Hopp til innhold

Dronevideoen frå Sahara er Frankrikes svar på russisk massakrepropaganda

Først starta anonyme kontoar å spreie bilete av ein massakre. Franske soldatar fekk skulda. Men så publiserte Frankrike ein video som fortalde ei heilt anna historie.

Ein drone surrar i lufta, høgt over den sandete bakken i Nord-Mali. Den filmar uniformerte soldatar som graver sand oppå fleire lik som ligg i sanden.

Dronen tilhøyrer det franske forsvaret, og dei hevdar at soldatane som dei har filma er russiske leigesoldatar som har lagt ein plan. Ifølge Frankrike har dei russiske leigesoldatane planlagd å iscenesette ein massakre, som Frankrike skal få skulda for.

Falsk konto publiserte massakrebilete

Dronen gjorde opptaka av soldatane i starten av forrige veke, og berre eit lite døgn etterpå så blei eit bilete publisert på nettet. Biletet viste fleire lik som ligg i sanden. Dei var dekka med ein del sand.

– Dette er det som Frankrike forlét då dei reiste frå militærbasen i Gossi, skreiv Dia Diarra på Twitter og Facebook.

Dia Diarra

Ein falsk Twitter-konto delte eit bilete av døde kroppar.

Foto: Twitter

Mykje tydar på at Dia Diarra ikkje er ein ekte person, men ein profil som er laga for å spreie anti-fransk propaganda. Kontoane er no sletta frå både Twitter og Facebook.

Det sirkulerer også ein video som viser dei same lika. Videoen er mellom anna spreidd på ei malisk Facebookside der det mange gonger tidlegare har blitt publisert kritikk av Frankrike. I kommentarfeltet er det mange som fordømmer Frankrike.

Publisert kort tid etter fransk exit

For ein del folk i Mali vil det gje meining at Frankrike står bak ein massakre. Frankrike har også tidlegare blitt skulda for å stå bak brutale angrep gjennom dei ti åra som dei har kjempa mot terrorgrupper i Mali.

Ei hending som har fått spesielt mykje kritikk er eit luftangrep på eit bryllaup som Frankrike hevdar skal ha blitt utført for å drepe terroristar.

Ein FN-rapport slo fast at Frankrike hadde drepe minst 19 sivile i dette angrepet. Frankrike har halde fast på si forklaring, og meiner at flyangrepet ramma «ei væpna terroristgruppe».

Frankrike har slite med omdømmet i Mali, både fordi kampen mot terroristane har gått dårleg, men også fordi ein del maliarar påstår at den tidlegare kolonimakta er ute etter å utnytte Mali til sin eigen fordel.

No har Frankrike sett seg lei på militærjuntaen som har kuppa makta i landet. Juntaen starta eit samarbeid med den russiske Wagner-gruppa, og det vart starten på slutten for fransk militær innsats i Mali.

Les også Russland og Mali knyt stadig tettare band. Kan skyve Frankrike ut på sidelinja

9xefZB0Xemc

Og det var rett etter at dei franske soldatane hadde forlate militærbasen i Gossi, i Timbuktu-regionen i Mali, at den franske dronen filma det dei meiner er russiske soldatar som spar sand over nokre lik, og skaper inntrykk av ein massakre utført av Frankrike.

Bileta skapte stort sinne då dei vart publisert på nettet, men det franske forsvaret kom raskt med eit svar.

Dei publiserte dronevideoen som først viser at russiske soldatar kjem køyrande til leiren, kort tid etter at franskmennene hadde reist, og som seinare viser at det var full spadeaktivitet dagen etterpå.

Dronevideoen er uklar, men viser det som er ti personar som er utstyrte med militært utstyr, og som spar sand over fleire lik. Frankrike hevdar personane på videoen er kvite i huda, og at opptaket er gjort tre kilometer utanfor militærbasen i Gossi.

Verken NRK eller nyheitsbyrået AP, som har fått tilsendt videoane frå det franske forsvaret, har kunne verifisere videoen.

Les også Avslutter anti-terroroperasjon i Mali: – Det er nok noen jihadister som gnir seg i hendene nå

Mali Crisis

Wagner er nyleg skulda for massakre

I Mali går det føre seg både ein kamp om sanninga og ein kamp om kontrollen. Kampane i landet har ikkje blitt færre, trass langvarig militær innsats.

Av dei krigshandlingane som har fått mest merksemd dei siste vekene er ein massakre som dei russiske leigesoldatane i Wagner er skulda for å stå bak, saman med soldatar frå den maliske hæren.

Landsbyen Moura vart angripen og over 300 sivile skal ha blitt drepe, seier kjelder som Human Rights Watch karakteriserer som pålitelege.

Nokre av dei drepne skal ha vore mistenkte islamistar, mens andre berre var vanlege sivile. Dei aller fleste skal ha vore frå folkegruppa fulani. Konfliktane i Mali har dei siste åra blitt stadig meir prega av etniske skiljelinjer.

Fire maskerte og uniformerte menn med våpen går over eit område med sandete underlag.

Dette biletet, delt ut av den franske hæren, skal vise tre russiske leigesoldatar, saman med ein malisk soldat. Den russiske Wagner-gruppa er no på plass i Mali.

Foto: AP

Massakren i Moura vart ikkje breitt omtalt i Noreg, mellom anna fordi den skjedde rundt same tid som massakren i den ukrainske byen Butsja.

FN har bede om tilgang for å kunne etterforske påstandane, og massakren i Moura har vore oppe til diskusjon i FNs tryggingsråd. Der brukte Russland og Kina vetorettane sine og stansa eit fransk initiativ om uavhengig etterforsking.

Stadig fleire afrikanske land samarbeider med Russland og Wagner Mens verda vel side i krigen, står Afrika helst i midten

ow4smjIeEQw

Stadig større avstand frå Mali til Frankrike

På stadig fleire felt veks avstanden mellom dei som regjerer i Mali og dei som regjerer i Frankrike. Sidan militærjuntaen i Mali har utsett demokratiske val, så har Frankrike og mange andre land innført sanksjonar mot Mali.

Samtidig har maliske styresmakter blokkert store, franske nyheitshus som France 24 og RFI, fordi dei meiner at desse kanalane spreier usann informasjon om overgrep som den maliske hæren står bak.

Dermed er nokre av dei viktigaste nyheitskjeldene for det maliske folk borte.

Dette kjem på toppen av at det franske forsvaret no har trekt seg ut av Mali, etter å ha hatt operasjonar der i ti år.

Frankrike har derimot styrka sitt forsvarssamarbeid med Malis naboland, Niger, som framleis ikkje har opplevd dei store politiske omveltingane som nabolanda Mali og Burkina Faso har opplevd dei siste åra.

SISTE NYTT

Siste nytt