Thunberg: – Huset vårt brenn framleis

Eit og eit halvt år etter at Greta Thunberg starta sin skulestreik for klimaet gjekk ho på talarstolen framfor verdas mektigaste personar med tre klare krav.

PÅ TALARSTOLEN: Greta Thunberg oppfordra verdas mektigaste om å gjennomføre drastiske klimatiltak.

Greta Thunberg og president Donald Trump – på talarstolen same formiddag, i den same kongresshallen i Sveits.

Det er stor spennvidd i gjestelista under Verdas økonomiske forum (WEF) i Davos i år.

Thunberg deltok tysdag morgon i ein paneldebatt saman med andre klimaaktivistar.

Seinare på formiddagen var den amerikanske presidenten, Donald Trump på plass.

– Eg er ein truande når det kjem til miljø, miljø er veldig viktig, sa Trump før han gjekk på talarstolen litt før klokka 12. Talen handla først og fremst om den økonomiske utviklinga i USA etter at han tok over som president.

Men kanskje var det Thunberg og andre klimaaktivistar han hadde i tankane då han åtvara mot dommedagsprofetiar og pessimisme.

Donald Trump sin tale i Davos.

Thunberg kravde utsleppstopp

Like etter at Trump var ferdig, talte Thunberg igjen til verdsleiarane på WEF.

– Vi treng ikkje ein «lågkarbonøkonomi», vi treng ikkje å «senke» utsleppa, vi må stoppe utsleppa fullstendig om det skal bli mogleg å halde oss under målet om 1,5 grader, sa Greta Thunberg på talarstolen i Davos.

Thunberg kritiserte også alle dei politiske partia over heile den tradisjonelle politiske aksen for manglande handlingskraft, før ho oppfordra tilhøyrarane om å tenke utanfor dei noverande politiske- og økonomiske systema om dei ønska å løyse klimakrisa.

– Ingen politisk ideologi eller økonomisk struktur har klart å handtere klimakrisa og skape ei berekraftig verd. For den verda står, om de ikkje har merka det, i brann.

Ho viste til Parisavtalen sitt mål om at kloden ikkje skal bli meir enn to grader varmare, og helst ikkje meir enn 1,5 grader.

– Det at USA ser ut til å forlate Parisavtalen bør uroe alle, men det verkar ikkje som det uroar dei med makt i det heile tatt, følgde ho opp.

Seinare i talen kom Thunberg med tre klare krav til dei frammøtte leiarane for dei mektigaste selskapa, bankane, institusjonane og styresmaktene i verda.

– Vi krev at de sluttar å investere i utvinning av fossilt brennstoff, at de sluttar å subsidiere det og at de kuttar det heilt ut, sa Greta Thunberg frå talestolen.

PÅ TALARSTOLEN: Klima-aktivisten Greta Thunberg.

«HUSET BRENN»: – Huset vårt brenn framleis. Dykkar passivitet gjev brensel til flammane time for time, sa Greta Thunberg på talarstolen i Davos.

Foto: Michael Probst / AP

– Må handtere klimaendringane som ei krise

Thunberg var i Davos i fjor også. Då bad ho og verdsleiarane om å handle som om huset stod i brann.

Under paneldebatten tysdag sa ho at det som er gjort til no for å bremse klimaendringane, berre er starten.

– Eg skal ikkje klage på at eg ikkje blir lytta til. For det blir eg heile tida. Men vitskapen og dei unge sine stemmer er ikkje i fokus, slik dei burde vere. Dersom vi ikkje handterer klimaendringane som ei krise, greier vi ikkje å løyse problemet, sa Greta Thunberg i debatten, og etterlyste konkret handling.

– CO₂-utsleppa har ikkje gått ned, sa ho.

Det er eitt og eit halvt år sidan Thunberg starta skulestreiken for klimaet. Sidan hausten 2018 har ho talt på ei lang rekkje internasjonale møte, sist på COP25, klimatoppmøtet i Madrid i desember. I april i fjor møtte ho paven, og i september stod ho på talarstolen i FN.

No har Thunberg kome tilbake til Davos for å be dei 3.000 deltakarane på konferansen om å slutte å støtte opp om bruken av energi frå kol, olje og gass.

«Vi forstår godt at verda er komplisert og at det vi spør om ikkje er lett. Men klimakrisa er også ekstremt komplisert, og dette er eit nødstilfelle», skriv Thunberg og andre klimaaktivistar i den britiske avisa The Guardian.

«I ei krise må du ta steget ut av komfortsona og ta avgjerder som kanskje ikkje er særleg behagelege», skriv dei.

RkSs5VTrUXU

Klimaaktivistar på plass i Davos.

Foto: ARND WIEGMANN

Klimaaktivistar i Davos

Klima pregar den 50. samlinga i WEF. Det synlege beviset på dette ser ein også langs vegen til Davos. Om lag tusen klimaaktivistar har teke turen til den sveitsiske byen til fots, og kjem fram til Davos tysdag.

Verdas økonomiske forum har tidlegare fått kritikk for å vere ein stad der eliten blir samla, utan at det fører til konkrete resultat. WEF har også fått kritikk for å ikkje å ta klimaproblemet på alvor.

Språkbruken frå dei unge aktivistane har smitta over på 81 år gamle Klaus Schwab, grunnleggjaren av WEF, og mannen som har invitert Thunberg til Sveits. Før konferansen starta sa han at verda er i ein krisesituasjon.

– Vi har ikkje lyst til å nå vippepunktet for klimaendringane. Vi vil ikkje at kommande generasjonar skal arve ei verd som blir stadig farlegare og mindre bebueleg – berre tenk på brannane i Australia, sa han på ein pressekonferanse.

Sjå hele talen til Thunberg her.

SISTE NYTT

Siste nytt