Hopp til innhold

Noreg spyttar inn 270 millionar kroner i klimafond til fattige land

Ei rekke land skal betale inn store summar i eit fond til fattige land råka av klimaendringar. I dag blei det klart kor mykje Noreg bidreg med.

Jonas Gahr Støre på COP23

Statsminister Jonas Gahr Støre talar på klimamøtet i Dubai.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

170 verdsleiarar er samla i Dubai og skal i to veker gjennom beinharde klimaforhandlingar.

Til no har det ikkje vore kjend kor mykje Noreg vil bidra med, men i dag var Jonas Gahr Støre på talarstolen i Dubai og sa at Noreg vil gi 25 millionar dollar til fondet.

Det svarar til 270 millionar kroner.

Med det gir altså Noreg meir enn land som til dømes USA.

– Det er eit tydeleg bidrag frå vår side og det er det verdt. Dette er viktig for dei landa som er råka, seier statsministeren til NRK.

Hva er klimatoppmøtet, og hva vil skje i år

Kva er klimatoppmøtet, og kva vil skje i år

Støre seier det er svært positivt at det er semje om utforminga av det som blir kalla «tap- og skade-fondet». Landa blei einige allere første dag av klimamøtet.

  • Dei sameinte arabiske emirata (UAE) gir 100 millionar dollar.
  • Tyskland gir 100 millionar dollar.
  • Storbritannia gir opptil 60 millionar dollar.
  • USA gir 17,5 millionar dollar.
  • Japan gir 10 millionar dollar.

Les også 270 millionar kroner til klimafond for fattige land : – Ikkje mykje å skryte av

Jonas Gahr Støre taler på klimatoppmøtet cop28.

Varmaste nokosinne

Det er Verdsbanken som får ansvar for å forvalte fondet.

Stiftinga av fondet vart vedteke på klimatoppmøtet i Egypt i fjor. Konkret skal fondet gå til tap og skade som følgje av klima i fattige land.

– Dette er land som er hardast råka av klimaendringane, men som har bidrege minst til klimaendringane. Dette har vore etterspurt av utviklingsland i mange år, seier utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim.

Tvinnereim og Støre

Statsminister Jonas Gahr Støre og utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Eksempel er flaumen som i fjor sette 30 prosent av Pakistan under vatn, og den pågåande storflaumen i Somalia.

2023 er spådd å bli det varmaste året nokosinne.

Les også Gir milliardbeløp til fond for tap og skade etter klimaendringer

Toppmøtesjefen Sultan al-Jaber talte på åpningen av møtet i Dubai torsdag.

I talen sin i dag sa Støre at Noreg sluttar seg til Clean Energy Transition Partnership. Dette er ei gruppe av land som seier dei ikkje skal finansiera fossil energi i utlandet.

Han trakk også fram karbonfangst og -lagring (Carbon capture and storage, CCS) som «eit naudsynt verktøy» og at CO2-lagring kan utførast «trygt og permanent».

Her kan du sjå klimatoppmøte.

1,1 milliardar til regnskog

Tidlegare denne veka møtte Jonas Gahr Støre Indonesia sin president Joko Widodo under klimatoppmøtet. Då vart det klart at Noreg gir minst 100 millionar dollar, altså nesten 1,1 milliardar kroner, til Indonesia.

Årsaka er innsatsen for å redde regnskogen.

Det er også oppretta eit eige fond som skal gå til investeringar i klimatiltak innan 2030.

Det blir allereie planlagt støtte til ny sol- og vindkraft i India. Fondet er på 320 milliardar kroner.

På klimakonferansen i dag blei det også kjent at Noreg gir 200 millionar til eit program som utviklar meir avanserte reine kokeovnar i Afrika.

Forhandlingane i Dubai starta 30. november, og varer til 12. desember.

Les også FN-sjefen vil stoppe fossil energi: – Dårlig samvittighet motiverer ikke, mener Støre

Jonas Gahr Støre i Dubai

SISTE NYTT

Siste nytt