Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Landet eg hatar å elske

På privaten har eg snakka varmt om Mali i årevis. Men på jobb har eg snakka om stadig mørkare sider av Mali. Få land har hatt tristare utvikling enn mitt kjære Mali.

Eit grønt landskap i Nord-Mali, med få tre, men vakre fjell

På soverommet mitt heng eit bilete som minner meg om ein av dei første dagane i Mali, der regntida hadde farga det tørre landskapet grønt.

Foto: Vegard Tjørhom

– Er du frå Mali, spurte eg mannen bak meg i innsjekkingskøen på Gardermoen.

Eg hadde først lagd merke til at afrikanaren bak meg snakka fransk. Deretter hadde eg lange auge, og såg det grøne passet han hadde i hendene.

– Ja, svara mannen og smilte.

Eg begynte rask på ei forklaring, som for å unnskylde at eg var så nysgjerrig, og la ut om at eg hadde budd i Nord-Mali eit år.

Mannen heva augebryna og spurte når eg budde der.

– 2010 og 2011, svara eg.

– Åja, då forstår eg, sa mannen.

Soldater i Mali

Soldatar har blitt eit vanleg syn i Malis gater dei siste 12 åra.

Foto: THOMAS COEX / AFP

Frå hyggeleg kamelridning til grufull massakre

Og eg forstod også kvifor han spurde. Nord-Mali i 2011 var noko ganske anna enn dagens Nord-Mali.

I 2011 kunne eg blogge heim til familie og vener om eit spennande samfunn, langt frå den norske kvardagen. Om hyggelege folk, nye vener og sterke inntrykk.

Kamelridning, sandstormar og livlege landsbymarknader var det mest spennande som skjedde.

No rapporterer eg om massakre, terroråtak og etnisk vald.

– Kva heiter du, spurte mannen i avgangshallen på Gardermoen.

– Isiyakah Diallo, svara eg, vel vitande om at han kjenner til tradisjonen der besøkande som busett seg i Mali for ein periode ofte får tildelt lokale namn.

– Så du er fulanar, sa mannen og smilte.

Eg kunne bekrefte at kanskje eg ikkje var ein heilt ekte fulanar, men at namnet i det minste var fulansk, og gitt til meg av fulanarar i Nord-Mali.

Samtidig kjende eg eit lite stikk i magen, for eg vart plutseleg litt usikker på kva han tenkte om akkurat det.

Les også Den eksplosive ørkenkrigen

Fulanar = terrorist?

Fulanarane, mine vener, er ganske upopulære i Mali for tida. Dei blir skulda for å støtte terrorgruppene som herjar i nord.

I ein del tilfelle, så stemmer det. Men i ein del andre tilfelle er det feil.

Og slik er det jo ofte, at det er umogleg å seie at ein person meiner ditten eller datten, berre basert på kva kjønn, alder, religion eller etnisk bakgrunn personen har.

Ein fulanargjetar går med kyrne i utkanten av ein malisk landsby

Fulanarane driv med kveg. Beiterettar er eit tema som ofte skapar konflikt med andre etniske grupper.

Foto: AFP

Likevel har me menneske ein tendens til å kategorisere, og sette folk i bås.

Og om politikarar, militære leiarar og media bygger opp under slike fordommar, så kan det utvikle seg til eit grufullt mareritt.

Det har det i Mali. Og det går spesielt ut over fulanarane.

Les også Norsk styrkesjef i Mali: – Terrorgruppene opererer mer fritt

FN-patrulje i Gao i det nordøstlige Mali.

Massakren som hamna i skuggen av Butsja

Over tid har etniske motsetnadar vakse seg stadig større, og maliske styresmakter har ikkje akkurat bidratt til å roe ned konfliktnivået.

Militærjuntaen i hovudstaden har støtta lokale militsar med våpen. Desse militsane består ofte av mannfolk som tilhøyrer Dogon-folket.

Dei gjennomfører angrep mot landsbyar der dei mistenker at det bur terroristar. Og det er som oftast fulanarlandsbyar. Deretter skjer det hemnangrep tilbake igjen.

Og slik har Mali hamna i ein vond spiral mellom to etniske grupper.

I tillegg har også militærjuntaen utført grufulle angrep.

Les også Dronevideoen frå Sahara er Frankrikes svar på russisk massakrepropaganda

Dronevideo

Slik som i landsbyen Moura. For samtidig som verdas auge var retta mot dei grufulle bileta som kom frå Butsja i Ukraina, så vart også ein annan, endå større, massakre utført i Mali. Og også i Moura var russiske soldatar involverte, fordi Malis militærjunta no samarbeider tett med Russland.

Rapportar fortel om over 500 drepne menneske i Moura. Nokre av dei var terroristar. Andre var sivile. Maliske soldatar, støtta av russiske leigesoldatar, skal ha stått bak.

Ein soldat går gjennom ruinane av eit lite hus i ein malisk landsby. Det ligg oske på bakken, og teikn til at huset har vore utsett for brann.

Det har vore mange landsbymassakre i Mali, men få bilete frå hendingane. Dette er eit sjeldan innblikk frå landsbyen Ogossagou kor over 130 fulanarar vart drepne.

Foto: AFP

I dagens Mali skjer slikt. Militærjuntaen har vald ei ny retning, saman med Russland. Dei meiner Frankrike og FN var for ueffektive, og juntaen likte nok heller ikkje at det vart stilt krav om demokratiske val.

No håper Mali at russisk støtte skal føre til meir effektiv krigføring. Men meir effektiv krigføring betyr ofte også angrep på sivile og heilt uskyldige.

For visst er det effektivt å gå inn i ein landsby og utføre ein massakre. Men å drepe folk vilkårleg er brot på krigens reglar, og sjeldan ei god oppskrift om ein vil sameine eit land og skape varig fred.

Les også Avslutter anti-terroroperasjon i Mali: – Det er nok noen jihadister som gnir seg i hendene nå

Mali Crisis

Hama og draumen om utdanning

Midt oppi alt dette finst det framleis ein kvardag. Med kamelar, sandstormar og landsbymarknader. I den kvardagen lever venene mine, i ekstrem fattigdom og med knuste framtidsdraumar.

Ein av dei er Hama. Han voks opp til lyden av velmeinte råd om å jobbe hardt på skulen, slik at han kunne ta høgare utdanning, og bli den generasjonen som hjelpte familien ut av fattigdom.

Høgare utdanning er på inga måte vanleg å få til om ein veks opp i fattige kår i Mali, slik Hama har.

Men etter beinhard jobbing, der han møtte på fleire professorar som motarbeida han om han ikkje betalte litt ekstra under bordet, så klarte til slutt Hama å få ei utdanning innan jus.

Det vart starten...på ingenting.

For i løpet av studietida hadde Mali hamna i krig og konflikt. Han vende heim til Nord-Mali, og der har han no brukt åtte år på å leite etter varig arbeid. Heller ikkje det er enkelt å finne for dei som ikkje kan betale seg til ein jobb.

Og korleis skal han kunne betale seg til ein jobb når han ikkje har jobb? Eg kjenner frustrasjonen bruse i blodet.

Brørne hans, som droppa ut av skulen, og tok musklane sine i bruk, har hatt det hakket enklare og funne strøjobbar her og der.

Men for slike som Hama har krigen ført med seg ein håplaus situasjon, med liten jobbskaping, total mangel på investeringar og utvikling.

9A1Y4LfofVU

Mange i Mali er leie av fransk påverknad, og meiner Russland er ein langt betre samarbeidspartnar.

Foto: MICHELE CATTANI / AFP

Lever håpet?

Mange i Mali har mista motet. Det bidrar til at det er mogleg for opprørsgrupper å rekruttere nye, oppgitte og arbeidslause unge menn.

Sjølv har eg mange gonger rapportert om Mali, og eg har forsøkt å ende reportasjane på ein optimistisk og positiv tone.

Denne gongen trur eg det ikkje går. Det vil vere å lure både meg sjølv og du som les dette.

For det går verkeleg ikkje bra i landet eg hatar å elske.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?

SISTE NYTT

Siste nytt