NRK Meny
Normal

– Folk i Srebrenica har opplevd mykje rart

– Det er ein stor tragedie, seier Leo Ajkic (31) om Srebrenica-massakren for 20 år sidan. NRK-profilen er for tida på ferie i hans andre heimland, Bosnia og Hercegovina, der det i morgon vil vere ei stor sørgjemarkering.

Leo Ajkic

Leo Ajkic er for tida på ferie i Bosnia og Hercegovina, der det i morgon er sørgedag, til minne om dei rundt 8000 som vart drepne i Srebrenica-massakren.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er plakatar overalt om markeringa for Srebrenica-massakren.

Leo Ajkic fortel til NRK korleis landet som han ei gong flykta frå førebur seg på å markere at det er 20 år sidan rundt 8.000 gutar og menn vart avretta.

– Eg synest det er ei stor tragedie det som har skjedd. Det er ei stor sorg i morgon. Me mista mange menn og unge gutar der på ein dag, seier Ajkic.

Måtte plutseleg intervjue pårørande

Han har sjølv vore på besøk til Srebrenica. Særleg godt hugsar han då han måtte reise ned til Srebrenica for å gjere intervju med pårørande der etter at tidlegare generaloberst Ratko Mladic vart arrestert i 2011. Mladic er skulda for å vere ein av hovudmennene bak massakren.

Bosnia massebegravelser

Det har vore fleire massegravferder etter massakren i Srebrenica.

Foto: ELVIS BARUKCIC / Afp

Ajkic var eigentleg i Bosnia og Hercegovina for å lage ein reportasje om minerydding til TV-aksjonen, men då nyheita om arrestasjonen av Mladic kom, vart han og resten av teamet bedne om å reise til Srebrenica.

– Eg hugsar det var veldig vanskeleg fordi folk der nede har opplevd mykje rart.

Folkemord – eller ikkje folkemord

Ifølge Ajkic er også mange i Bosnia og Hercegovina opprørte i dag fordi det framleis er fleire som nektar for at massakren var eit folkemord.

– Det pregar mange folk at det ikkje vert anerkjent. Mange utanfrå som meiner at det ikkje skjedde slik og slik, seier Ajkic.

Det er særskild diskusjon i FNs tryggingsråd som har fått mykje merksemd den siste veka, etter at Russland på onsdag la ned veto mot ein resolusjon som var skriven av Storbritannia.

I resolusjonen stod det mellom anna at ein må fordømme alle som ikkje anerkjenner massakren som eit folkemord. Det vart for vanskeleg for Russland å godta, og dei la difor ned veto.

Russland er nære allierte med Serbia, og det var serbiske soldatar som stod bak massakren. Serbia meiner at omgrepet folkemord vil splitte meir enn det vil samle landa på Balkan.

– Balkan er si stor røre

Leo Ajkic meiner det ikkje er så viktig om ein er bosniar, serbar, kristen eller muslim.

– Alle som vil anerkjenne dette landet som Bosnia og Hercegovina er mine landsmenn. Akkurat som i Noreg, der er eg nordmann.

– Korleis ser andre folk i Bosnia på dette?

– Det er ein del som vil seie at dei ikkje er bosniarar, også er det ein del som heller ikkje er bosniarar, slik som det er i Noreg, at dei har andre røter. Så det er ganske komplisert. Det er ikkje berre svart-kvitt i Balkan, det er ei stor røre.

Ajkic meiner Balkan skil seg mykje frå Noreg, både historisk og geografisk.

– Balkan betyr blod og honning, så du får både dei søte- og smertegreiene. Det har alltid vore slik her. Me er liksom inngangen til Europa. Gjennom tidene har me vore kolonisert, mange folkeslag, stor blanding av folk, så me sit med ein del problem som nordmenn ikkje har, avsluttar bergensaren.

Leo Ajkic reiser til noen av verdens mest spennende og fargerike folkefester. Denne uken blir det balkanrytmer, trompetmusikk, og mengder av kjøtt tilberedt på alle mulige måter når Leo tar turen til verdens største Balkanfest, Guca i Serbia. Leo er opprinnelig fra Bosnia Herzegovina, og selv om han elsker balkanmusikk og typisk balkankultur, er han spent på hvor velkommen han kommer til å føle seg på denne serbiske festivalen.Leos reise - Guca, Serbia (3:6)

Sjå tredje episode av serien Leos Reise, der han besøker Serbia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt