Flyktningar gir krise på Lampedusa

Nesten dagleg kjem det båtlastar med illegale flyktningar til den italienske øya Lampedusa. No er øysamfunnet i alvorleg krise.

Dagleg strøymer det illegale innvandrarar til Lampedusa.

Dei siste dagane har det kome 800 flyktningar til Lampedusa.

Foto: Mauro Seminara / AFP

Berre dei siste dagane har det kome 800 flyktningar til øya i båtar frå det afrikanske fastlandet.

Borgarmeister Bernandino De Rubeis ber den italienske regjeringa om akutt krisehjelp.'

Mottakskapasiteten på Lampedusa er på 600. I dag er det 1500 flyktningar på øya som må takast hand om.

Og det kjem nye båtar heile tida.

Ein soldat vaktar over ei gruppe flyktningar om bord på eit marinefarty.

Ein soldat vaktar over ei gruppe flyktningar på eit marinefarty.

Foto: Mauro Seminara / AFP

Dei ofte skrøpelege fartya er fulle av menneske som søkjer ei betre framtid i Europa. No på sommaren, når veret stort sett er bra, så kjem også dei fleste båtane fram.

Kvart år døyr hundrevis av flyktningar i forsøk på å nå Europa, fordi båtane deira forliser.

Dei fleste som når land blir sende tilbake til heimlandet, etter ein periode i eit transittmottak.

Borgarmeister De Rubeis er fortvila over situasjonen på Lampedusa. Den viktigaste næringsvegen på øya er turisme, men flyktningstraumen har gjort at turistane sviktar. Hittil i år er nedgangen på 30 prosent.

No er det ikkje pengar til å halde skuleverket i gang, seier han, og ber regjeringa i Roma om hjelp med ein gong. Han seier at dei må nytte kyrkjer til å undervise skuleborna fordi dei ikkje har pengar til å vedlikehalde skulane.

Ei kvinne får hjelp ned landgangen på eit marinefarty.

Ei kvinne får hjelp i land etter å ha blitt plukka opp av eit marinefarty.

Foto: Mauro Seminara / AFP
Draumen om eit betre liv i Europa styrer desse mennene.

Draumen om eit betre liv i Europa styrer desse menneska.

Foto: Mauro Seminara / AFP
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt