Hopp til innhold

Skip med 600 flyktningar sokk utanfor Libya

FN har store vanskar med å kartleggje konsekvensane av ei stor båtulukke utanfor Libya, der desperate flyktningar prøver å kome seg vekk frå det krigsherja landet.

Italy Migrants

STOR FLYKTNINGAUKE: Etter krigen i Libya starta har det mange flyktningar omkome i sjøen.

Foto: Francesco Malavolta / Ap

Skipet med 600 flytningar på vei vekk frå Libya sin hovudstad, Tripoli, har søkke rett utanfor kysten. Det melder nyhendebyrået AP.

I følgje BBC har 16 personar frå båten blitt skylt i land. To av dei skal vere babyar.

Lite informasjon

Det er framleis ingen informasjon om kor mange personar som er omkomne, og den urolege situasjonen i Libya gjer offisiell oppteljing lite sannsynleg.

Vitnar som drog frå Tripoli i ein annan båt like etter, seier at dei såg at skipet var brote saman, og mange lik flytande i havet.

FN held på å slå fast kva som skjedde med passasjerane når båten dei reiste i brøyt sam

Baby omkom

BBC melder at fleire av pasassjerane ombord var frå Somalia.

Den internasjonale flyktningorganisasjonen IOM melder at ei somalisk kvinne skal ha vore ombord på skipet saman med sin fem månader gamel baby.

Babyen døyde, men kvinna skal ha klart å ta seg til land, og kom seg ombord til eit anna

Stor auke i flyktningar

Etter at krigen i Libya begynte, har det vore ein stor auke i flyktningar som forsøkjer å flykte frå landet via sjøvegen.

– Minst tre andre båtar som starta i Libya har forsvunne, der hundrevis kan vere omkomne, seier talskvinne frå FNs høgkommissær for flyktningar, Laura Boldrini.

Boldrini meiner at auken i dødsfall og forsvinningar har samanheng med at smuglarane nyttar store båtar som dei ikkje har kompetanse til å kontrollere.