar og migrantar.

Velika Kladusa, Bihac

I grensebyen Velika Kladusa, 60 kilometer nord for Bihac, sel ein lokal mann strikkasokkar, sko og nøtter. Ei lokal kvinne spør NRK om vi kan hjelpe henne med litt pengar. Økonomien i Bosnia er skral etter år med krig og politiske kriser.

Foto: Nicola Zini / NRK

Rådgjevar til borgarmeisteren i Bihać, Edin Moranjkić, fortel NRK at han er frustrert over korleis grensepolitiet i Kroatia behandlar dei som prøvar å snike seg over grensa frå Bosnia.

– Politiet bankar opp migrantane, også dei som blir tekne langt inne i landet, og på grensa til Slovenia. Dei blir fråtekne mobiltelefonar og pengar, og tidvis sende tilbake berrføtte i særs dårleg forfatning, seier han.

Kroatias innanriksminister, Davor Božinović, har fleire gongar avvist skuldingane om valdsbruk.

I ein e-post frå det kroatiske innanriksdepartementet til NRK, blir skuldingane på ny avvist på det sterkaste:

– Innanriksdepartementet har fleire gangar avvist skuldingane om politivald mot migrantar, og vi avviser dei hermed fullstendig ein gang til, skriv dei.

På den andre sida rapporterer Human Rights Watch om regelmessig trakassering av menneske som ulovleg kryssar grensa til Kroatia.

Bihac eldresenter

Ein halvferdig bygning i sentrum av Bihac har blitt opphaldsstad for fleire hundre afghanske migrantar og flyktningar.

Foto: Nicola Zini / NRK

– Vi vil aldri gi opp

Eit steinkast unna rådhuset i Bihać ligg ein halvferdig femetasjes betongbygning. Den skulle etter planen bli eit eldresenter med vakker utsikt mot elva Una.

Klokka er sju om morgonen. Vi er blitt åtvara om at det kan vere farleg der.

Men inne ser vi berre unge menn frå Afghanistan i soveposar. Dei søv tungt fordi dei har vore og spelt spelet i natt, fortel afghanske Ziaullah.

Bihac inne

Ziaullah lagar te og ser ut mot elva Una. Det er mørkt og stinkar sveitte og røyk.

Foto: Nicola Zini / NRK

Han kokar litt te, og det luktar stramt av røyk og menneskesveitte i den mørke korridoren.

Kven er det som vil vinne dette spelet, de eller grensepolitiet?

– Vi vil vinne, for vi vil berre halde fram med å prøve. Kanskje ein dag vil vi flyge over grensa? Dei klarar ikkje å fange oss, for vi vil aldri gi opp, sjølv om dei tek frå oss alt vi eig.

Ziaullah fortel at foreldra i Afghanistan må sende påfyll med pengar via Western Union eller Moneygram når politiet har konfiskert telefonar og klede.

Familien hans har allereie brukt om lag 100.000 kroner på å finansiere den ulovlege reisa frå Afghanistan til Bosnia. Det hastar med å få seg arbeid i eit rikt EU-land, slik at han kan betale tilbake det han skuldar.

Ziaullah

Ziaullah viser oss rundt i den halvferdige bygningen på fem etasjar. Han fortel at han aldri vil gi opp forsøket på å ta seg inn i EU.

Foto: Nicola Zini / NRk

– Eg har utdanning innan økonomi, og eg håpar eg kan få meg ein jobb eller meir utdanning slik at eg kan tene det landet eg vil bu i.

Han drøymer også om å hente kone og born etter han har fått opphald.

Telt inne

Telt inne har blitt ei varemerke hjå flyktningar og migrantar i Europa. Dette frå den halvferdige bygningen i Bihac.

Foto: Roger Sevrin Bruland NRK

«Bangladesh-skogen»

Det blir kalla ein skog, men ser mest ut som eit kratt. Her budde det ei tid over firehundre menneske. Men eit forrykande snøvêr tvinga dei fleste småbarnsfamiliane til å finne seg ein annan stad å vere.

Hund

Ein vakthund bjeffar mot NRK i «Bangladesh-skogen».

Foto: Nicola Zini / NRK

Nokre har valt å halde ut. Dei har veita rundt telta og viser ein ukueleg optimisme.

– Vi er tolmodige, for eit liv i Europa kan forvandle liva våre, fortel ein mann til NRK.

Barbering

Ein mann tek morgonstellet ved eit telt i Bangladesh-skogen.

Foto: Nicola Zini / NRK

Dei har eitt mål: Å reise til EU for å få seg arbeid.

Men no er det vinter, dei ventar med å spele spelet til det blir litt varmare i vêret, fortel dei.

Store mørketal

Det lokale Raude Kors opplyser til NRK at 69.921 migrantar og flyktningar har passert gjennom Bosnia sidan 2018.

Bangladesh-skogen

Fire karar frå Bangladesh. Dei bur utanfor det bosniske leir-systemet og da minkar sjansen for å bli ein del av den offisielle statistikken.

Foto: Nicola Zini / NRK

6690 bur i mellombelse leirar, og her er kapasiteten fullstendig sprengt. 1520 bur utanfor slike leirar.

Offisielt er talet 6600, men Sanela Klepić frå Raude Kors skriv til NRK at det reelle talet må vere mykje høgare.

– Berre leiren i hovudstaden Sarajevo har nesten 4000 bebuarar, skriv ho.

– Ikkje akseptabelt

ae2Yj4QicLo

Lipa-leiren i full fyr vesle julaftan. Ingen blei drepen eller skadd i brannen, men mange måtte sove under open himmel i vinterkulda.

Foto: Hasan Arnautovic / AP

Vesle julaftan brann ein stor leir utanfor Bihać.

Eit drivstofflager eksploderte og bebuarane sprang for livet. Heldigvis vart ingen skadde. Men 1500 menneske måtte sove under open himmel midt på vinteren.

Først i slutten av januar byrja leiren å reise seg igjen, men når NRK kjem på besøk er det framleis trongt om plassen.

Lipa

NRK intervjuar flyktningar og migrantar i eit mellombels telt i Lipa-leiren.

Foto: Nicola Zini / NRk

Nyleg inspiserte EUs innanrikskommissær Ylva Johansson leiren. Ho sa til dei frammøtte pressefolka at det er uakseptabelt at asylsøkarar blir banka opp på grensa.

– Kroatia må sikre fundamentale menneskerettar, sa Johansson.

Laster Twitter-innhold

Gjer seg klar for siste nivå

På grensa mot Kroatia og EU gjer Hiwad seg klar til eit nytt forsøk på å runde spelet. Mobilen er ladda og han har med seg to liter mjølk og litt brød.

Han fortel at han arbeidde som sjukepleiar i Afghanistan, og han nyttar denne kunnskapen til å behandle «skadde spelarar».

– Nokre aktivistar gjev med av og til litt medisinar som eg kan dele ut, fortel han.

I det siste har mange fått frostskadar på grunn av det kalde vêret. Snøen gjorde det samtidig veldig lett å bli tatt. Politiet kunne berre følgje spora. Nå er snøen smelta og det er lettare å ta seg dei tre kilometrane til grensa.

Hiwad og kompis

Hiwad (til høgre) og ein kamerat frå Afghanistan har planen klar for korleis dei skal ta seg til neste nivå i spelet.

Foto: Nicola Zini / NRK

I dataspelverda er det jo alltid det siste nivået, «levelet», som er vanskelegast. Grensa mot Kroatia er eit slikt level, og med mildvêr i sikte gjer mange seg klar til å gjere eit forsøk på å «vinne». Blant dei er Hiwad.

– Vi har ikkje noko val, skal du kome deg til neste land må du spele spelet.