Den New York-baserte organisasjonen HRW kritiserte sist veke
konflikten. Dermed meiner organisasjonen at begge partar braut reglane i Genève-konvensjonen under krigshandlingane frå 14.–21. november.Det vart inngått våpenkvile 21. november etter
blant andre frå Egypt.– Sivile var mål
Både Israel og dei palestinske gruppene braut folkeretten under krigen i november, slår Human Rights Watch fast.
Foto: JACK GUEZ / AfpDen israelske hæren har opplyst at det vart skote 1500 rakettar frå Gazastripa inn i Israel i denne perioden. Sarah Leah Whitson i Human Rights Watch peikar på at dei væpna palestinske gruppene heile tida gjorde det klart at sivile israelarar var mål for angrepa.
– Det er rett og slett ikkje mogleg å rettferdiggjere å skyte rakettar mot sivile bustadområde, seier Whitson.
Ho seier også at dei væpna gruppene sette liva til sivile palestinarar i fare ved å skyte rakettar ut frå tettbygde område, fordi ein då må rekne med motangrep.
Rapporten fortel om rakettar som vart skotne ut frå hotell, forretningslokale og nær private heimar.
Hamas avviser kritikken
Den islamistiske organisasjonen Hamas, som styrer Gazastripa, avviser kritikken frå Human Rights Watch. Talsmann Sami Abu Zuhri seier at rapporten er feil fordi han sidestiller ei atommakt sin aggresjon mot sivile og eit okkupert folk, med dei som berre forsvarar seg mot israelsk aggresjon.
Ahmed al-Jaabari, den militære leiaren i Hamas, vart drepen i starten av den israelske militæraksjonen i november.
Foto: HANDOUT / Reuters170 palestinarar, mange av dei sivile, vart drepne under kamphandlingane i november, medan seks menneske, fire sivile og to soldatar, vart drepne på israelsk side.
Internasjonale lover
Israel har svart på kritikken frå Human Rights Watch med at dei heile tida har prøvd å følgje internasjonale lover når det gjeld krigføring, trass i at terrororganisasjonar over lang tid har brote alle slike reglar.
Det israelske angrepet mot Gazastripa starta 14. november med
for den væpna greina av Hamas, Ahmed al-Jaabari. Dette skjedde etter at det var over ein lang periode var skote rakettar frå Gazastripa mot sivile område i Israel.LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: