Hopp til innhold

Raseriet regjerer på Lampedusa

Det har i dag vore harde samanstøytar mellom politi og flyktningar på den italienske øya Lampedusa. Over 50.000 flyktningar har kome til øya hittil i år.

Video Harde samanstøytar på Lampedusa.

VIDEO: Dramatiske scener frå Lampedusa.

Minst 15 flyktningar og tre politifolk vart såra i tumultane i dag.Flyktningane finn seg ikkje i at dei skal sendast tilbake der dei kom frå. Samstundes er dei lokale innbyggjarane på øya rasande fordi dei meiner styresmaktene ikkje går hardt nok til verks mot flyktningane.

Det er rundt 6000 fastbuande på øya.

Situasjonen var kaotisk på Lampedusa onsdag.

Fleire flyktningar hoppa tre til fire meter ned på bakken for å kome unna politiet.

Foto: Ap

Det er den såkalla arabiske våren som har ført til flyktningstraumen til vesle øya Lampedusa, som ligg i Middelhavet sør for Sicilia. Dei fleste flyktningane har teke seg over havet frå Tunisia og Libya i skrøpelege farkostar.

LES OGSÅ: Flyktningar gir krise på Lampedusa

Libya og Tunisia

Det er tilhengjarar av dei gamle regima i Libya og Tunisia, men det er også afrikanarar frå sør for Sahara blant dei. I samanstøytane i dag trengde politiet ein del dei rasande flyktningane saman på ein terrasse.

Då det kom til samanstøytar hoppa fleire av dei tre til fire meter ned på bakken for å kome unna politiet, som vi kan sjå på videobileta ovanfor.

Uroa starta seint i går kveld då ei gruppe nordafrikanske flyktningar sette fyr på eit mottak på øya, i protest mot at italienske styresmakter planlegg å sende dei tilbake til heimlanda.

Kaaotiske tilstandar på Lampedusa.

Politiet gjekk hardt til verks mot flyktningopprøret på Lampedusa.

Foto: Ap

Planen om å sende flyktningane tilbake til Nord-Afrika har ført til sterke skuldingar mot både den italienske regjeringa og dei lokale styresmaktene på Lampedusa. Avgjerda om tilbakeføring har ført til ei opphissa stemning blant dei nordafrikanske flyktningane.

LES OGSÅ: Avhører menneskesmuglere på Lampedusa etter flyktningetragedie

LES OGSÅ: Fant 25 døde i båt mot Europa

Skulda for rasisme

Styresmaktene har blitt skulda for rasisme av både flyktningane og humanitære organisasjonar.

Samstundes er lokale innbyggjarar på Lampedusa sinte på styresmaktene, som dei meiner ikkje gjer nok for å få dei mange flyktningane bort frå Lampedusa. I dag omringa rasande lokale innbyggjarar rådhuset med krav om hardare tiltak mot flyktningane.

Tre av dei prøvde å angripe borgarmeister Dino De Rubeis i dag, og han barrikaderte seg på kontoret sitt. Det var tungt politioppbod utanfor kontoret til borgarmeisteren, medan det var direkte gatekampar utanfor.

– Eg seier til dei humanitære organisasjonane. De har ingen rett til å kalle innbyggjarane på Lampedusa for rasistar, sa De Rubais medan han viste fram ei baseballkølle .

– Eg må forsvare meg, og eg er klar til å bruke denne, sa han.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Skip med 600 flyktningar sokk utanfor Libya

– Midt i ein krig

Raffaele Lombardo er guvernør på Sicilia

Harde ord også frå guvernøren på Sicilia, Raffaele Lombardo.

Foto: MARCELLO PATERNOSTRO / AFP

– Vi er midt i ein krig her. Styresmaktene burde straks sende helikopter og skip for å hente tunisiarane som no går fritt rundt på øya etter å ha sett fyr på eit flyktningmottak, sa hana til det italienske nyheitsbyrået Ansa.it .

Guvernøren på Sicilia, Raffaele Lombardo, brukte også sterke ord:

– Lampedusa må tømmast med ein gong. Vi kan ikkje la denne perla av ei øy i Middelhavet bli overlaten til geriljakrigføring og terrorisme, sa han i ein kommentar til hendingane i natt og i dag.

Rundt 1200 flyktningar vart sende til ein sportstadion etter uroa. Samstundes vart 200 av dei sende med militærfly til Sigonella-basen nær Catania på Sicilia.

Uroa oppstod blant ei gruppe på 1000 flyktningar frå Tunisia, som etter ein avtale med dei nye makthavarne i Tunisia skal sendast heim.

Dei over 50.000 flyktningane som har kome til Lampedusa i år fordeler seg på rundt 45.000 menn, 2600 kvinner og 2705 mindreårige.

LES OGSÅ: Europa - der drømmene knuses

LES OGSÅ: – Elendig for flyktningar i Italia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt