Knallhard separatist ny leiar i Catalonia

55 år gamle Quim Torra er valt til ny ministerpresident i den spanske regionen Catalonia. Han er kjend som ein kompromisslaus tilhengjar av sjølvstende.

Quim Torra.

Quim Torra (55) vart i måndag valt til ny regionpresident i Catalonia etter Carles Puigdemont, som vart avsett i fjor haust.

Foto: Lluis Gene / AFP

Torra vart vald med knappast mogleg fleirtal, 66 mot 65 røyster. Han var den føretrekte kandidaten til ekspresident Carles Puigdemont, som har reist frå Spania i frykt for å bli arrestert. Han oppheld seg no i Tyskland, og er etterlyst av spansk politi.

Trebarnsfaren Torra er ein like glødande nasjonalist som Puigdemont, og han har gjort det klart at målet for arbeidet hans framleis vil vere sjølvstende frå Spania. Torra har fleire gonger kome med fråsegner som har vore klart spanskfiendtlege.

Hardt ut på Twitter

Carles Puigdemont.

Carles Puigdemont vart avsett som regionpresident i Catalonia i fjor haust.

Foto: Gregor Fischer / AFP

Han har vore ein ivrig brukar av Twitter, der han blant anna har skildra Spania som eit land som «eksporterer liding». Han har også kalla dei som ikkje forsvarar katalansk språk og kultur for «åtseldyr, slangar og hyenar».

Seinare har han bede om orsaking for desse ytringane.

Han sa i eit intervju i 2011 at han håpte at Spania ville bruke militærmakt for å stanse Catalonias forsøk på å lausrive seg. Det ville skape internasjonal sympati, meinte han.

I parlamentet måndag la han seg på ei meir forsonande line. Han gjorde det klart at han ville vere president for alle i regionen. Han avviste også at han var ein radikal separatist som ikkje vil bry seg om dei katalanarane som framleis vil vere ein del av Spania.

– Det er mogleg å finne ein felles veg, sa han blant anna.

Statsminister Mariano Rajoy gamblet og tapte

Kan Catalonia ha en president som styrer via Skype?

Kraftige sammenstøt mellom demonstranter og politi i Barcelona

Åtvaring frå Madrid

Xavier Domenech.

Xavier Domenech sa i debatten i det katalanske parlamentet at Torra ikkje er rette mannen som president.

Foto: Lluis Gene / AFP

Madrid-avisa El Pais kallar på leiarplass Quim Torra «ein mann for ekskludering og konflikt».

Spanias statsminister Mariano Rajoy har gjort det klart at han ikkje vil nøle med å avsetje endå ei katalansk regjering, dersom dei bryt spansk lov.

Røystetalet 66 for Torra og 65 mot, viser at han er ein omstridd person også i det katalanske parlamentet. Xavier Domenech, leiar for venstrepartiet Catalunya en Colu Podem, er klar på at Torra ikkje er rette mannen til å leie dei 7,5 millionar katalanarane.

Domenech minner om at 70 prosent av innbyggjarane i Catalonia også kjenner seg som spanjolar. I ei folkerøysting i oktober i fjor sa 90 prosent av dei 2,2 millionar som deltok i valet at dei støtta katalansk sjølvstende frå Spania.

I alt 5,5 millionar menneske har røysterett i Catalonia.

Quim Torra.

Quim Torra blir gratulert av kona Carola Miro (t.v.) og Marcela Topor, kona til Carles Puigdemont.

Foto: Albert Gea / Reuters

Skal møte Puigdemont

Quim Torra reiser alt tysdag til Berlin for å møte den avsette regionpresidenten Puigdemont. Han har gjort det klart at det viktigaste for han som ny president i Catalonia er at Puigdemont skal setjast inn som president igjen.

Puigdemont risikerer å bli arrestert om han kjem tilbake til Spania, og han kan bli tiltalt for å ha prøvd å organisere opprør mot spanske styresmakter.

Sammenstøt i Barcelona: Folk søkte dekning etter høye smell fra politiet

I Madrid er det er en stille frykt for en oktober-reprise

SISTE NYTT

Siste nytt