Milliardsøksmål mot norske lakseoppdrettarar i Canada

Kanadiske forbrukarar skuldar norsk lakseoppdrett for ulovleg prissamarbeid, og krev over tre milliardar kroner i erstatning. Dei norske selskapa svarar at dei har ingenting å skjule.

Grieg Seafood

MILLIARDSØKSMÅL: Norske oppdrettsfirma vert saksøkte for milliardar i Canada for ulovleg prissamarbeid. Bildet viser Grieg Seafoods sitt anlegg i Finnmark.

Foto: Robin Mortensen/NRK

Søksmålet inkluderer alle kanadiske forbrukarar som har kjøpt norsk laks sidan 1. juli 2015.

– Eg meiner verkeleg at vi må kjempe mot desse store verksemdene som utnyttar menneske, seier aktivisten Irene Breckon til CBC.

3. januar leverte ho massesøksmålet til retten i Toronto. I søksmålet blir det kravd 500 millionar kanadiske dollar, tilsvarande nesten 3,4 milliardar norske kroner etter dagens kurs.

Bedriftene som blir skulda for prissamarbeid er Grieg Seafood, Lerøy Seafood Group, Mowi og ei rekke av deira amerikanske og kanadiske dotterselskap. I tillegg er Salmar og Scottish Sea Farms saksøkt.

Dei norske oppdrettsselskapa nektar for å ha samarbeidd.

Starta med razzia

Saka starta i februar 2019, då EU-kommisjonen gjennomførte ein razzia hos fleire norske oppdrettsselskap. EU hadde ein mistanke om at selskapa samarbeida om å halde prisen på laks kunstig høg.

Seinare starta også det amerikanske konkurransetilsynet ei undersøking om eit mogeleg prissamarbeid. I april varsla ein amerikansk laksedistributør eit massesøksmål mot selskapa.

Det kanadiske søksmålet mot selskapa er ein kopi av det amerikanske, seier lakseanalytikar Alexander Aukner i DNB Markets.

– Dei i Canada saksøker på same grunnlag som det amerikanske, utan eigentleg å ha gjort si eiga undersøking. Dei seier at viss det har vore eit prissamarbeid, vil dei vere med på søksmålet og bli kompensert for dette, seier han.

Så langt har ikkje aksjane til selskapa blitt påverka av nyheita.

– Marknaden har teke inn denne risikoen allereie, seier han.

Nektar for ulovleg prissamarbeid

Søksmålet treng domstolsgodkjenning før det kan halde fram som eit massesøksmål.

NRK har vore i kontakt med både Mowi og Grieg Seafood, som begge nektar for skuldingane.

– Vi er ikkje kjend med noko form for praksis som undergrev konkurransen. Vi har ingenting å skjule og samarbeider med amerikanske og europeiske styresmakter, seier Kristina Furnes, pressekontakt i Grieg Seafood, til NRK.

Ocean Farm 1 til Salmar, verdens første oppdrettsanlegg til havs i Frohavet

Ocean Farm 1 til Salmar, verdas første oppdrettsanlegg til havs, i Frohavet utanfor Midt-Norge.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt