Hopp til innhold

Montenegro kan bli Nato-medlem

Nato inviterer Montenegro til å bli medlem nummer 29 i forsvarsalliansen, trass i russiske åtvaringar.

NATO Foreign Ministers

FRAMTIDIGE ALLIERTE?: Montenegros utanriksminister Igor Luksic saman med Stoltenberg på ein pressekonferanse i Brussel i dag.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Invitasjonen til det vesle landet på Balkan med sin hær på 2000 soldatar vart vedteken onsdag under eit møte mellom Natos utanriksministrar. Dette er den første utvidinga sidan 2009, då Albania og Kroatia vart medlemmer.

– Ei historisk avgjerd

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg kalla avgjerda historisk, og fleire med han understreka kva dette har å seie for stabiliteten på Balkan. Det er berre 16 år sidan Nato bomba Montenegro i Kosovo-krigen.

Montenegros visestatsminister seier at invitasjonen er svært gode nyheiter for stabiliteten på Balkan. Men trass i at Montenegro er positive, vil medlemskapen først verte bindande på Nato-toppmøtet i Warszawa i juli neste år, og det kan ta opp til 18 månader før landet formelt vil kunne slutte seg til alliansen. Håpet er at Serbia skal følge etter.

Belgium NATO Kerry holds a news conference at the NATO ministerial meetings at NATO Headquarters in Brussels

GLAD FOR EIT NYTT NATO-MEDLEM: John Kerry heldt onsdag ein tale på Nato sitt utanriksminister der han uttrykte si glede over nok eit Nato-medlem.

Foto: JONATHAN ERNST / Ap

USAs utanriksminister John Kerry sa i sin tale til Nato-møtet i dag at avgjerda om å inkludere Montenegro ikkje er einstydig med eit angrep på Russland.

– Nato trugar ingen ... det er ein forsvarsallianse, den skal rett og slett berre sikre tryggleik. Dette er ikkje retta mot Russland eller nokon andre.

Russland: – Ein provokasjon

Men det vert likevel sett som eit signal til Russland om at Moskva ikkje har vetorett mot Natos utviding austover, skriv Reuters, sjølv om eit eventuelt medlemskap for Georgia har vorte gjort vanskelegare etter krigen mot Russland i 2008.

Og reaksjonane let ikkje vente på seg;

– Om Montenegro vert medlemmer vil Russland avslutte sitt samarbeid med landet, seier Viktor Ozerov, leiaren for forsvars- og tryggleikskomiteen i det vrussiske senatet til det russiske nyhendebyrået RIA.

Dmitry Peskov, talsperson i Kreml, seier også at ei vidare utviding av Nato vil få konsekvensar.

Utanriksminister Sergej Lavrov sa i september i fjor at dei ser på Nato sin «open dør»-politikk som eit feiltrinn og ein provokasjon. Alliansen har ikkje hatt formell kontakt med Russland sidan landet annekterte Krim-halvøya i april i fjor.

saka vert oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt