Laurdag kravde Den internasjonale domstolen (ICJ) at Israel måtte stoppe den militære aksjonen mot byen Rafah på Gazastripa.
Men kampane held fram.
Tysdag var det krisemøte i Tryggingsrådet i FN om situasjonen i Gaza.
Dei neste dagane skal dei drøfte korleis dei skal reagere på dei israelske angrepa. Det kjem truleg til å ende med eit forslag om resolusjon, trur jusprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen.
Jusprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / Universitetet i Bergen– Utforminga er ikkje kjent, men det er ganske truleg at ein vil legge seg ganske nært opp til formuleringane i ordren frå Den internasjonale domstolen.
Det er USA som sit på nøkkelen i denne behandlinga, men også dei begynner å kjenne på presset frå verdssamfunnet, seier Einarsen.
– Dei har på mange måtar halde ei hand over Israel, og gjort det umogeleg å stille israelske toppolitikarar til ansvar tidlegare. Men no ser vi at det har kome saker både frå Den internasjonale straffedomstolen og ordrar frå ICJ. Og USA er også bundne av ordren frå ICJ, og må respektere han.
Tryggingsrådet i FN har hatt fleire møte om situasjonen i Gaza. Her frå eit møte tidlegare i mai.
Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP/NTBUSA kan stemme blankt
Store konfliktar har ofte vist seg å gjere arbeidet i Tryggingsrådet vanskeleg fordi stormaktene har vetorett i rådet.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) sa til NRK onsdag at han er usikker på om USA vil legge ned veto mot eit forslag frå Algerie om å stoppe angrepa.
– Det blir særs viktig og interessant å sjå kva USA gjer, sa han.
Men USA kan også la vere å stemme om det skulle komme ein resolusjon på bordet, seier Einarsen.
– Ja, dei kan stemme blankt, og la resolusjonen passere, og med det bli ein bindande resolusjon som Israel og folkerettssamfunnet må respektere.
Dersom Tryggingsrådet ikkje blir samde, og Israel ikkje vil stoppe angrepa, er det mogeleg å prøve å få i stand sanksjonar.
– Men der vil USA kunne legge ned veto mot konkrete sanksjonar. Og då er det opp til enkeltstatar og samanslutningar utanfor FN som sette i verk sanksjonar.
Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Jurdisk bindande
ICJ er FNs hovudorgan for juridiske spørsmål, og behandlar strid mellom to land. Alle dei 193 medlemslanda i FN er medlem av domstolen.
Kravet om stans i krigshandlingane i Rafah kom etter det domstolen kalla ein katastrofal situasjon.
Jurist Cecilie Hellestveit ved Folkerettsinstituttet.
Foto: Christian Breidlid / NRKEi avgjerd i ICJ er juridisk bindande for FN-medlemmar, seier jurist og samfunnsvitar ved Folkerettsinstituttet Cecilie Hellestveit.
– Når det kjem ei bindande pålegg som dette, er det juridiske forpliktande for Israel, men også for alle dei som er statspartar i folkemordkonvensjonen.
Det vil seie at andre land ikkje kan levere våpen til Israel, eller gjere noko som kan medverke til at situasjonen forverrar seg.
– Når domstolen seier dette, blir handlingane til Israel tolka som noko som nærmar seg brot på folkemordkonvensjonen. Og det er det ingen som ønsker å bidra til, seier Hellestveit.
Presset mot Israel aukar
Men trass i pålegget frå ICJ, har Israel gjennomført fleire angrep mot mål i Rafah. Blant anna har teltleirar for flyktningar blitt trefte, og mange sivile er drepne.
Sterke videoar med brende og øydelagde kroppar etter angrepa har blitt spreidd i sosiale medium, og har skapt kraftige reaksjonar.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu har kalla tapet av sivile liv i Rafah for ei «tragisk ulukke».
Men hendingane kan vere eit vendepunkt, meiner mange.
Og i førre veke bad sjefaktor ved Den internasjonale straffedomstolen (ICC) også om arrestordre på Israels statsminister, forsvarsminister og Hamas-leiarar for å halde dei ansvarlege for krigsbrotsverk.
Alt i alt viser dette at presset mot israelske styresmakter aukar, seier Hellestveit.
– Presset mot Israel er no så unisont og blir utøvd på flater Israel aldri har opplevd før. Men det er stor usemje internt korleis dei skal stille seg til dette.