Hopp til innhold

Kongen i Spania meiner katalanske leiarar er uansvarlege

Spanias kong Felipe meiner katalanarane bevisst har gått utanom lova ved å halde folkerøystinga om sjølvstende til Catalonia. Kongen meiner dei katalanske leiarane har vore illojale, og at dei kan setje økonomien i fare.

Kong Felipe

KLAR TALE: Spanias konge Felipe går hardt ut mot katalanske leiarar i ei tale som vart sendt på TV tysdag kveld.

Foto: Reuters

– Uansvarleg oppførsel frå katalanske leiarar kan sette Spanias økonomi i fare, sa kong Felipe i ei tale tysdag kveld.

Det er første gong kongen taler offentleg etter den kaotiske folkerøystinga i Catalonia om lausriving frå Spania. Kongen er klar på at han meiner at folkerøystinga både var ulovleg og udemokratisk.

– Dette er ein svært alvorleg situasjon, sa kongen i tala, og meiner at katalanske leiarar har vist mangel på lojalitet.

Stor misnøye

I dag har rundt 300 000 menneske gått ut i gatene i Barcelona for å demonstrere. Dei er misfornøgde med måten spanske styresmakter prøvde å stanse folkerøystinga på søndag.

Katalanske separatistar og fagforbund har også oppmoda til generalstreik i protest mot politivalden. Over 800 menneske vart skadde i samanstøyt med politiet.

– I dag er det katalanske samfunnet delt og i konflikt, sa kong Felipe, og mana alle partar til å forplikte seg til å jobbe for eit samla Spania.

Patrons watch as Spanish King Felipe makes a televised address to the nation in Barcelona

Folk har samla seg på barar og restaurantar i Barcelona for å høyre kong Felipe tale til folket.

Foto: Yves Herman / Reuters

Ber om hjelp

Catalan President Carles Puigdemont and other dignitaries stand in Plaza Sant Jaume in Barcelona

SJØLVSTENDE: Presidenten til katalanarane, Carles Puigdemont, har varsla at han vil leggje fram ei erklæring om sjølvstende for regionforsamlinga.

Foto: Juan Medina / Reuters

Den spanske regjeringa har avfeia folkerøystinga som ein grunnlovsstridig «farse».

Katalanske styresmakter seier derimot at 90 prosent stemde for sjølvstende. Presidenten til katalanarane, Carles Puigdemont, meiner at regionen har vunne retten til ei sjølvstendig stat.

Både Puigdemont og ordføraren i Barcelona, Ada Colau, har bede EU om hjelp til å løyse krisa mellom Catalonia og Spania. Dei ønskjer at EU skal vere ein meklar i konflikten.

Onsdag denne veka skal EU-parlamentet halde ein ekstraordinær debatt, der folkerøystinga er tema.

Eitt samla Spania

Medan mange katalanarar no set sin lit til at Europa kan mekle i konflikten, var kong Felipe klar på at Catalonia skal vere ein del av Spania, også i framtida.

– Demokratiet er sterkt og solid, og er basert på eit ønske frå millionar av spanjolar som vil leve i fred og fridom. Det er slik vi har bygd Spania dei siste tiåra. Med autoritet skal vi fortsette å byggje Spania vidare, og Catalonia skal vere inkludert, sa kong Felipe.

SISTE NYTT

Siste nytt