Det går føre seg ein geopolitisk dragkamp i Mali. Eit kupp tidlegare i år førte etter kvart fram til ei overgangsregjering.
Den regjeringa ser meir i retning austover. Mot Russland.
– Sjølv om Mali har mange samarbeidspartnarar på bakken, så må me finne nye partnarar som kan hjelpe oss å forbetre tryggingssituasjonen, sa statsminister i Mali, Choguel Maiga, til franske RFI i slutten av september.
Skulda Frankrike for svik
Då Maiga gjekk opp på talarstolen under FNs generalforsamling i New York i september, sa han at Frankrike si nedtrapping av militære bidrag til Mali tvinger fram eit behov for å søke samarbeid med fleire.
Maiga har også sagt at Frankrike har svikta Mali. Frankrikes president seier han vart «sjokkert» av å høyre skuldingar om svik.
Choguel Maiga kom med omstridde utsegn då han tala til FNs generalforsamling. Mellom anna argumenterte han for at Mali må finne seg nye samarbeidspartnarar.
Foto: POOL / ReutersSkuldingane om svik skaper sterke kjensler fordi Frankrike har mista mange soldatar i Mali, og brukt store summar på militære bidrag.
Macron omtalte også den mellombelse regjeringa som udemokratisk, og viser til at ein militær leiar tok makta i landet gjennom eit statskupp i mai i år. Kuppmakarane danna deretter ei regjering, og det har ikkje vore nye demokratiske val sidan den gong.
- LES OGSÅ:
Leigesoldatar frå Russland
Samtidig som samarbeidet mellom Mali og Frankrike forverrar seg, så tek Malis regjering nye skritt i retning av nye samarbeidspartnarar. Ein av dei skal vere den russiske Wagner-gruppa.
Denne gruppa består av leigesoldatar, og skal mellom anna ha vore aktive i den syriske borgarkrigen. Gruppa seiest å vere tett knytt til det russiske forsvarsdepartementet, og ha tette band til president Vladimir Putin.
Gruppa skal ha hatt operasjonar i fleire afrikanske land tidlegare, mellom anna Libya, Sudan og Den sentralafrikanske republikk.
Om det eksisterer ein avtale med Mali er uklart, sidan korta blir haldne tett til brystet. Men kjelder seier til Reuters at Mali skal betale Wagner-gruppa svimlande 92 millionar kroner i månaden.
Til gjengjeld skal gruppa stille opp med leigesoldatar som skal beskytte høgståande tenestemenn og drive opplæring av maliske soldatar.
Har kuppmakarane band til Russland?
At det allereie er eit tett samarbeid mellom den mellombelse regjeringa og Russland er ganske klart. Førre veke vart fleire russiske helikopter frakta til Mali.
– Mali kjøpte desse helikoptera frå Russland, eit vennlegsinna land som Mali alltid har hatt eit fruktfullt partnarskap med, sa den mellombelse forsvarsministeren Sadio Camara.
Han la til at Russland også har gitt våpen og ammunisjon til Mali.
Analytikarar ved det USA-drivne forskingssenteret African Center for Strategic Studies meiner Russland kan ha bidratt til at Mali no vender seg meir mot Russland. Dei meiner Russland har utnytta at den militære innsatsen går så dårleg, og at Russland har blitt framstilt som ei slags løysing.
Stadig større konflikt
Bakgrunnen for at det har skjært seg mellom Mali og Frankrike er den feilslåtte militære innsatsen i Mali. Det som starta som nokre få angrep lengst nord i landet, har etter kvart blitt til mange angrep, både små og store, i fleire delar av Mali.
Nabolanda Burkina Faso og Niger har også blitt utsette for stadig fleire angrep frå islamistiske grupper som har tilhald i grenseområda mellom landa. Også etniske militsar har oppstått, og står ansvarlege for grufulle massakre.
- Les meir:
Alt dette skjer, sjølv om det har vore langvarig militær innsats frå fleire partar i Mali. FN, EU og Den afrikanske union har hatt soldatar på bakken.
Det same har altså Frankrike, som har brukt enorme summar på sine eigne militære operasjonar i Mali.
Ein fransk soldat forlèt Kidal, nord i Mali. Frankrike har bestemt å halvere innsatsen sin i Mali.
Foto: BENOIT TESSIER / ReutersOmstridde franske bidrag
Men franske styrker har etterkvart blitt skulda for å stå bak på sivile, og mangelen på framgang har også skapt store diskusjonar internt i Frankrike.
Tidlegare i år kunngjorde president Emmanuel Macron at Frankrike skal trappe ned og etter kvart avslutte «Operation Barkhane».
I staden for er «Takuba-styrken» oppretta, der Noreg skal ha eit lite bidrag. «Takuba» er eit klart mindre bidrag enn «Barkhane», og målet er å trappe ned Frankrike sin innsats, og heller få fleire andre land med på laget.
Det har blitt altfor mange slike kister dei siste åra. Også mange andre land har mista soldatar i kampane mot islamistiske grupper.
Foto: Mali Army / APDenne nedtrappinga var hovudgrunnen til at Malis overgangsregjering kritiserte Frankrike, og dei bruker det som ei forklaring for kvifor dei meiner det er riktig å sjå etter hjelp andre stader. Slik som i Russland.
– Dei kontakta eit privat, militært selskap frå Russland, sa den russiske utanriksministeren, Sergei Lavrov, for to veker sidan.
Han snakkar om den maliske regjeringa som skal ha kontakta Wagner-gruppa.
- LES OGSÅ:
Noreg åtvarar mot følgene
Dei siste vekene har fleire åtvara Mali mot eit slikt samarbeid. Spesielt Frankrike, som seier at dei vil trekke seg heilt ut av Mali om Wagner-gruppa kjem inn i landet.
– Me har i samtaler med maliske styresmakter i Bamako uttrykt sterk uro for konsekvensane dersom Mali skulle inngå ein avtale med Wagner-gruppa, sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til NTB førre veke.
Også norske soldatar har vore i Mali. Her frå ei av gongene det norske Hercules-flyet skulle forlate Noreg, i retning Mali.
Foto: Heiko Junge / NTBDagen før truga Danmark med å trekke seg frå Mali, og dei nordiske landa føyer seg dermed inn i rekka av vestlege land som seier at dei vil ut av Mali om russarar kjem inn.
Noreg kunngjorde i sommar at Forsvaret skal bidra med eit lite styrkebidrag, som igjen skal vere ein del av det svenske bidraget til Takuba-styrken.
Maliske styresmakter har aldri stadfesta at dei har inngått ein avtale med Wagner-gruppa.
- LES OGSÅ: