Hopp til innhold

Nato fordømmer russisk kampfly-overtramp

Nato, med Jens Stoltenberg i spissen, fordømmer Russland si krenking av tyrkisk luftrom. Alliansen kallar overtrampet «ekstremt farleg», etter eit hastemøte i Brussel i dag.

Jens Stoltenberg

Både Tyrkia og Nato reagerer sterkt på at eit russisk kampfly flaug inn i Tyrkia i helga.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Det russiske kampflyet skal ha bevegd seg inn i tyrkisk luftrom i nærleiken av grensa mot nabolandet Syria laurdag førre veke.

Tyrkia, som har den nest største hæren i Nato, sende straks opp to F-16-fly for å eskortera den ubedne gjesten ut att. Etterpå måtte Russland sin ambassadør stå skulerett for tyrkiske styresmakter.

Russland har forklart at det heile var ei misforståing og ein navigasjonsfeil som ikkje vil skje igjen.

Misforståing eller ikkje, overtrampet førte måndag til at generalsekretær Jens Stoltenberg kalla alle 28 medlemslanda inn til eit hastemøte.

«Alliansen er sterkt imot denne krenkinga av Tyrkia og Nato sitt luftrom og fordømmer desse fiendtlege innfalla», heiter det i ei kunngjering frå den USA-leidde alliansen etter hastemøtet.

«Ekstremt farleg»

Nato meiner Russland har vist uansvarleg åtferd som er «ekstremt farleg».

– Russland sine handlingar bidreg ikkje til tryggleik og stabilitet i regionen, seier generalsekretær Stoltenberg.

Den amerikanske utanriksministeren John Kerry påpeikar at Tyrkia kunne ha teke i bruk retten sin til å skyta ned det uvelkomne flyet, og at handlinga difor kunne ha ført til ei forverring av det spente forholdet mellom Nato og Russland.

Søndag skal også to tyrkiske fly som patruljerte luftrommet nær den syriske grensa ha blitt harselerte med av eit uidentifisert jagarfly av den russiske typen MIG-29.

Statsminister Ahmet Davutoglu avviser at det er amper stemning mellom Ankara og Moskva som følgje av kampfly-overtrampet, men legg til at han håpar Russland vil kvitta seg med «gale haldningar».

John Kerry

USA sin utanriksminister John Kerry seier det kunne blitt alvorleg dersom Tyrkia hadde bestemt seg for å bruka rettane sine til å skyta ned fly som tek seg inn i tyrkisk luftrom utan lov.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

Tvil om russisk motiv i Syria

Nato og Russland står på kvar si side i den syriske konflikten. Russland støttar president Bashar al-Assad, medan Nato ønskjer ei løysing utan det sitjande regimet.

Sidan september har russiske kampfly angripe syriske mål frå lufta, noko Tyrkia omtalar som «uakseptabelt» og «ein alvorleg feil».

Tyrkia og Vesten skuldar nemleg Russland for å ha retta skytsa mot opprørsgrupper som kjempar mot regimet, og ikkje mot terrorgruppa IS, slik det blir hevda frå Moskva.

Over 40 syriske opprørsgrupper er no samde om å danna ein allianse mot Russland og Iran som dei meiner okkuperer landet og drep sivile, ifølgje ei felles fråsegn som Reuters siterer.

«Nato krev at Russland sluttar å angripa den syriske opposisjonen og sivile med det same, rettar innsatsen sin mot IS og bidreg til ei løysing på konflikten gjennom eit politisk maktskifte», uttalar alliansen måndag.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.