Hopp til innhold

Vestlege gislar skal vere i live i den siste landsbyen IS held

Tre vestlege IS-gislar – ein Italiensk prest, ein britisk journalist og ein sjukepleiar frå New Zealand – skal vere i live inne i den siste landsbyen dei kontrollerer.

Paolo Dall'Oglio og John Cantlie

Paolo Dall'Oglio (øvst) og John Cantlie skal vere live, ifølgje kurdiske kjelder.

Foto: AFP

Paolo Dall'Oglio, ein italiensk jesuittprest som forsvann i Raqqa i 2013, skal vere i live. Han blir ifølge kurdiske kjelder brukt som forhandlingskort mellom IS og dei kurdiske styrkane som omringar Baghouz, den siste landsbyen IS held i Syria.

Ifølgje britiske The Times er Paolo Dall'Oglio ein av tre vestlege gislar som framleis skal vere i live inne i landsbyen. Det er kurdiske kjelder som fortel dette til avisa.

Britiske John Cantlie er ein av dei andre som framleis skal vere i byen. Han er fotojournalist frå Hampshire, og blei bortført i Syria i 2012. Han kom seg unna, men blei tatt til fange igjen fleire månader seinare.

Brukt IS-videoar

Cantlie har vore med i fleire videoar som IS har publisert. Også BBC skriv at Cantlie truleg er i live.

Det er den britiske tryggingsministeren som har sagt dette, ifølgje BBC.

Den tredje er ein sjukepleiar frå New Zealand, ifølgje kurdiske kjelder.

IS under kraftig press

På det meste kontrollerte terrororganisasjonen IS 10 millionar menneske i eit territorium som omfatta ein tredel av Irak og store delar av Syria. No er det berre ein liten landsby langs elva Eufrat igjen.

Landsbyen Baghouz er under kraftige angrep frå den kurdisk-dominerte opprørsalliansen SDF, som er støtta av USA. Berre det siste døgnet er 400 flyktande IS-krigarar blitt pågripne.

Dei prøvde å flykte frå Baghouz tysdag kveld, ifølgje ein anonym talsperson for SDF.

Over 50.000 menneske har forlate området dei siste vekene. Dei fleste av desse er kvinner og born. Berre tysdag forlet 3.500 personar Baghouz.

Kvinner i kø for å bli sjekket av SDF

Kvinner og born som har komme ut frå Baghouz står i kø for å bli undersøkte av SDF.

Foto: DELIL SOULEIMAN / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt