Hopp til innhold

Barcelona-ordførar til NRK: Ber statsministeren ta ansvar og vil ha EU-hjelp

BARCELONA (NRK): Ordføraren i Barcelona meiner statsministeren må gå av etter valden mot katalanske veljarar. Samtidig set ho sin lit til at EU kan mekle fram ei løysing på konflikten.

Ada Colau

KREV RAJOYS AVGANG: Ordføraren i Barcelona, Ada Colau meiner statsministeren har kryssa ei grense med metodane politiet har brukt mot katalanske veljarar.

Foto: Jorne Van Damme / NRK

– Eg meiner at statsminister Mariano Rajoy må ta ansvar, seier ordføraren i Barcelona, Ada Colau til NRK.

Under folkerøystinga om sjølvstende i Catalonia i går, vart over 800 menneske skadde i samanstøyt med politiet. Den spanske regjeringa meiner folkerøystinga var ulovleg, og hadde gjeve politiet ordre om å stanse den.

Colau meiner regjeringa har handtert situasjonen dårleg, og krev at Rajoy må gå av.

– Rajoy har ikkje visst korleis han skal handtere situasjonen. I staden har han skapt ein situasjon med aggresjon mot fleire tusen menneske, seier Colau.

Spansk politi fjerner demonstranter utenfor et stemmelokale i Barcelona

HARDHENDT: Spansk politi fjernar demonstrantar utanfor eit røystelokale i Barcelona søndag.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Vil granske valden

Bileta frå Barcelona sjokkerte mange spanske TV-sjåarar. Dei viser politi som slår og sparkar demonstrantar. Politiet skaut også med gummikuler, og gatene var fylde med peparspray.

Colau har ikkje vore noko forkjempar for folkerøystinga, og ønskjer heller ikkje at Catalonia skal bli sjølvstendig. Men valden som vart brukt mot katalanarane i går kan ho ikkje akseptere.

– I går følte fleire tusen innbyggjarar seg hjelpelause, og dei vart angripne utan å ha gjort noko gale, seier Colau.

Den katalanske regjeringa har varsla ei grundig gransking av valden som spanske tryggingsstyrkar brukte mot dei som hadde møtte fram for å delta i folkerøystinga.

Håpar på dialog

Catalan President Carles Puigdemont and other dignitaries stand in Plaza Sant Jaume in Barcelona

SJØLVSTENDE: Presidenten til katalanarane, Carles Puigdemont, meiner at regionen har vunne retten til ei sjølvstendig stat.

Foto: Juan Medina / Reuters

90 prosent av dei som røysta i går, stemde for katalansk sjølvstende. Trass eit overveldande fleirtal til jasida, var det berre 42 prosent av dei som hadde røysterett som deltok.

Presidenten til katalanarane, Carles Puigdemont, har varsla at han vil leggje fram ein erklæring om sjølvstende for regionforsamlinga.

– Dei seier at dei vurderer å erklære sjølvstende. Eg meiner at det ikkje er ein god ide, og at det vil vere ein feil, seier Colau.

Men så lenge det ikkje er skrive under på noko, meiner ho at det framleis er mogleg å få til ein dialog.

Seks ting du må vite om krisen i Barcelona

Ber EU om hjelp

– Vi håpar og set vår lit til at Europa kan hjelpe oss. Sjølv om det ikkje er Europa si oppgåve å løyse denne konflikten, kan dei leggje forholda til rette, slik at det er mogleg å ha ein politisk dialog, seier Colau.

EU-parlamentet kallar inn til eit møte på onsdag for å diskutere situasjonen i Spania, opplyser presidenten i EU-parlamentet Antonio Tajani.

– Debatten skal dreie seg om grunnlova, rettsprinsippet og grunnleggjande rettar i Spania, sett i lys av hendinga i Catalonia, uttaler embetsmenn i Strasbourg.

SISTE NYTT

Siste nytt