Hopp til innhold
Urix forklarer

Derfor blir mange IS-krigarar tatt no

IS-territoriet er redusert til ein støvete landsby langs elva Eufrat, derfor blir mange IS-terroristar tatt no.

På høgda kontrollerte terrororganisasjonen 10 millionar menneske i eit territorie som omfatta ein tredel av Irak og store delar av Syria. Landområdet var på storleik med Storbritannia, no er territoriet redusert til nokre nabolag i den syriske landsbyen Baghouz (se animasjon øverst i artikkelen).

IS vekst og fall er av dei mest oppsiktsvekkande og skremmande fenomen i moderne tid.

Bilder frå kurdiske styrkar.

BOMBING: Kampane er intense i Bagouz der mellom 1000 og 1500 IS-krigarar har forskansa seg.

Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

Dei mest spektakulære militære sigrane kom våren 2014. Då erobra IS store landområde i Irak og tok kontroll over landets nest største by, Mosul.

Fem år seinare er det truleg berre dagar før den siste enklaven fell, ifølge den britiske avisa The Guardians reporterteam i Syria.

Det nye kalifatet

Etter erobringane i 2014 erklærte IS det nye kalifatet. Dei religiøse fundamentalistane i IS ville knytta an til dei historiske kalifata med hovudsete i Damaskus og Bagdad.

Eit kalifat er eit grenseoverskridande, religiøst styre. I tillegg til enorme landområdet i Irak og Syria, kontrollerte IS også mindre område i t.d. Libya.

Det nye kalifatet skulle vise seg å ha ei voldsom tiltrekkingskraft. IS vekte oppsikt med grotesk valdsbruk og moderne propaganda. Så mykje som 30.000 utanlandske statsborgarar frå over 80 land skal gjennom åra ha slutta seg til IS.

Dei fleste framandkrigarane kom frå arabiske land i Nord-Afrika og Midtausten, men svært mange kom også frå Europa. Her heime reknar PST med at om lag 100 framandkrigarar er blitt rekrutterte frå Norge.

Mange blir tatt no

SYRIA-CONFLICT-JIHADISTS

IS-KRIGAR: Ein IS-krigar har overgitt seg til dei kurdiske styrkane.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Det var då IS gjennomførte massive overgrep mot Jezidi-minoriteten i Irak og gjekk inn kurdiske område av landet at bildet tok til å endre seg. I august 2014 innleia den USA-leia koalisjonen i Irak flybombing i IS-kontrollerte område i Irak og etter kvart Syria.

Russland, som ikkje er ein del av koalisjonen, starta også bombing i Syria frå hausten 2015.

I dag er altså den siste IS-kontrollerte landsbyen Baghouz omringa av USA-støtta kurdiske styrkar nord for elva Eufrat, mens syriske regjeringssoldatar støtta av Russland kontrollerer den andre sida av elva, ifølge The Guardian.

Derfor har IS-krigarane i landsbyen ingen stadar å flykte, og mange blir tatt no. Berre i går blei omlag 400 IS-krigarar pågripne då dei prøvde å flykta frå Baghouz.

BAGHUZ

Få krigarar igjen

Dei kurdiske styrkane reknar med at det er mellom 1000 og 1500 IS-krigarar igjen i Baghouz, men har ikkje noko sikkert anslag. Lytting på beslaglagt kommunikasjonsutstyr tyder, ifølge kurdarane, på at mange er framandkrigarar.

Under ei våpenkvile nyleg blei meir enn 9000 kvinner og barn evakuert. Dei er i hovudsak internert i leirar i området. Mange av dei er heimehøyrande i andre delar av verda.

SYRIA-CONFLICT-IS

EVAKUERT: Kvinner og barn blir evakuerte frå det siste området IS kontrollerer i Syria.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Framleis trussel

At det territorielle kalifatet – IS sine landområde i Irak og Syria – er tapt betyr ikkje at IS ikkje lenger utgjer nokon trussel. IS lever vidare som ide og terrororganisasjon.

Grupperingar i mange land, hovudsakleg i Afrika og den arabiske verda, har ulike former for tilknyting eller lojalitet til IS. Som Boko Haram i Nigeria.

Terroraksjonar i mange land er knytta til IS, også i Europa, som terrorangrepa i Paris hausten 2015.

Og sjølv om mange av framandkrigarane er i IS er drepne og mange blir tatt no, er situasjonen uklar og skjebna til mange uviss.

Derfor er det frykt for at IS framleis er i stand til å gjennomføre eller inspirere terror over store delar av verda.

SISTE NYTT

Siste nytt