Hopp til innhold

Militærsjefen i Hamas drepen - Israel bombarderer Gazastripa

Leiaren for den militære delen av Hamas, Ahmed al-Jaabari, er drepen i eit israelsk flyangrep mot ein bil på Gazastripa i ettermiddag, opplyser Hamas. Ti er drepne i andre angrep mot Gazastripa.

AP-video fra Gazqa by.

VIDEO: Militær toppsjef i Hamas drepen i Gaza

Ahmed al-Jaabari er drepen i eit israelsk luftangrep.

Ahmed al-Jaabari var leiar for den militære delen av Hamas. Han vart drepen i eit israelsk angrep i ettermiddag.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ifølgje Hamas er det to jenter under fem år blant dei drepne.

Den israelske etterretningstenesta Shin Bet stadfestar at dei har drepe al-Jaabari, og seier at årsaka er hans fleire tiår lange historie med terror.

Angrepet er starten på ein offensiv mot militante palestinarar, heiter det i ei fråsegn frå den israelske hæren.

Al-Jaabari var leiar for den militære del av Hamas, Izz el-Deen Al-Qassam. Organisasjonen har stått bak mange alvorlege angrep mot israelske mål dei siste åra.

Ein talsmann for den væpna greina av Hamas seier at Israel med dette angrepet har opna portane til helvete.

Angrepet skjedde i Gaza by. Livvakta til al-Jaabari vart også drepen i angrepet.

Lederen for den militære delen av Hamas, Ahmed al-Jaabari, ble drept i et israelsk flyangrep mot Gazastripen onsdag.

VIDEO: Kort tid etter angrepet la det israelske forsvaret ut denne videoen, som viser angrepet filmet fra lufta.

Bombarderer Gazastripa

I løpet av ettermiddagen og kvelden har Israel gjennomført over 20 flyangrep, pluss angrep frå skip utanfor kysten av Gaza. Dødstala er uklare, men minst ti menneske er drepne. Over 30 skal vere såra.

Angrepa kjem etter at det sidan laurdag er skote over 120 rakettar frå Gazastripa inn i Israel.

Israelsk anrgep i Gaza by.

Israel har gjennomført luftangrep mot Gazastripa i stor skala onsdag.

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

Ein talsmann for Hamas seier at det er rapportert om luftangrep mot mål i Gaza by, Khan Younis og Rafah. Fleire politistasjonar tilhøyrande Hamas skal også vere ramma av angrep. Ti menneske er drepne i desse angrepa, blir det opplyst.

Også den israelske marinen har gått til angrep mot det dei kallar terroristmål på Gazastripa.

Væpna grupper

Talskvinne for den israelske hæren, Avital Leibovich, seier at angrepet var starten på ein operasjon som rettar seg mot væpna grupper på Gazastripa, etter dei mange rakettangrepa mot Israel den siste tida.

I ei fråsegn frå den israelske hæren heiter det at angrepa mot Gazastripa i ettermiddag rettar seg mot utskytingsrampar for dei langtrekkjande rakettane til Hamas.

Det heiter også at Israel er klar for ein bakkeoperasjon, om det skulle bli naudsynt.

Bjørn Hermann

Norsk-israelske Bjørn Hermann er talsmann for det israelske forsvaret.

Foto: NRK

Talsmann Bjørn Hermann seier at den israelske hæren har plukka ut angrepsmåla som vart ramma i dag gjennom fleire månader med iherdig etterretning. Han seier at Israel vil halde fram med målretta angrep mot område som blir brukte til angrep mot israelske borgarar.

Det israelske forsvaret opplyser i kveld at det israelske forsvaret har skote ned 13 palestinske rakettar. Men ein del rakettar har også landa inne i Israel, men det er uklart kor stor skade dei har gjort.

Ventar motangrep frå Gaza

Den israelske militærsjefen, brigadegeneral Yoav Mordechai, seier til den israelske fjernsynsstasjonen Kanal 2 at han reknar med nye rakettangrep mot Israel frå Gazastripa, og at folk i Israel må førebu seg på dette.

Han reknar med at offensiven mot Gaza vil vare i fleire dagar.

Mordechai seier at målet med angrepet både er å slå tilbake etter dei mange rakettangrepa mot Israel den siste tida, men også å prøve å hindre at Hamas og andre militante grupper greier å utvide våpenarsenalet sitt ytterlegare.

Israel meiner al-Jaabari blant anna var ansvarleg for bortføringa av den israelske soldaten Gilad Shalit i 2006. Han har lenge toppa Israel si liste over dei mest ettersøkte.

Ropar på hemn

Fleire hundre medlemer av den væpna greina til Hamas samla seg utanfor sjukehuset der al-Jaabari vart teken og ropte på hemn. Mange skaut i lufta med våpna sine, og det vart oppmoda om å samle seg i moskeane for å sørgje over den militære leiaren.

Ein talsmann for den islamistiske gruppa Jihad seier at Israel no har erklært krig mot Gaza, og at landet ber ansvaret for alle konsekvensar. Også Hamas har gjort det klart at dei vil halde fram den væpna motstanden mot Israel.

I dag vart det også skote rakettar frå Sinai i Egypt inn mot eit liten israelsk grenseby. Ingen vart såra i angrepa.

Angrep mot palestinsk militær leiar.

Fullt kaos etter at bilen til al-Jaabari vart treft av ein israelsk rakett.

Foto: MAHMUD HAMS / Afp

LES OGSÅ: Israelske fly angriper mål på Gazastripen

LES OGSÅ: Norge bekymret over opptrapping i Midtøsten

LES OGSÅ: Fire palestinere drept i Gaza

SISTE NYTT

Siste nytt