Hopp til innhold
Urix forklarer

Vesle Montenegro kan skape mykje trøbbel

Det vesle landet er berre ni år gamalt, og har ein hær på nokre tusen mann. Men Montenegros Nato-medlemskap har likevel kraft nok til å kunne stikke kjeppar i hjula for litt sårt etterlengta tillitsbygging mellom Brussel og Moskva.

NATO-MONTENEGRO/ NATO Secretary General Stoltenberg holds a news conference with Foreign Minister of Montenegro Luksic after a NATO foreign ministers meeting at the Alliance's headquarters in Brussels

Montenegros utanriksminister, Igor Luksic, var i dag nøgd med å stå ved sida av Natos generalsekretær, Jens Stoltenberg.

Foto: ERIC VIDAL / Reuters

1950. Det er talet på aktive montenegrinske soldatar.

Med andre ord er det ingen stormakt som no ser ut til å kunne bli medlem av Nato. Av dei 28 landa som er medlem i Nato, så er det berre Island og Luxembourg som har mindre hærar. Og medlemsskapet er nok viktigare for Montenegro enn det er for Nato

Hæren er ein avleggar av hæren til Serbia og Montenegro, som var ein union fram til det vart splitta i to land i 2006. Sidan Montenegro har kystlinje, medan Serbia stod att utan kyst, så har Montenegro fått heile marinen frå unionens gamle forsvar.

Må framleis gjennomføre reformer

Landets hær får hjelp til opptrening frå Tyskland, og Montenegro har bidratt i Natos operasjonar i Afghanistan, i tillegg til FN-operasjon i Liberia, Kypros og EU-operasjonen mot piratverksemd utanfor Somalias kyst.

NATO-MONTENEGRO/ Members of the mixed helicopter squadron prepare a helicopter after a routine flight in Montenegro's Army air base near Podgorica, Montenegro

Dette montenegrinske helikopteret kan snart bli ein del av forsvarsalliansen Nato.

Foto: STEVO VASILJEVIC / Reuters

Montenegro har, saman med ei lang rekkje andre statar, vore Natos fredspartnarar. Også Sverige, Finland, Sveits og Ukraina er blant landa som er i denne vennekategorien.

Men for styresmaktene i ni år gamle Montenegro har det lenge vore eit mål å bli fullverdig Nato-medlem. Og det er dei no snart i mål med. Montenegro har gjennomført fleire reformer for å kunne oppfylle Nato sine ønske, men det står framleis att ein del arbeid før dei er i mål.

Ei kjelde sentralt i Nato fortel til Defense News at Montenegro har fått beskjed om at dei må få på plass reformer som kan stanse korrupsjon, som styrker lovverket, og dei må oppnå ei brei Nato-støtte i folket.

Knapp fleirtal for Nato i folket

Akkurat det siste kan bli ei utfordring, for i fleire meiningsmålingar har det berre vore ei marginal støtte til Montenegros Nato-medlemskap. Mange montegrinarar har serbisk bakgrunn, og det er særskild i denne delen av folket kor motstanden er stor.

NATO-MONTENEGRO/ NATO foreign ministers gather for the session to formally admit Montenegro during ministerial meetings at NATO Headquarters in Brussels

Akkurat no er utanriksministrane til Nato-landa samla i Brussel, og der vart Montenegro i dag ønska varmt velkomen.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Blant serbarar er krigsminna frå krigen på slutten av 90-talet framleis sterke. Nato leia an i kampen mot Serbias president Slobodan Milosevic, som var skulda for krigsbrotsverk og folkemord. I dag har Serbia erklært seg som nøytrale, og dei lengtar ikkje etter noko Nato-medlemskap, i motsetnad til dei andre landa på Balkan-halvøya.

Men for dei relativt ferske styresmaktene i Montenegro vil altså eit Nato-medlemskap bety mykje.

– Vår region kan vere truga

Landets visestatsminister, Dusko Markovic, har ifølgje Defense News sagt at den noverande situasjonen i Europa og Midtausten, med mange ukonvensjonelle trugslar, er god grunn for at Montenegro skal bli Nato-medlem.

– Vår region og vårt land kan bli truga av slike moderne utfordringar, seier Markovic til Defense News.

Statsministeren Milo Djukanovic, meiner at meir stabilitet på Balkan er eit argument for at Montenegro bør bli Nato-medlem, og ifølgje The Wall Street Journal understrekar han at flørten med Nato på ingen måte er eit resultat av ein antirussisk politikk.

MONTENEGRO-DEMONSTRATION-POLITICS

Det har vore fleire regimekritiske protestar mot styresmaktene i Montenegro. I vesten er det fleire som kviskrar om at Russland har bidratt til at demonstrasjonane har funne stad.

Foto: SAVO PRELEVIC / Afp

Russland: – Provoserande

Men i Moskva oppfattar dei det heile annleis. Sjølv om dei ikkje er like kritiske som då Georgia flørta med Nato, så kritiserer dei alle forsøk på å flytte Natos grenser austover.

– Når det gjeld utvidinga av Nato, så ser eg det som eit uhell, til og med provoserande på nokre vis, sa utanriksminister i Russland, Sergei Lavrov, til den bosniske avisa Dnevni Avaz i fjor.

Lavrov meiner det er uansvarleg å føre ein politikk som bidreg til at tryggleiken i Europa er skeivt fordelt. Han meiner tryggleiken bør vere lik for alle, uavhengig av kva blokk eller allianse dei høyrer til, seier Lavrov til avisa.

Kjelder i vestlege styresmakter har ifølgje avisa The Guardian spekulert i om Russland, på grunn av Montenegros Nato-flørt, har bidratt til å få på plass regimekritiske protestar i Montenegro.

Stadig kjølig mellom Nato og Russland

Og då nyheita i dag kom om at medlemskapen er kome eit hakk nærare, så meldte Russland at dei vil avslutte alle felles prosjekt dei har med Montenegro. I Moskva meiner ein at det nye medlemsskapet vil føre til at eit allereie trøblete forhold med Nato vil kunne bli endå verre.

Etter Russlands annektering av Krim-halvøya, så har forholdet mellom forsvarsalliansen og Russland vore iskaldt. Nato-Russland-rådet har ikkje fungert i det heile tatt, og dialogen mellom partane har vore minimal.

I Brussel er det stort fokus på å bygge tillit hos russarane, men Montenegros nye medlemskap kan altså legge hinder i vegen for auka tillit mellom partane.

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, seier til NTB at forsvarsalliansen no vil prøve å få i gang att Nato-Russland-rådet.

– Me legg opp til det. Så får me kome tilbake til kor og når og korleis det skal skje. Men det er eit ønskje om at me skal få det til, seier Stoltenberg.

Svaret frå russarane er at dei er klare for diskusjon, for der er det mange spørsmål som no har hopa seg opp, skal Sergei Lavrov ha sagt ifølgje nyheitsbyrået DPA.

SISTE NYTT

Siste nytt