NRK Meny
Normal

Frå barnesoldat til rockegeneral

MOSTAR, BOSNIA (NRK): Han hadde alle odds mot seg. Foreldrelaus, og barnesoldat i Europas blodigaste krig sidan andre verdskrigen. No har han sverja å aldri meir ta i eit våpen, og nyttar rock for å lege såra krigen skapte.

Orhan Oha Maslo er ein av grunnleggarane av Mostar Rock School. Han er velkjend i Bosnia, som ein av dei som har lukkast med å skape forsoning mellom dei etniske gruppene.

ROCKAR FOR FORSONING: Orhan Oha Maslo er ein av grunnleggarane av Mostar Rock School. Han er velkjend i Bosnia, som ein av dei som har lukkast med å skape forsoning mellom dei etniske gruppene.

– Eg var den yngste soldaten i Mostar, 14 og eit halvt år gammal.

Ein skulle ikkje tru det han seier, der han står i hettegenser, med røyken i kjeften.

Men Oha Maslo er ein høgt respektert leiar ved rockeskulen i Mostar.

Ein skule personlegdommar som Peter Gabriel, Brian Eno og Bono har vore med å støtte.

BOSNIA PAVAROTTI

MUSIKK FOR FRED: I 1997 opna Pavarottisenteret i Mostar. Det vart reist med pengar operasongaren hadde samla inn i heimbyen sin Modena. Og for seks år sidan vart rockeskulen opna i same lokale, ved hjelp av musikkprofilar som til dømes Bono (til venstre).

Foto: ADAM BUTLER / AP

Oha fortel NRK om ein fælsleg krig. Døde menneske som hopa seg opp langs brusteinane i gamlebyen.

Og at han er glad for å vere i live, slik at han kan hjelpe ungdommen i landet finne saman igjen på tvers av dei etniske skiljelinene.

56 dagar ved fronten

Det er ikkje lenge sidan naboar og slektningar i Mostar låg i skyttargraver og skaut på kvarandre.

Mostar vart beleira to gangar. Først av bosnisk-serbiske styrkar i 1992.

Då samarbeida kroatar og bosnakkar om å forsvare byen.

Men i 1993 vende kroatane seg mot bosnakkane, og dei beleira byen på nytt.

Den ikoniske gamlebrua midt i byen vart brukt som forsyningslinje av bosnakkane. Den tolte mange fulltreffarar før den vart sprengt i fillebitar.

Det føregjekk etnisk reinsing i byen, og både kroatar og bosnakkar var involvert i krigsbrotsverk.

Ei våpenkvile kom i stand 25. februar 1994, men framleis lever nasjonalismen.

BOSNIA-ODDLY/ A competitor jump off the Old Bridge during the Red Bull Cliff Diving Competition in Mostar

DELT MELLOM KRISTNE OG MUSLIMAR: Den vart sprengt i lufta, men er no gjenreist. Turistar kan betale for å hoppe frå den. Under krigen var den forsyningslinje for bosnakkane, til kroatane klarte å sprenge den vekk. I bakgrunnen kan ein skimte ein moske, som viser at ein er på den muslimske delen av byen, men delinga er meir mental enn geografisk i det moderne Bosnia.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Såg vener døy

Maslo fortel han såg mange medsoldatar døy i kamp. Det vart nesten kvardagsleg.

– Du står opp om morgonen og byrjar å skyte. Om du ikkje er død, da vaknar du ikkje.

Maslo fortel han mange gangar berre var sekund unna døden. Til dømes ein gang han bytta vakt. Tre sekund seinare, var kollegaen død. Skoten i hovudet av ein snikskyttar.

Men som foreldrelaus hadde han ikkje mange andre stadar å vere.

Vi var sju dagar på fronten, også hadde vi ein dag fri. Slik var rotasjonen. Men eg hadde ikkje nokon stad å gjere av meg, så når eg ser i dagboka mi, var eg 56 dagar på fronten, og hadde ingen dagar fri, fortel Maslo, og legg til:

– Hadde eg forlate fronten, ville eg ikkje hatt mat, eller ein stad å sove.

SJÅ VIDEO FRÅ KRIGEN: Brua stod i over 400 år før den vart øydelagd under krigen i 1993.

Berga av musikken

Han fortel han framleis har minst eit mareritt om året, men at det i ettertid har gått bra med han, samanlikna med mange andre som deltok i krigen.

Og det var musikken som vart redninga.

Han fortel han alltid har likt rock, og i 1995 lærte han å spele trommer. Saman med professor i musikkterapi, Nigel Osborne, arbeidde han med musikkterapi for menneske med posttraumatiske lidingar, ved skular og sjukehus i Bosnia.

Oha, Mostar Rock School

ROCKESJEFEN: Oha Maslo er ein travel mann. NRK huker tak i han mellom slaga. Inne er det full aktivitet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Prosjektet hans no er å bringe ungdom frå dei etniske gruppene i Bosnia saman for å spele musikk.

Mostar Rock School har for tida 128 elevar.

Maslo viser NRK rundt på dei ulike øvingsromma. Det er umogleg å seie om kven som er bosnakk, kroat eller serbar. Eller muslim, katolikk og ortodoks.

Det er fokus på pensum, som for tida er 70-tals rock. ZZ-top og Fleetwood Mac, for å nemne nokon.

– Dei som går her har ikkje plass i hjernen til etniske skiljelinjer, her tenker ein berre på musikk, fortel Marin Bošnjak, som er tidlegare elev og no lærar i musikkproduksjon.

God stemning, Mostar Rock School

GOD STEMNING: Marin Bošnjak (til høgre) underviser i musikkproduksjon. Han seier elevane har fokus på musikk og ikkje konflikt.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Og Maslo gjev elevane opne rammer. Det er opp til dei sjølve å organisere seg i orkester, og å finne trommisen og vokalisten dei treng.

Rekrutterer frå ingenmannsland

Maslo fortel han bevisst rekrutterer ungdom som bur i byar som ligg langs demarkasjonslinja mellom føderasjonen og Den serbiske republikken.

Summerfestival Mostar Rock School

MULTIETNISK FESTIVAL: Kvart år held rockeskulen festival for band som kjem frå dei etniske grenseområda Dayton-avtalen skapte i 1995. Det er ingen mangel på speleglede.

Foto: Mostar Rock School

Den usynlege grensa, som vart skapt av Dayton-fredsavtalen i 1995. Avtalen gjorde slutt på krigen, men skapte ei slags permanent etnisk kløft i Bosnia, eit land som opphavleg var den mest etnisk blanda republikken i det gamle Jugoslavia.

Og arbeidet til Maslo har bore frukter.

Kvart år held desse rocke-rekruttane ein sommarfestival, med ei lang rekke etnisk blanda band.

– Vi har laga eit forsoningsvirus ingen kan stoppe, ler Maslo.

Segregeringa held fram

NRK får vite at fleire elevar ved rockeskulen ikkje tør fortelje foreldra sine at dei går her. Andre foreldre ringer leiinga og spør om det er trygt for borna å gå der.

– Vi er den einaste kulturinstitusjonen i Mostar som ikkje har ein religiøs eller politisk agenda, fortel Oha Maslo.

Slik har rockeskulen blitt ein oase, i ein elles så splitta by og splitta land.

Bosnakkar og kroatar går ikkje samtidig på skulen i Mostar. Den eine etniske gruppa går først, så er det ein to timars pause, før neste gruppe kjem inn.

– Men ved rockeskulen set vi dei i same klasserom, og det viser seg at det går heilt fint, fortel Maslo.

– Folk som kjem her føler seg frie, dei føler at dei kan seie det dei tenkjer utan å bli straffa og korrigert.

Rock for forsoning i Mostar

JAMMING: Oha Maslo og vener speler ein spontan konsert ved Black Dog Pub i Mostar.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Smitteeffekt

Og fritenkinga ved rockeskulen smittar også over på lokalsamfunnet. Nesten kvar dag spelar elevane livekonsert ein eller annan stad i Mostar.

NRK møter tilfeldigvis igjen Maslo ved Black Dog Bar. Han og nokre andre lærarar hadde plutseleg funne ut dei skal jamme litt.

Vi får høyre akustiske versjonar av Motorhead, Nirvana og Depeche Mode. I Bosnia er det framleis klassisk rock som ruler.

Lokalet fyllest raskt av ungdommar, som kosar seg og drikk øl.

– Dette er framtida, det er slik vi vil løyse problema våre. Å vente på dei eldre som er alt for involvert i politikk, trur eg er nyttelaust, fortel Maslo etter konserten.

Sjølv vil han aldri meir ta i eit våpen. Han skjønnar seg heller ikkje på dei som driv med jakt.

– Det farlegaste eg skal ta i mi hand er ei flugepiske, for våpenentusiastar har ikkje skjønt nokon ting, eller dei er kyniske menneske som ynskjer å gjere «business».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt