Hopp til innhold

– Elendig for flyktningar i Italia

Noreg må ikkje returnera flyktningar til Italia, og bør få alle europeiske land med på dette, meiner Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar (NOAS).

Tunisiske flyktninger ankommer Lampedusa

Det kjem stadig nye båtlass med afrikanske flyktningar til den vesle italienske øya Lampedusa.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / Afp

Abdi Abukar Mohammed

Den somaliske flyktningen Abdi Abukar Mohammed (25) kom nyleg til Noreg etter eit eit grufullt opphald i Italia. Han risikerer likevel å bli send tilbake.

Foto: Kristine Næss Larsen / NRK

Nord-afrikanske flyktningar strøymer no til Italia i hopetal for berga seg frå uro og krig i heimlanda sine.

– Du får ikkje ein plass å sova. Du får ikkje mat og det er ingen som tek vare på deg, seier Abdi Abukar Mohammed, som sjølv har flykta frå heimlandet sitt til Italia.

– Sov på gata

Etter om lag ei veke på det italienske asylmottaket, blei Mohammed kasta ut.

– Det var ikkje plass til meg lenger. Etterpå måtte eg sova på gata, fortel 25-åringen frå Somalia, som nyleg kom til Noreg.

Sidan nyttår har rundt 25 000 afrikanske flyktningar rømt frå heimlanda sine til dei italienske øyane som ligg like ved grensa mellom det europeiske og det afrikanske kontinentet.

Særleg til øya Lampedusa har flyktningstraumen vore sterk, og den humanitære situasjonen kritisk.

Flyktningar på Lampedusa

Det er dårlege kår for flyktningar som kjem frå Nord-Afrika til den italienske øya Lampedusa.

Foto: TONY GENTILE / Reuters

Risikerer retur

På Refstad transittmottak i Oslo er forholda langt betre. Mohammed ønskjer seg ikkje tilbake til Italia, men har ingen garanti for å få bli.

I tråd med den såkalla «Dublin 2-avtalen», kan nemleg land innanfor Schengen senda asylsøkjarar tilbake til det første landet dei kom til.

I fjor blei nesten 900 asylsøkjarar returnerte frå Noreg til Italia, og hittil i år er talet 214.

– Noreg i bresjen

Dei vonde erfaringane til Mohammed overraskar ikkje NOAS. Dei seier det italienske asylsystemet er hardt pressa, og vil ha ein felleseuropeisk stopp av returar til Italia.

– Me må ta eit sjølvstendig initiativ overfor andre europeiske land for å sørgja for at det blir slutt på returane, seier kommunikasjonsrådgjevar i NOAS, Ingvald Bertelsen.

Han meiner Noreg har eit særleg ansvar for dei mest sårbare.

– Så lenge Noreg ikkje kan få dokumentert at eit sårbart individ får eit tilbod i Italia, bør me ikkje returnera flyktningar dit, seier Bertelsen.

Diskusjonar i Europa

Statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet

Statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet.

Foto: NRK

Justisdepartementet er ikkje avvisande til NOAS sitt forslag.

– Norske styresmakter deltek no i diskusjonar mellom europeiske land om korleis me skal takla den flyktningsituasjonen som har oppstått, seier statssekretær Pål K. Lønseth til NRK.

Leiar i partiet Venstre, Trine Skei Grande, har tidlegare sagt at Noreg må hjelpa Italia med å ta hand om dei afrikanske flyktningane.

SISTE NYTT

Siste nytt