Hopp til innhold

– De har stole draumane mine og barndommen min

– Dersom de vel å svikte oss, kjem vi aldri til å tilgi dykk, sa ei kjensleladd Greta Thunberg då ho talte under ein klimakonferanse i New York.

Greta Thunbergs beskjed til topplederene på klimatoppmøtet i New York

Greta Thunbergs beskjed til toppleiarane på klimatoppmøtet i New York

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eitt år etter at ho streika for klimaet, heldt Greta Thunberg måndag eit innlegg under ein klimakonferanse før FN-toppmøtet i New York. Der skulda ho verdsleiarane for å ha stole draumane og barndommen til dei unge.

– De kjem til oss for å få håp. Korleis vågar de? De har stole draumane mine, barndommen min, med dei tomme orda dykkar. Og eg er ein av dei heldige, sa ho.

Blant verdsleiarane som var til stades i salen var USAs president Donald Trump, Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og Indias statsminister Narendra Modi.

Meiner statsleiarane fortel eventyr

Thunberg har det siste året blitt ein markert stemme i klimadebatten, og har også fått norske elevar til å gå til skulestreik i protest mot klimaendringane. Men ho har også fått hets og tole kritikk frå dei som meiner ho er for unyansert.

Men i New York var det verdsleiarane som måtte tole å få kritikk frå Thunberg.

– Folk lid og folk døyr. Heile økosystemet vårt kollapsar. Vi ser starten på ei masseutrydding, og alt de snakkar om er pengar og eventyr om evig økonomisk vekst. Korleis vågar de?

For å kome til New York, segla Thunberg over Atlanterhavet. Ho kom fram i slutten av august. I Europa har ho blitt eit klimaikon, men i USA er ho ikkje like kjend. Men det kan kome til å endre seg etter talen ho heldt under konferansen måndag.

Der sa ho at dei unge ville halde toppane ansvarlege dersom dei ikkje finn gode løysingar raskt.

– Auga til dei komande generasjonane er retta mot dykk. Og dersom de sviktar oss, kjem vi aldri til å tilgi dykk. De skal ikkje sleppe unna dette. Verda er i ferd med å vakne og endringane kjem, anten de likar det eller ikkje.

Tyskland vil bli klimanøytrale

Den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel, talte like etter Thunberg. Ho sa at statsleiarane har fått seg ein vekkar gjennom det engasjementet dei unge har vist den siste tida.

Og sa at det var heva over ein kvar tvil at klimaendringane og den globale oppvarminga først og fremst er menneskeskapt.

– Dei industrialiserte landa er dei som har skapt den globale oppvarminga vi ser i dag, medan det er utviklingslanda som lid. Difor må dei industrialiserte landa forplikte seg til å ta i bruk teknologien, kunnskapen og pengane vi har for å stoppe global oppvarming.

Angela Merkel og Greta Thunberg i New York

Greta Thunberg møtte den tyske forbundskanslaren Angela Merkel under FNs klimakonferanse i New York måndag. I sitt innlegg sa Merkel at Tyskland skulle bli klimanøytrale innan 2050.

Foto: Steffen Seibert/Bundesregierung / Reuters

Merkel sa at Tyskland ville auke doble bidraga dei gir til internasjonale klimafond og skogvern. I tillegg har dei sett seg eit mål om å redusere utsleppa av klimagassar kraftig.

– Innan 2030 skal Tyskland ha redusert CO₂-utsleppa våre med 55 prosent. Og i 2050 skal vi vere klimanøytrale.

Det skal blant anna skje gjennom satsing på fornybar energi og utfasing av kjernekraft og kolkraft.

Pakistan ber verdssamfunnet om hjelp

Eitt av dei landa som er mest sårbare for klimaendringane, er Pakistan. For seks år sidan bestemte landet seg for å plante ein milliard tre etter at dei såg at isbreane i fjellet smelta raskare enn dei først hadde trudd.

Målet om utplanting av tre blei nådd allereie etter fem år. No er målet å plante ti milliardar tre innan fem år. På konferansen inviterte Pakistans statsminister Imran Khan verdssamfunnet med til å bidra.

– Vi treng partnarskap. Eitt land kan ikkje stanse klimaendringane aleine. Held temperaturane fram å stige, vil det vere ei katastrofe for oss. Difor håper vi verdssamfunnet blir med og hjelper oss.

Erna Solberg og Imran Khan

Statsminister Erna Solberg sat i same panel som den pakistanske statsministeren Imran Khan under FNs klimakonferanse i New York måndag.

Foto: Jason DeCrow / Jason DeCrow

Også statsminister Erna Solberg deltok på konferansen. Ho lova at Noreg skulle gjennomføre det vi har forplikta oss gjennom Parisavtalen, og framleis støtte land som stoppar avskoging.

Ho oppmoda også til å styrke miljøvernet i havet.

– Ein ny rapport frå havpanelet viser at ein femdel av klimakutta kan takast ved berekraftig bruk av havet. Ein berekraftig og frisk havøkonomi er viktig i kampen mot klimaendringar, og det vil kunne bidra til å oppnå berekraftsmåla og Parisavtalen, sa Solberg.

SISTE NYTT

Siste nytt